30 april, 2007

Bondevik ger det enno ein gong

Kva då?

Svaret er at han nækjer Gud, til fyremun for eigi sak og ære. I og med at han no tek til orde – for um at Kristeleg Folkeparti bør fjerna vedkjenningsparagrafen – det vil segja at ein ikkì treng vera truande kristen – ja, endå til ikkì treng tru på Gud for å inneha leidande verv i partiet.

Kjell Magne Bondevik ynskjer jamvel å opna dørarne for muslimar inn i partiet – jamvel i leidande stillingar.

Dette til trass for at muslimarne trur på ei lære som på dei mest sentrale punkta er diametralt motsett av kristendommen – men ogso trur på ein annan gud. Den arabiske måneguden, allah.

Men kva tyder vel det når det er menneskeleg ære og eit stort namn for ettertidi som glimar i det fjerne?

Bibelen segjer eintydig:

”Kva gagnar det eit menneskje å vinna heile verdi, men tapa sjæli si?”

Difor er eg ikkì svo trygg på at Kjell Magne Bondevik sitt ettermæle blir svo mykì betre millom kristne enn ein annan nordmann med fyrebokstavarne VQ hev millom nordmenn elles. For dette er eit svik.

Kristne er no heilt blitt partilause i Norìg.

FrP nærmar seg meir og meir for kvar dag som går til å bli eit sosialdemokratisk parti, og samtlege adre parti ligg i posisjon vìnstre eller vìnstre-sentrum.

Kva skal dei som trur på Gud gera då? Å skipa eit nytt parti hev lite fyre seg.

Men for å venda attende til KrFs vedkenningsgrundlag:

Inne i kuppelen i den svokalla ”Klippedomen” i Jerusalem stend det skrive eintydig:

”allah hev ingìn son, seg ikkì at han hev ein son, tilbed einast allah!”

Men Bibelen segjer utvìtydig:

”Mine kjære! tru ikkje på kvar ei ånd, men prøv ånderne, um dei er av Gud! for det er mange falske profetar gjengne ut i verdi. På det kjenner de Guds Ande: kvar ei ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er av Gud; og kvar ei ånd som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er ikkje av Gud; og dette er åndi til Antikrist, som de hev høyrt um at ho kjem, og ho er alt no i verdi.” (1Joh 4:1-3)

Og:

For mange forførarar hev gjenge ut i verdi, som ikkje sannar at Jesus er Kristus komen i kjøt. Dette er forføraren og Antikrist. Vara dykk at de ikkje skal missa det de hev arbeidt dykk til, men må få full løn! Den som gjeng på avveg og ikkje held ved i Kristi læra, han hev ikkje Gud; den som held ved i læra, han hev både Faderen og Sonen. Dersom det kjem nokon til dykk og ikkje fører denne læra, so tak honom ikkje inn i huset, og bjod honom ikkje velkomen! For den som byd honom velkomen, vert medskuldig med honom i hans vonde verk.” (2Joh 1:7-11)

Klarare tale, Bondevik, skal du leita lenge eftir. Opnar du dørarne for muslimar i Kristeleg Folkeparti – vert du skuld i deira vonde verk!

Ære være Gud, Han som var, er og vera skal, frå æva til æva!

Amen!

28 april, 2007

Trìeininga - og dyrets merke

Kva??? Korleides i all verdi kann du trekkja samanlikningar millom trìeininga og dyrets merke, Lars-Toralf???

Jau, no skal du høyra…

På same måte som det finst ei ekte trìeining; finst det sjølvsagt ei falsk trìeining ogso:

1. Draken (satan; merk med liten s, då dette er ein titel, ikkì eit namn!)

2. Antikrist (som ikkì berre tyder mot-Kristus, men ogso i-staden-for-Kristus og motsett-av-Kristus [spegelvend?])

3. Den falske profeten (paven?)

Som i dei aller fleste adre høve, er det sjølvsagt eit vilkår for at det skal finnast noko falskt – at det finst noko ekte det falske kann vera eit spegelvend bilæte på. Ev[1] det falske ikkì er ei herming, eit motbilæte – svo kann det, per definisjon ikkì vera falskt).

Til dømes: Ev Jesus sjølv var høgrehendt, vil det ikkì vera urimeleg å segja at antikrist kann vera venstrehendt – men tru ikkì dermed på at det er noko gale i å vera venstrehendt,[2] det kann like gerna vera motsett. Det skal eg koma attende til.

