13 juni, 2008
10 juni, 2008
Kor er gjenfødinga?
Ein må undra seg over enkelte kristne – serleg mange av deim som vert rekna som framståande kristne – og som tykkjer at noko av det verste som hev råka dei kristne verdi over; var reformasjonen.
Det kann ikkì vera anna enn rein blindskap.
Havde det ikkì vore for reformasjonen – vilde det idag truleg knapt vore kristne i verdi.
Ta til dømes Shane Claiborne som bur i det fatigaste distriktet i Philadelphia. Han lever på 750 kroner i månaden og meiner at den største tragedien ved reformasjonen var skiljet millom tru og gjerningar.
Tenk so blind det er råd å verta.
Reformasjonen var jo nett ei uppgjerd med tanken um at ein kann gjera seg fortent til himmelen med eigne gjerningar – millom anna det at ein ved avlat kunde kaupa seg rom i himmelen. Den protestantiske forståingi derimot er at gjerningane er ei frukt av frelsa – og ikkì motsett. Det var ei lausriving frå det loviske – frå Babylon som fekk eiga rom.
For all del – i mange samanhengar er evangeliet blitt gjort so "lett" at det faktisk ikkì er eit evangelium meir – utan at nokon ropar og seier frå um det.
Samstundes er det jo lett å skyna at Claiborne meiner det han gjer. Han hev jo fått upplæring frå mor Teresa – som til det siste tilba Maria – himmeldronninga – Babylons gudinne.
Ein kann undrast – er det slike tilstandar Claiborne vil attende til?
Tanken hans um at Jesus var "heimlaus" held helr ikkì mål. Jesus var "omreisande" – han var ikkì "heimlaus" – og det er ingenting som tyder på at Jesus var direkte "fattig" helr, sjølv um det ikkì er sagt nokon stad at han var "rik", i vår skyning av ordet.
Han hev nok rett i mykje av sin kritikk når det gjeld "kristent arbeid" som helr er "kristeleg" enn "kristent" – men derifrå til å femna den babylonske religionen med tilbeding av sola – det vitnar lite um å vera gjenfødd – som han snakkar so varmt um.
