27 mai, 2008
Trur du på exorcisme?
Har du sett katolikkar (d.e. katolske prestar) utføra ein exorcisme? Ja, film – ikkì spelefilm – men dokumentarfilm – er akseptabelt.
Det har eg. Og det skræmer meg.
No hev det norske bispedømet under Vatikanet fått sin eigen eksorcistprest.
Det skræmer meg endå meir.
Årsaka til det er at ingìn tykkìst å reagera – svo lenge det er ein katolsk prest som skal utføra riten med ”heilagt vatn” og mange symbol på.
Det er tydeleg at Hollywood hev vunne fram med sine sublimerte påstandar um at den romersk-katolske kyrka er den ”rette” kyrka – og at det er desse som verkeleg representerar Gud.
Det er ikkì minst skræmeleg.
For den romersk-katolske kyrka er ingi kristi kyrke. Det tyder ikkì at det ikkì finst kristne i denne kyrka – for det gèr det: Men Guds ord byd alle som er medversmenn i kyrker som ikkì bøygjer seg for Guds Ord i eitt og alt – og gå ut frå deim. Det står eintydig i Openberringsboki.
Hev du forresten lese kva det stend skrive at meisteren sjôlv, Jeshua/Jesus gòrde då han exorcerte demonarne? Han tala berre til deim med autoritativ røyst, han korkì skreik eller hylte eller bruka ”heilagt” vatn.
Han sa dei skulle fara ut – og ut fòr deim.
Kvifor set ikkì menneske (serleg attfødde kristne) sin lit til Gud idag – og gèr det same? Det er i Guds Ord – og ved Jesu blod me hev kraft og autoritet til å driva det ureine ut – ikkì med hjàlp av symbol og ”heilagt” vatn (som forøvrig helst er vanhelga!)
For å segja det med bergensarane: Piss meg i øret!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