I går skreiv eg um det hebraiske teiknet Shin (Sh,ש) vitnar um trìeininga av di teiknet er eitt, men hev trì armar som strekker seg oppetter. Men det finst ein nærliggande parallell, og det er ei trìdobling av det hebraiske teiknet Vav (V,ו). Det skal ikkì stor kynd i pynteskrift for å gera tre V’ar (ווו) um til noko som liknar ein Shin (ש).[3]

Eg nemnde ogso i går korleides fylakteriet som ortodokse jødar brukar når dei ber (bønereimene) er smykka med bokstaven Shin (ש) som tyder Shaddai (den Allmektige). Jødarne ber denne på vìnstre hand/arm og panne, og dei brukar høgre handa til å strama henne med.

Hei, vent no litt. Er det ingen som hev set dette fyreåt? At dyrets merke – av apostelen Johannes er fyresagt å skulla vera spegelvend av kva bønereimene og fylakteriet er? At mange teologar søv – det er ikkì vandt å skyna – men det ser visseleg ut at mange av kristenfolket søv òg.[4]

Av dei ovannemnde grunnarne er det ov-vìktug at kristne styd seg ikkì berre på trìeininga – men ei bibelsk skyning og utlegging av trìeininga – ikkì ei romersk-katolsk utlegging, som eg ogso sagde i går. Ev ein nyttar seg av den romersk-katolske skyningi av trìeiningi, tek ein bilætleg tala ein stykk Shin (ש) og riv han i fillebitar og ger han til trí stykk Vav (ווו).

Det er fyrste trinn på vegen til fråfall.

Det kann derfor vera på sin plass å stella spursmål ved um den athanasianske truvedkenningi, slìk ho fyreligg idag, og som deler Gud inn i tre ’personar’ i staden for trì ’einingar’ (trì-eining) eigenleg er i pakt med Bibelen. Men det kann eg ikkì ta endeleg standpunkt til – fyrr eg hev funnì ut um den upphavelege teksten segjer ’personar’ eller ikkì.[5]

Ære være Gud, Han som er, var og vera skal, frå æva til æva.

Amen!

Bokstyd:

[1] Nynorsk variant av det engelske ”if”, same som ”dersom”, berre lettare.

[2] Det finst ei gamal ovtru, som den katolske kyrka hev vidareført – det er at det er syndig å skriva med venstrehand – av di djevelen gjorde dette (diverre vart dette som ovtru vidareførd inn i protestantismen genom folketrui, og vart aldri teke uppgjerd med fyrr i vår ættlìd. Det engelske ordet ’sinister’ [skummel, mystisk, ein som driv med okkulte gjerningar] kem frå det latinske ordet ’sinistrio’ som tyder ’vìnstre’ – med referanse til at ein for å skriva baklenges/spegelvend (som ein ofte gjorde (ger?) i okkulte sirklar for å dylja det som eigenleg stend skrive der skreiv lettare med vìnstrehandi. (Du kann lesa um mange namngjetne vìnstrehendte personar her)

[3] Her er det ov-vìktug å skyna at eg ikkì snakkar um W, men V. Internett (World Wide Web, WWW) hev inkjevetta som sovore med antikrist å gera – sjølv um det ikkì er urealistisk å tru at dei kem til å nyttegera seg av noko liknande. Det hev jo ogso i seinare tid vore dryft ei deling av internett i ein offentleg og ein privat sektor. Med offentleg meinest då ’løynleg’, ’duld for folk flest’ (umsett til latin vert det Occultus). Legg ogso merke til at det ligg ei dubbelbotn i mykì av det som stend skrive i Skrifta (Bibelen) – og det kann tyda at dyrets merke ikkì berre er sekshundradeogsekstiseks (666), men ogso seks-seks-seks (666,[ווו]).

[4] Vel verdt å merka seg at eftir latinsk talrekning svo utger paven sin titel (Guds sønns stadfyretrédar) VICARIVS FILII DEI (talbokstavarne uthevad her ”VICarIVs fILII DeI” verdien 666.) Korsom er, er det fyrst og fremst vìktug når ein reknar med talverdiar at ein held seg til det hebraiske språket (sekundært det græske). Latin er uinterressant i Bibelsk samanhang).

[5] Denne tanken var det ogso som til sjuande og sist førde til splittringa millom aust-kyrka (Konstantinopel) og vest-kyrka (Rom), og som hev førd til at store delar av den ortodokse kyrka framleides ikkì reknar romarkyrka for ei kristen kyrke å vera.

