11 oktober, 2007

Dela Jerusalem – ja, gèr svo vel!

Det stend eit vers i Forkynnaren – Salomoboki i det gamle testamente, som lyder sosso:

«Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.»

Lat meg umskriva dette verset lite grann:

«Gled deg, du menneske, og legg fram planar um å dela Jerusalem, og gå på dei vegar du sjôlv tykkìr verkar rette – og fylg eftir dei propagandistiske tankarne du sjôlv tykkìr verkar viselege. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.»

Og, ja, eg kann segja dette med tryggleik og vissa, for Gud segjer sjôlv i sitt ord at:

«For sjå, i dei dagarne og det bilet, då eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, då vil eg samla alle folki og føra deim ned i Josafatsdalen og der halda dom yver deim for mitt folk og min eignalut Israel skuld, som dei spreidde millom folki, og mitt land hev dei bytt. Um mitt folk drog dei strå, gav ein gut for ei skjøkja, og ei gjenta selde dei for vin, og so drakk dei. Og kva vil det meg, Tyrus og Sidon og Filistar-bygder alle? Er det attergjeld mot meg det vil, eller vil de gjera meg eitkvart? Ovleg brått dykkar verk eg vender imot dykk sjølve… [hald gèrna fram med lesingi…]» (Joel 3:6-9 [osb])

Dette hev ikkì hend enno, og difor må det naudsynleg nok henda i framtidi. Og eg må medgì at eg trur ikkì det vert svo lenge til…

1. I dei dagarne og det bìlet, då eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem. [Det er i desse siste dagar, frå 1948 og fremetter]

2. Midt i Josafatsdalen ligg FN sitt hovudkvarter i Israel, og her skal nasjonane samlast – ikkì for å fordøma Israel, men for å verta dømde av Herren Gud.

3. Der skal dei dømast av di dei ”delte Guds land”, og avdi ”dei spreidde Guds folk millom all verdis folk”.

4. Serskilt nemner Gud Tyrus og Sidon (Libanon) og Filistarbygdene (Gaza). Andre stader i Ordet stend det skrive tydeleg identifisert andre statar (PA på Vestbarden; Jordan, Syria, Irak, Egypt, Iran…)

Og svo ser me stendig fleire dumme – ja det finst ikkì onnor ord å bruka for den som vil tala sanning – politikarar, som vil dela Jerusalem? Denne byen som ikkì eingong er nemnd i koranen – men meir enn 800 gonger i Bibelen?

Nei, vakta dykk, folk, svo ikkì Guds dom skal koma yver dykk. Og domen kem, eva ikkì på det. Anten ein no heiter George Bush, Kjell Magne Bondevik, Ola Dunk eller Ehud Olmert – den som røyver ved Guds augnestein – skal falla i den lìvande Guds hender!

Ære være Gud, Han som var, er og vera skal – i all æva!

08 oktober, 2007

Syrgelege saker

I eit intervju med den arabiske TV-kanalen Al-Arabiya uttaler den amerikanske presidenten at han trur at all verdis menneske, anten dei no kaller seg muslimar, kristne – eller kva religion det no skulde vera, ber til den same Gud.

I det same intervjuet sagde han ogso:

«Eg trur det finst ein universell Gud. Eg trur at den guden muslimarne ber til er den same Gud eg ber til. Trass alt kjem me alle frå Abraham. Eg trur på den universaliteten.»

Det er syrgelege saker.

For det viser utan eve at president George W. Bush ikkì er ein kristen, eller for å segja det på onnor vis – han er ikkì meir enn kristen i namnet.

Men Gud har sagt oss, i det første bodordet:

«Eg er JHVH, din Gud, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset. Du skal ikkje hava nokon annan gud attåt meg!»

Dette bodet er skrive refleksivt, slik at andre helvta av det peikar attende på fyrste helvta. I fyrste helvta er Gud namngìve. Namnet hans er JHVH. Ingen andre namn er gìve. Det er dette namnet som vert umsett med Herren i dei fleste bibelumsetjingar, og det viser oss at det einast er JHVH (merk! Ikkì Jehova!) som er den Gud som førde israelsfolket ut or egyptarlandet, og slavehuset. Me skal ikkì hava andre gudar enn Han (JHVH).

Det tyder ogso at JHVH (namnet) ikkì er den same som ”allah” (titel, nemning) – og når Bush då segjer at han trur på same Gud som muslimarne – kan han ikkì – per definisjon – tru på same Gud som dei kristne.

Forvitneleg nok er George W. Bush medversmann i den okkulte rørsla Skull and Bones Society (Han skriv sjølv um dette i boki: "Avec L'Aisle de Dieu"). Banda for denne rørsla til frimurarrørsla er sterke – og framståande eks-frimurarar har informert verdi at ein i frå 31. grad av – ikkì lengre brukar Bibelen å sverga på – men koranen.

