26 september, 2008

Løysingi på vandemålet

Medan den svokallade 'kristne' Bush vil gèra sosialistiske grìp for å 'redda' den amerikanske økonomien, burde han tenka meir kristeleg - falla på sitt andlit og ropa til Gud um hjelp, som det sømer seg ein kristen.
Her er kva profetinna Cindy Jacobs målber:

"Eg svarar på bønerne dykkar og har byrja med å reinsa Wall Street, avduka vondskapen og gìrugskapen i høgdene. Be no, og eg skal byrja å gi nasjonsleidarane visdom um korleides dei skal stogga gèldsåtaket som for tidi rår. Dette er ei korrigering. Um De ikkì ber no, kèm de til å gå i miss av vitjingstidi og økonomien kèm til å rausa saman, som kèm til å sveipa yver nasjonane som ein tsunami.

Denne bylgja skal råka jordi hardt, jamvel grøda skal bli påverkad. Det skal verta knapt um mat, hyperinflasjon og andre suter, serskilt kèm det til å råka dei fatige. Men," segjer Herren, " om mitt folk fell på sine andlet og ropar ut sine bøner til meg, skal eg høyra deim - og heila landi deira.

Høyr O jordis nasjonar. Svar meg med gråt og bøn og be for aksjemarknadane og dei økonomiske systema. Be for leidarane dykkar ogso, for jordi står fyre ei stor skaking - for reformar må eiga rom.

Reddest ikkì, og tru ikkì at eg ikkì kann heila - at eg ikkì vil høyra dykkar rop frå mi truna i himmelen. Øyro mine lyder etter dykkar gråt - og eg vil venda forbanninga vekk og blessa landi dykkar...

Eg trur Cindy Jacobs hev eit poeng her.

Lat oss alle be!

04 juli, 2008

Hev dei ikkì lært noko?

Det er Italia me snakkar um. Dei vil kasta ut sigøynarar – det vil segja, ev dei ikkì hev indentifikasjonspapir...

Ein skulde visseleg tru at Italia – som ei av aksemaktene under andre verdskrigen – og dels skuld i utryddinga av jødar, serbarar, sigøynarar og kristne som ikkì vilde bøya seg under Vatikanet – havde lært noko.

Men det hev dei altså ikkì.

Alternativt: det er byrjingi av den massive registreringi av menneska som må verta verdi til del anten fyre eller når antikrist kèm til makti, for innføringi av dyrets merke...

13 juni, 2008

Halelujah!

Arbeidarpartiet har opplevd sitt største månadlege fall på åtte år. Det skal det norske folk vera takksame på. Det einaste som manglar no er at dei held fram med å falla på same måten i eit halvt år til – slik at dei kjem ned på eit nivå som tilsvarar den reelle storleiken som Arbeidarpartiet bør ha – noko under ti prosent.

Men det avheng sjølvsagt av at folk byrjar å tenkja sjølv. Og det har jo stort sett Arbeidarpartiet gjenom Einskapsskulen gjort kva dei kan for å forhindra – dei seinaste 60 åri.

Det er difor eit godt bøneemne for alle kristne dette – å be om at fallet held fram.