27 april, 2007

Trìeininga – enkelt og vandt på ein gong

På fleire bloggar hev det vore dryft i seinare tid um trìeininga (treénheten, treenigheten) og det hev vore framstild fråsegner som, til dømes:

“Treenigheten er noe av det mest grunnleggende for den kristne tro, begynner man å tukle med den så blinker det stor varsko for meg iallfall”

Det er både rett og gale på ein gong. For trìeininga er alt blitt tuklad med svo det forslår. Det er dét som er vandemålet – og som hev førd til alle mistolkingane. Og det er den romersk-katolske institusjonen (les: den store skøka) som stend bak heile tuklingsverket.

Alt i alt er trìeininga sers lett å skyna seg på, sjå berre her:

I upphavsboki stend det å lesa:

“So skapte Gud menneskjet i si likning, i Guds likning skapte han det, til kar og kvinna skapte han deim.”

Her ligg det meste av det du treng vita um trìeininga å finna.

Mennesket vart skapt i Guds likning. Me er altso kopiar av Gud – på sett og vis – undanteke at me ikkì er Gud. Dette vert understrôke av både David:

“Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand, kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom! Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom. Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter: Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki, fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar.” (Salme 8)

Og av Salomo:

“Eg såg på det strævet som Gud hev gjeve mannsborni å stræva med. Alt hev han laga fagert til si tid, ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann finna ut frå upphav til endes det verk som Gud hev gjort.” (Forkynnaren 3:10-11)

For å parafrasera David: Når Gud skapte mennesket gjorde han det likt seg sjølv, i alt utan guddommen.

For å parafrasera Salomo: Når Gud skapte mennesket la han æva ned i hjarto deira, slìk at dei fekk ævelengsle – men ikkì guddommeleg visdom til å skyna kva det gìkk ut på.

For svo å snu det heile litt på hovudet, kann me segja det sosso dette: På same måten som eit menneske hev Ånd, Sôl og Lìkam – hev ogso Gud det. Den Heilag Åndi, Sôli [egoet] (Gud); og lìkamen (Jesus).

Medan den katolske kyrka hev plukka trìeiningi frå einannan og set skil millom dei tre einingane i trìeininga – (dette vil visseleg neitta at dei hev gjort!) er det reelle i trìeininga at ein ikkì kann skilja dei frå kvarandre. Sosso er det ogso med oss. Riv du lìkamen sund, døyr resten, plukkar du åndi i fillebitar, døyr resten av oss – i alle høve biletleg.

Gud er. Gud var. Gud skal alltid vera.

Det er ogso ein del av dette med trìeiningi.

Herrens namn (JHVH,יהוה ) vitnar um dette. I namnet ligg nemleg fylgjande skyning, som Gud sagde til Moses då han stod fyre den brennande busken i Midjan.

Guds namn er:

HAJAH, V’HÅVEH, V’JIHIJEH (Han som er, var og vera skal). På hebraisk skrivst dette sosso: HJHVHVHVJHJH, היהוהוהויהיה .

Dette inneheld då: Tre J’ar [jod] (י), Tre V’ar [vav] (ו) og Seks H’ar (he) (ה). Av dette kann ein forma namnet JHVH trí gonger. Gud er altso trì i ein.

Enn vidare. Eit anna av Guds namn er ECHAD (AChD, אחד) – Namnet tyder EIN, men hev trì bokstavar. Det er ogso akronym for “Emet, Chayim, Derekh – Vegen, Sanningi og Livet” – som vitnar um at Jesus er vegen; Gud er Sanningi (bunden form, eintal) og Åndi er Livet (Åndi vart blæse inn i menneskets nôsa for å gi liv!).

Eit anna Gudsnamn er Shaddai (det tyder allmektig!) og skrivest (ShDJ, שדי). Men ofte (t.d. på fylakteriet (bønereimene), og på mezuzoten (dørkapselen) vert det hermd med berre bokstaven Shin (ש). Denne bokstaven er éin, men hev trì greinor som strekk seg oppetter, og vitnar um Guds namn, Guds einskap og eigenskap.

Ev ein freistar å skilja desse trí frå kvarandre, fell alt i bitar, og Gud vert ikkì lengre Gud. Der ligg eitt av kerneproblema når det geld den romersk-katolske kyrka.

Der ligg ei sentral sanning når det geld trìeininga.