Superfrimuraren Albert Pike styd òg dette – då han segjer at frimureriets gud er Lucifer. Bush trur no altså på same gud som Osama bin-Laden, paven, Hitler og mengdor av andre. Men han trur ikkì på same Gud som meg.

Synd for honom. Me kunde ha vore kristne brøder, men det er me altså ikkì.

05 oktober, 2007

Klart kyrka vil standa!

Fleirtalet av norske bispar segjer ja til vigsling av homofile, både i ekteskap og presteteneste, og det medfører at mange med rette melder seg ut or kyrka, skriv og segjer fleire. Og det hev dei rett i. Men samstundes snakkar dei um den norske statskyrka som den einaste representative lìkamen for Guds rike her til lands – og nokre sår eve um kor vidt kyrka kem til å verta standande eller ikkì, medan andre er tydelege i at kyrka garantert kem til å standa. Når det geld den norske kyrka er det eigenleg revnande likesælt. I alle høve for meg. For kyrka er ikkì nokon organisasjon, mén tverrsnittet av deim som trur på Gud – og opnar hjartedyrrene sine for Honom. Den norske kyrka kan difor falla – men Guds kyrke vil standa for det, sossom Ronald Fangen skriv det i sin kende song:

Guds menighet er jordens største under! Mens verdens skikkelse i hast forgår Er Kristus i all evighet den samme, Og fast hans rike på sin klippe står. Mens verdensriker stiger og de synker, Går kirken mot fullkommenhetens vår!

Eller jamvel den gamle salmen som Nikolaj Frederik Severin Grundtvig i si tid skreiv, og eg bed deg merka deg sjôlv det som stend kursivert (mi kursivering)

Kirken den er et gammelt hus, Står, om end tårnene falde; Tårne fuldmange sank i grus, Klokker end kime og kalde, Kalde på gammel og på ung, Mest dog på sjælen træt og tung, Syg for den evige hvile.

Himlenes Gud vist ej bebor Huse, som hænder mon bygge, Arkepaulunet var på jord Kun af hans tempel en skygge; Dog sig en bolig underfuld Bygged han selv af støv og muld, Rejste af gruset i nåde.

Vi er Guds hus og kirke nu, Bygget af levende stene, Som under kors med ærlig hu Troen og dåben forene; Var vi på jord ej mer end to, Bygge dog ville han og bo Hos os i hele sin vælde.

Til sist vil eg atter herma noko eg hev hermd fyrr: Ikkì gå i kyrka, vér kyrka!

04 oktober, 2007

Ufatteleg dumme menneske

Nyss var Irans president Ahmadinejad på vitjing i New York City, der han millom anna tala både til generalforsamlingi i FN – og på Columbia University. Ein av dei tingi han sagde voro at ”det finst ikkì homofile i Iran”. Dette viser den islamske strutsementaliteten i eit nataskal.

Eg er freistad til å segja ”han um det”, men han tek jo sjølvsagt feil, utan at eg kann henda burde géra eit poeng ut av dette.

Det fær svo vera.

Det at ein neittar å sjå ei sanning i augo tyder ikkì at det ikkì er sant. Det finst jo jamvel kart i den muslimske verdi der staten Israel ikkì eingong finst på kartet – og det tyder jo ìkki at staten ikkì finst.

Lat meg trekka fram ein eminent og viktug kronikk. Eg plar ikkì vera samd med Unni Wikan, men den 6. januar 2007 skreiv ho ein eminent kronikk i Aftenposten, der ho viste til at ikkì berre finst det homofile i dei islamske samfundi, men til yvermål.

Dei er jamvel akseptert på eit langt høgare nivå enn her i Vesten – der dei skrik seg håse etter å okkupera kyrka – for å hevda at dei er skapte sovore.

Det er dei sjôlvsagt ikkì. Mennesket vart skapte til mann og kvinne – i Guds bilæt, for å lìva saman som mann og kvinne – og få born saman.

Å vera homofil – og søka å leva ut eit liv som er i strid med naturen – er eit val sume menneske gér. Det er korkì genetisk, eller innbakt i DNA. Det er eit upprør mot Gud. Og det faktum at dette er akseptert i svo høg grad innan islam – viser ikkì minst at islams gud, måneguden allah, ikkì er den same som Bibelens Gud.

Og svo går fleirtalet av bispane laus på saki og hevdar at dette var skrive i kunnskapsløyse? Det er ufatteleg kor dumme menneska kann bliva, anten dei no er president i Iran – eller bispar i den norske kyrka.