Kann ein eigenleg med godt samvit halda fram med å røysta Kristeleg Folkeparti lenger – under den fyresetnaden at ein er ein atterfødd kristen? Eg trur at den tidi er forbi. Kristeleg Folkeparti har rett nok aldri vore mitt parti, men det er ei heilt onnor sak. Det hev seg nemleg sovore at etter at Kjell Magne Bondevik kom inn i partiet for mest 40 år sidan, hev partiet litt etter litt vorte både a) utvatna på teologisk grund, og b) verdsleggjord i alt som hev med politikk å gera. Men kva er det apostelen Paulus (Sha’ul) segjer um dette? Jau, i Romarbrevet 12:1-2 segjer han: ”So legg eg dykk då på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bjoda fram likamarne dykkar til eit offer som er livande og heilagt og hugnadlegt for Gud - det er dykkar åndelege gudstenesta - og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men umlagast med uppatnying av hugen dykkar, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.” Her er primærpunktet KrF hev svike kristenfolket på. For dei hev gìnge i tvospann med vantrui, og på det viset lete vore å bjoda fram eit lìvande, heilagt og hugnadleg offer for Gud, men i staden vald å fylga denne verdi sin politiske filosofi, um korleis ein ved sosialistiske maktmått skal innføra likskap millom folk. Det må naudsynleg nok slå feil ut. Det kann ikkì anna. For likskap kann ikkì genomførast i det fysiske, berre i det åndelege, som ogso reformistane sagde det, fyrr frankarsosialistane frå 1789 av byrja å forkvakla bodskapen ved å sekularisera han: ”Fridom i sôli, likskap for Gud, og brorskap millom menneska”. Der ligg løysingi, men det høver ikkì inn i Kjell Magne Bondevik og den kristensosialistiske eliten sitt verdsbilæt. Dei tenker einast makt, makt og makt – utan å ta Gud med i maktplanarne. Då må det gå gale. Difor hev ogso Gud lete Kjell Magne Bondevik fara vilt i den syndi han hev kjost seg. Forakt for Israel. Og då må det, til sjuande og sist, gå som det stend i 1Mos 12:3 -: ”Den som talar vel um [Israel] skal eg blessa, og den som talar nedsetjande um [Israel] skal eg forbanna”. Kristeleg Folkeparti kem truleg ikkì, med mindre dei gìng på kne i gråt og bøn – nokon gong meir å koma til makt att.
17 juli, 2007
11 juli, 2007
Um å vitna falskt um nesten...
Eit nytt skriv frå den romersk–katolske kyrka vekker merkeleg nok protestar frå evangelikalt hald. Det er spennande. Ikkì minst sidan den romersk–katolske kyrka ikkì hev fengje nemneverdig kritikk frå dette haldet dei seinaste 50 åri.
Vatikanet hev nemleg nyss utstade ei ny lære som hevdar at den romersk–katolske kyrka spelar ei viktugare rolla enn andre kyrkesamfund. Det segjest ogso i same dokumentet at ”kyrka som vart grunnlagt av Jesus Kristus vert uppretthalden genom den katolske kyrka”. Bak desse utsegnene stend den svokalla ”kongregasjonen for truslæra i den katolske kyrka”, betre kend som ”det heilage kontor” – eller ”inkvisisjonen”.
Dette hev dei både rett i – og tek feil i. For den romersk–katolske kyrka som institusjon spelar ei sovidt sentral rolla – i det at dei er motbildet på den sanne, lìvande kristne kyrka – Jesu Kristi heilage lìkam, som ikkì er bygt upp av sôllause bygningar og sôleleg daude geistlege skrottar, og med ei læra som er basera på den eldgamle babylonske gudedyrkingi.
Kristi kyrka finst verkeleg konkret på jordi, ho er sett saman av alle lìvande, evangelisk–truande menneske som hev sett sin lit til Jesus, ikkì til tomme dogmer og ritual.
I same dokumentet segjer inkvisisjonen – og held dermed i hevd sin sanne sed – at protestantiske kyrkor ikkì ”hev halde den evkaristiske tilstadeveringi i hevd, ikkì nyter apostolsk suksesjon – og difor [eigenleg] ikkì kann kallast kyrke i ordets rette forstand.”
Snakk um å snu ting på hovudet.
Men dersom det er den romersk-katolske modellen som ligg til grunn for argumentet, så er det sjølvsagt rett.
Legg ein derimot Bibelen til grunn for definisjonen “kyrke”, ekklesia, utkalla forsamling av truande, svo er det den romersk-katolske modellen som er ute å køyra. Og då fell heile argumentasjonen deira.