Legg ogso merke til kva apostelen Paulus skriv i Hebrearbrevet 13:8 --:

“Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til æveleg tid.”

Sagt på hebraisk: Jesus Kristus er JHVH, og den som søkjer på noko vis å skilja dei tre einingane i guddommen frå kvarandre – fornektar i realiteten Gud, ved å gera det dei kann for å drepa guddommen. Det er her den romersk-katolske kyrka hev eitt av sine største vandemål, læremessig.

Og då hjàlper det ikkì um ein styd seg på den athanasianske truvedkenningi, for når grundvolden (fundamentet) er skeivt – raser huset saman. Det hjàlper ikkì å ha eit fagert ytre (les: kvitkalka graver) når det som er inni ikkì held stand (les: døydningebein!)

Det er lett å segja at ein trur på trìeininga, men når ein hev ei feil skyning av kva trìeininga er for noko - blir alt gale. Eller som visstnok Ibsen sagde det:

Når utgangspunktet er som galest, blir resultatet oftest originalest.

All æra til Gud. Han som er, var og vera skal.

Amen!

26 april, 2007

Når helvetes portar er i ferd med å få makt yver kyrka…

Då Jesus snakka til og blessade Peter, eller Kefa, som han eigenleg heitte, sagde han at “dødsrikets portar” aldri skulde få makt yver henne. Men kva um helvetesportane vert opnad – og kristne strøymer inn der – utan å sjå seg attende?

Eg meiner sjølvsagt eit ekumenisk samarbeid med den romersk-katolske kyrka. Ope og ærleg – slær eg det fast svo det dundrar: Dette er ikkì ei kristen kyrka – men eit system som representerar satan (jfr 2Kor 11:14).

I det seinaste hev det vore sagt mykì um kor vìktug det er å “drikka or den udelte kyrka sine kjeldor”.

Men kva er den udelte kyrka? Hev “kyrkja” som åndeleg eining nokon gong vore udelt?

Javisst skynar eg kva dei siktar til. Dei siktar til skilet millom austkyrka og vestkyrka i 1054 – men same korleides me snur og vender på det – var det eit skil som vann fram der dei (framleides då) lìvande kristne braut ut or samverskapet med den fråfalne romarkyrka.

Me kann ikkì ta oss råd til å venda attende til samarbeid med denne falske einingi, ev me skal vinna fram til himmelen.

Kyrka sin einskap ligg berre i ein ting: Jesus. Og Paulus snakkar um dette i 1Kor 12:

“For likamen er ikkje heller ein lem, men mange. Um foten vilde segja: «Då eg ikkje er hand, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer han då like fullt med til likamen. Og um øyra vilde segja: «Då eg ikkje er auga, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer det då like fullt med til likamen. Dersom heile likamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti? Men no hev Gud sett lemerne, kvar ein av dei på likamen, so som han vilde. Men dersom dei alle var ein lem, kvar vart det då av likamen? Men no er det mange lemer, men ein likam.”

Det er naturleg at det er mange lemer. Handi hev ei uppgåve, føterne ei anna. Augo hev ei uppgåve, øyro ikkì det same. Blindtarmen hev sin funksjon, og levra si. Milten hev ein funksjon og kynsorgana sine funksjonar. Men kann – og skal ikkì vera like – det er det som ger kristendomen svo rik som han var. Me er samde i og med det at me høyrer til same lìkam.

Ingen del av lìkamen skal stjorna yver ein annan. Heller ikkì skal noko kyrkjesamfunn råda yver eit anna. Paulus åtvarar mot dette i det fylgjande verset:

“Auga kann ikkje segja til handi: «Eg treng ikkje til deg,» eller hovudet til føterne: «Eg treng ikkje til dykk.» Men tvert imot: dei lemerne på likamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege. Og dei lemerne på likamen som syntest oss mindre æra verde, deim klæder me med større æra; og dei lemerne våre som me blygjest ved, deim klæder me med større blygd. Men dei lemerne våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett likamen soleis saman, at han gav det ringaste størst æra, so det ikkje skal vera tvidrag i likamen, men at lemerne skal hava same umsut for kvarandre. Og um ein lem lid, so lid alle lemerne med, eller um ein lem vert heidra, so gled alle lemerne seg med.

I staden burde lìkamen – den relle lìkamen (kyrka) venda seg til hovudet (Kristus; Messias) i tru – og segja; “Far, fjern denne protesen frå meg – han skader alle dei adre – ger som du gjorde i forn tid – gìv meg ei ny lem, i staden for den som er visnad”.

Du skynar kven eg meiner når eg snakkar um “protese” og “visnad lem”. Det er romarkyrkja. Ho er roti til alt vondt i denne verdi – og serleg i kyrka.

Det er på tide at kristne vaknar og skynar dette no. Ev det er sant at alle vegar leider til Rom, svo er det på tide å anten bygga nye vegar – eller halda seg til tog, fly og båt.

Den som samarbeider med romarkyrkja – vert som den som slåst med feiaren.

25 april, 2007

Skræmande lesnad

“Nå åpner Vatikanet opp for at barn som ikke blir døpt likevel kan komme til himmelen”, skriv Vårt Land i ein bilættekst i saki “Udøpte spedbarn ut av limbus” i dag. Det er skræmande lesnad – men upplysande – for han provar at den romersk-katolske kyrka ikkì er ei kristen kyrke.

Skyningi av ”Limbus” dauk upp i Millomalderen som ei katolsk truslæresetning. ”Limbus” er tvokløyvd og femner um dødsriket, der Jesus eftir si liding på korset fór ned og løyste ut dei forløyste sôlene der. Men ogso den evigvarande tilstanden til sôler av udøypte dieborn. Thomas Aquinas skal visstnok hava set på ”limbus” som ein smertefri tilstand – utan gudsnærleik – der spedborn av nåde fekk vera um dei ikkì vart døypte fyrr dei dåe.

Og no kann det sjå ut til at Vatikanet vender altso seg imot ein av sine store lærefedrar, når dei segjer at det er gode grunnar til å vona at udøypte dieborn kem til himmelen.

Og dette hev då Vatikanet brukt fleire år på å dryfta seg fram til. Eg kann ikkì anna enn å stella fylgjande spursmål: Kva med å lesa Bibelen? Bibelen hev klart svar å gì.

Då hjàlper det ikkì at Josef Ratzinger meiner at ”Limbus” aldri hev vore noko anna enn ”ei teologisk hypotese”. Korleides kann vel den ”kyrka” som hevdar seg å vera den einaste rette – som er leidd av ein mann som skal vera ”ufeilbar” i lærespursmål vera svo veik som dette? Bibelen gìv ikkì rom for hypoteser. Det er anten – eller. Det er dag eller natt. Svart eller kvitt. Det er Gud eller satan. Sanning eller vrang lære.

Dette ber med seg ein eim av endå eit stunt for å få lura fleire kristne inn i rusene for å køyva dei frå livet.

Dåp er ikkì, slìk Vatikanet hevdar – naudsynt for frelsa. Men det er ei naturleg fylgje av frelsa – ei vedkenningshandling. Anten av den frelste, eller av foreldra som vedkenner seg trui – og vitnar at dei vil uppseda barnet sitt i den kristne tru.

Men Vatikanet og pavemakta turar fram som um det var det einaste som geld var deira vetle hyrna av ”sanningi”. Dei fortel at det finst fleire måtar som udøypte barn kann koma til himmelen på. Det er, anten ved å:

Lida eller døy slìk at dei kann få del i ei ”frelsande yvereinsttemming med Kristi eigìn daud.”

Dette åleine stend i strid med kyrka si eigi lære um arvesyndi. For vår eigi liding og daud kann ikkì under nokor umstende gera oss yvereins med Kristi eigìn daud. Syndene er sona ein gong for alle. Jesus segjer sjølv at alle som ikkì er mot han er med han – og det må då visseleg ogso gjelda dei som ikkì sjølv er i stand til å kjosa Jesus burt frå livet sitt.

Eller ved at Kristus viser solidaritet med fødde og ufødde dieborn som er offer ”for redsle eller egoisme hjå andre”.

Kristus hev ein gong for alle vist ”solidaritet” med alle syndarar. Det gjorde han då han let seg føda her på jord av syndarætt – men utan synd – tok på seg alle menneskas synder – og gìkk i dauden for deim. Det er fullbrakt!, sa Jesus.

Eller ved at Gud ”rett og slett kann gje frelsesgåva til udøypte barn, på same måte som han gìv frelse til dei som er døypt.