Den protestantiske biskopen Wolfgang Huber i Berlin, let seg fornærma av utspelet. Eg berre lér. For Jesus har då vitterleg sagt at “hev dei forfylgd meg, skal dei òg forfylgja dykk”.
Biskop Friedrich Weber klagar Vatikanet for å “fjerna seg ytterlegare frå den ekumeniske røyndomen”. Godt er det. For då kann kann henda resten av den protestantiske kyrka – som hev leflad med den store skøka endeleg få augo upp for det faktum at tverrkyrkelegskap, kristne imillom, er gode greier, men ekumenisme – religionsblanding – er låke saker.
10 juli, 2007
Er det tyske folk eit glupt folk?
Det tykkjest meg vera ei sunn avgjerd.
For kvifor skal me tru på ein svokalla kyrkeleidar som hevdar seg å vera overhovud yver heile den kristne kyrka, og ufeilbar i lærespursmål – når han forkynner i strid med Guds Ord?
Jesus hev sagt eintydig at me ikkì skal kalla noko menneske for ”far” (papa, pave). Difor, ikkì minst bør styra langt undan klørne åt leidaren for denne styggedomen som den romersk–katolske kyrka er.
Men meir enn det. Både førre pontifexen (”paven” kallar seg sjôlv for ”Pontifex Maximus” som upphaveleg var titelen for Jupiterdyrkarane i det gamle Rom) og denne manar til tru og tilbeding av Maria møy (som romarkyrka hev forvrengt til å verta himmeldronningi, guddomen frå Babylon).
Som ikkì det voro nok var Ratzinger medversmann i Hitlerjugend under krigen – og det å sanna at det er sant – er ikkì det same som å be um orsaking for det synet ein då stod for. Serleg ikkì når ein freistar orsaka det burt med at han var ung og vankunnig.
Difor bør me slå fast at det tyske folket – i denne saki – er all ære verd. Dei hev gått fyre oss med eit godt fyredøme – og vist verdi kven dei ikkì hev lit til.
Me burde fylga i deira fotefar.
02 juli, 2007
Er samandingsteoriane i ferd med å verta provd?
Samandingsteoriane hev vore mange – og fargerike. Men det dei fleste er samde um er at det er utenkeleg at det var den, av Warren-kommisjonen, påklaga Lee Harvey Oswald, som var den skuldige.
Det hev vore framsett teoriar om skôtt over den grøne kollen like ved – i motsetnad til frå Skuleboklageret, slik Warren-kommisjonen slutta seg til.
No har eit team av italienske ekspertar utført nye testar på rifletypen Mannlicher-Carcano som påståeleg vart nytta, av Oswald, for å genomføra dråpet på presidenten.
Ifylgje fundi som i si tid vart presenterte av Warren-kommisjonen vart det hevda at Lee Harvey Oswald skaut trì skôtt med rifla på sju sekundar.
Problemet var at Oswald var ein lôk skyttar – og sjølv militæret sine kyndige skyttarar den gongen havde vandskar med å skyta trì skott svo snøgt. Kor mykì meir vandt vilde det ikkì då hava vore for ein treven skyttar?
No hev altså italienske militære ekspertar slege fast at det kan ha vore mogleg å genomføra skytingi slik på den fatale dagen i Dallas i 1963. Nye testar viser at rifletypen Mannlicher-Carcano krev 19 sekundar for å avfyra de tre skôta.
Ei onnor sak er spursmålet um trollkula. Det er kula som ifylgje Warren-kommisjonen gjekk gjenom Kennedy, og deretter gjenom Texasguvernøren John Connelly og inn att i låret hans – utan å ta skade av det.
I testane som er genomførde vart ei lik kule avfyrd med same våpen mot eit stort køtstykke. Kula, som gìkk genom køtstykket ein gong, vart deformert. Grundigare undersøkingar vart òg tidlegare i år genomførde i USA – og kom ut med nokorlunde same konklusjon: Det er utenkeleg at Oswald var åleine.
For svo å herma Jim Garrison, som i si tid tok upp saki i det amerikanske rettsapparatet. ”Dersom det finst meir enn ein skyttar, så må det ogso vera udiskutabelt at det er snakk om ei planlagd hending – og dermed med andre ord ei samanding.”
Står me no nær den dagen då me skal få vita kven som dråp Kennedy, kven som gav ordren, kven som ordna med midlane, og korleides det heile vart gjort? Lat oss vona det. For skuld ”demokratiet”.