Gud ynskjer ikkì at noko menneske skal døy utan å verta frelst frå dei band som bind oss til syndi. Alle som er komen til sjels år og alder (er i stand til å tenkja sjølv) og som når dei vert kalla av Jesus, kjoser han og fylgjer han i liv og daud vert frelst. Alle som ikkì er i stand til å kjosa sjølv – er det tydeleg at Jesus tek seg av.

Det er ogso forvitneleg at me kann lesa i Bibelen, um sonen David som fekk med Batsheva, og som dåe. Medan guten var sjuk syrgde David – men då guten dåe – gìkk David og vaska seg og stelde seg, og han, som sjølv var frelst og dyrekaupt sagde, når folk var rysta yver det han gjorde – i staden for å syrgja yver den daude:

Eg skal fara til honom. Men han kjem ikkje att til meg.” (2Sam 12)

Sidan David var trygg på kvar han var på veg – er det trygt å slå fast at Guds Ord dermed er klokkeklår når det geld kva som hender med barn når dei døyr – døypte eller udøypte.

Fyrst når Vatikanet kann bøygja seg for Guds Ord og venda ryggen til dei erveminna som er i strid med Guds Ord – kann me akseptera dei som kristen kyrke.

24 april, 2007

Ei fårleg bok

Pavekyrka hev i århundrar ført “index” yver bøker som hev vore forbôde å lesa. Sentralt på lista yver bøker som hev vore forbôde å lesa hev Bibelen havt sin eigìn plass. Rett nok hev dette vorte lempad noko på eftir det svokalla adre vatikankonsil på 1960-talet, men det er berre for sminke å rekna – for å forføra fleire ikkì-katolikkarinn i millom fangarmarne åt verdis største religiøse blekksprut. No kann ein sjølvsagt meina kva ein vil um dette – og dei adre bøkerne som hev stått – og som for skuld saki visseleg endå stend på index. Bøkerne um Harry Potter hev møtt stor motstand kring um i verdi, men dei hev ikkì hamna på index. Til det hev dei seld for mykì på verdsbasis. Det måtte då ogso – eftir mitt syn vera eitt potensielt argument mot bøkerne – at paven ikkì hev forbode deim. Men det skal eg ikkì gå inn på her. Josef Ratzinger si eigi bok, “Jesus fra Nasaret” sel som “hakka møk”, “varme kveitebollar”, etc. Du fær bruka kva nemning du sjølv vil. Berre i Italia selde boki under ein dag 50 000 eksemplar. I Tyskland hev boki gått forbi Harry Potter i salstal. Boki er ogso komen ut på polsk og tysk og er under umsetjing til 16 adre språk. Boki kem mogeleg ogso ut på norsk. Alt dette og meire med ger ho til ei farleg bok.Kva i all verda kann vel ein av satans tenarar (jfr. 2Kor 11:14) skriva um Jesus, som kann vera verd å kasta vekk tidi på å lesa? Det er ikkì utan grund at me hev eit munnhell som talar um å lesa noko “sossom fanden les Bibelen”. Og det er greitt nok, i og for seg. For Han les Bibelen og darrar av redsle. For han veit at det han les er sanning. Verre er det å ta til seg det fanden forkynner – og framstiller som sanning. Det er det Ratzinger gér. Ein kann sjølvsagt meina kva ein vil både um Harry Potter og for den saks skuld gysarane til Stephen King eller vampyrkrønikerne til Ann Rice – men dei utgìv seg i det minste ikkì for å vera kristne bøker – skrivne for kristne. Atterfødde kristne må læra å ta seg i vare for han som gìv seg ut som “lysets engel”. Det vert ogso hevda at boki skal vera eit tilsvar til Dan Brown. Det er morosamt. Det vert nemleg som å setja bukken til havresekken det. Heile tanken bak både “Heilag Blod, Heilag Gral” og “Da Vinci”-fantasiane hev nemleg eitt fyremål: Å skapa dissens som driv villfarne katolikkar – og kristne som sit på vippen i adre spursmål til å vippa ned på paven si side. Bibelen segjer det klart at i dei siste tider skal det verta eit stort fråfall. Det er det me ser byrja no. Paven er ei sers vìktug brikka i dette djevelske spelet. For ordens skuld, Ratzinger segjer i boki sitt fyreord at einkvan stend fritt til å motstå han og det han segjer. Og godt er det. Eg hev teke han på ordet, og sagt han ei gudsens sanning.

Powered by ScribeFire.

16 april, 2007

Dakar Solheim, é du låk i hov’et?

Erik Solheim slår seg sjølv på fingrarne i dag, når han refsar sjefen for Verdsbanken, Paul Wolfowitz for å ha forfordelt høgare løn til kjærasten sin, fyre ho slutta der – for å byrja i det amerikanske utanriksdepartementet.

Samstundes ser han burt frå det faktum at Wolfowitz i det minste havde vìt nok til å skyna at ho ikkì kunde halda fram å starva i Verdsbanken, grunna ugildskap.

Solheim kyt seg hås når han snakkar um at Norìg stend rake i ryggen mot korrupsjon og for god styreskikk.

Det er freistande å spyrja Solheim kva for eit land han er fødd i.

Norìg lid under ein ovstor korrupsjon.

Ikkì i form av pengar yver bordet. Kann henda det havde vore betre forrestan. Nei, her er det mafia-prinsippet som géld. ”I’ll scratch your back and you’ll scratch mine!”

Det er difor både fåvist og fåmeint – jamvel latterleg at Solheim skal kritisera Wolfowitz.

Dermed er det ikkì sagt at Wolfowitz er skuldfri. Og finst det snusk der – må det sjølvsagt påtalast.

Men å la Solheim påtala det, er ikkì langt undan å setja bukken til havresekken.

11 april, 2007

Kann henda Sponheim hev rett, like fullt?

I påska gìkk Lars Sponheim ut og kritiserte – i sterke ordelag – nestleidaren i partiet sitt, Olaf Thommesen. Det er forvitneleg.

Men fyrr eg skriv meir um dette, lat meg digressera litt – og hoppa eit bel yver dammen til USA. Det hev seg nemleg slik at amerikanarane er langt duglegare til å formulera seg avgrensad enn me nordmenn er det. Når ein person skal taka på seg eit amerikansk borgarskap må han avleggja ein eid, han lyder slik (umsett for høvet)

Eg sver lydnad til dei sameinte statarnes flagg og til republikken som det stend for, ein nasjon under Gud, udeleleg med fridom og rettferd for alle.

Det kann sjølvsagt dryftast kor vidt det i dag er fridom og rettferd for alle – sjølv i USA, men samanlikna med Norìg er det stor skilnad – for her er det lite fridom å finna, i så måte – og mindre vert det – dag for dag.

Dersom ein statsborgar i USA, tildømes ein muslim, set draumen um eit islamsk verdsrike (dar al-islam) høgare enn USA – sosso at han utøver terror på amerikansk jord – svo kan han arresterast og fengslast – jamvel straffast strengt. Lojaliteten til lovnaden ligg høgt – og veg tungt.

Men det er fleire gruppor enn muslimar som hev ei potensiell sovorì lojalistplikt. Millom anna romer-katolikkar. Det er då forvitneleg at John F. Kennedy i juli 1963 vitja Vatikanstaten og at han ifylgje forfattaren og Vatikanavsløraren Nino LoBello1 vart stilt på kjos um å fylgja romersk kyrkjerett eller den amerikanske uavhengigskapserklæringi. Kennedy valde det siste. Fleire synsarar, ikkì minst Vatikankritikararen Tony Alamo, meiner at dette at Kennedy valde lojalitet mot det amerikanske flagget og republikken fyre Vatikanet, kan ha vore årsaki til at Kennedy vart teken av dage.

So hoppar med attende yver dammen.

Marta Steinsvik skriv i si eminente bok “Sankt Peters Himmelnøkler” frå 1928 (2dre opplag 1930), um avisa som meir eller mindre var fyregjengar for Verdens Gang, “Tidens Tegn” som var kontrollert av den katolske familien Thommesen, og som idag vert utgìve av Olaf Thommesen. Det er forvitneleg.

For dersom Olaf Thommesen er romer-katolikk, er han faktisk pliktig til å setja sin lojalitet til den romersk-katolske kyrka høgare enn lojaliteten til Norìg, ifylgje ei veldokumenterande Marta Steinsvik.

Dersom dette er årsaki til at Lars Sponheim er kritisk mot Thommesen – hev han i det minste mitt fulle styd. For enn svo lenge stend det fast i Grundlàgi at Kongeriket Norìg er eit land med evangelisk-luthersk religion som grundvold, og då må det stå fast at sjølv um me hev religionsfridom – tyder det at me ikkì på noko vis kann yvergì landet i hendene på Vatikanet, eller deira medversmenn.

1LoBello, Nino; Vatican USA, Trident Press, side 79 og 161-166