28 februar, 2007

Frå mitt jødiske skattkammar XXIII: Tidspunktet For Avrettingi

Eftir sedvane trur dei fleste at Jeshua vart krossfest på ein fredag. Det er ogso basera på mistolking av tekstane og mangel på kunde um Skriftorne.

Ifølgje Torahen skulde påskelambet ofrast på ein konkret dag, i ein konkret time. Denne dagen og timen var den niande timen på den fjortande dagen i månaden Nisan, eller Aviv, som han heitte på den tidi.

Men fyrr ein kom svo langt, var det mykì som måtte henda.

Fyrst skulde påskelambet kjosast. Det hende på den tiande dagen, same månaden, forat lambet skulde stå på ’utstilling’ i fire dagar og bli prøvd av alle. Dersom det fanst lyte på lambet, kunde ikkì lambet nyttast. Dette lambet skulde dessutan vera årgamalt og var serskilt uppalt for denne uppgåva.

Eftir vår sed og våre sedvanar fell denne dagen alltid på ein sundag. Me kallar han palmesundag.

Spursmålet er då: Reid Jeshua inn i Jerusalem på ein sundag? Eller var det kann henda ein annan dag?

Sanningi er at dersom Jeshua havde ridd inn i byen på sundagen, vilde han brote lova – og dermed vilde han, som ’lambet’ som skulde ofrast hatt lyte – og måtte ha blitt forkasta.

Lat meg forklåra. Evangelisten Johannes skriv:

Seks dagar fyre påske kom Jeshua til Betania, der Lasarus budde, han som Jeshua havde vìkt upp frå dei daude.

Dersom Jeshua vart avretta (og døydde) på ein fredag, slik sedvanen segjer, reid han inn i byen på ein sundag. Men då braut han altso Torahen. Ikkì ved å ri inn i byen den dagen, men ved å gjenomføra den reisa som er nemnd i verset ovanfor, frå Jericho til Beit-Ani. Seks dager fyrr fredagen var nemleg Shabbat (Sabbat) og då havde ikkì ein truande jøde lov til å reisa meir enn ei tilmålt strekning – etter làgi. Rett nok havde farisearar og sadukearar funne smutthol dei nytta seg av – men det var jo nett denne ’smuttholssedvanen’ Jeshua refsa, svo å påstå at Jeshua gjorde det same – fell på eigen absurditet.

Lat oss sjå litt nærare på kva som hende då Jeshua reid inn i Jerusalem, denne tiande dagen i Nisan.

Einkvan som hev vore på konsert med Rolling Stones, Beatles og andre av dei store, store, gruppene – eller i det minste sett det på TV eller film, vil det fylgjande vera særs klårgjerande.

Kvart einaste år, den 10. Nisan, gjekk øvstepresten ut til Beit-Ani, og henta påskelambet. Med band rundt halsen førde han det langs vegen, yver prestebrui og inn på Tempelumrådet. Men alt fyrr han kom svo langt, stod folkeskarane i mengder langs vegen.[1] Dei song Hallel, som er samleomgrepet for Salme 113-118 i Bibelen[2]. Dei jubla, dei slengde kleda sine på vegen for at «Lambet» skulde gå på dei, nett som unge jenter idag kastar truser og skjerf upp på scenen til favorittartistane sine. Skulde ein vera svo heldig å få ein autograf signert på armen, vert ikkì den armen vaska med det fyrste… Tenk deg fylgjande utsegn:

Hev du høyrt det? Ja’akov fekk sjå lambet på nært hald… det trampa til og med på kappen hans. Gu’ svo heldig han er…

Det gìv unækjeleg nytt perspektiv til John Lennon sitt namngjetne utsegn, um at Beatles var meir populære enn Jeshua – ikkje sant?


[1] The Seven Festivals of the Messiah, av Edward Chumney, side 45.

[2] Ibid.

26 februar, 2007

Frå mitt jødiske skattkammar XXII: Fyrehenget som rìvnad

I teksti her er det særskilt viktug å merka seg det som hende med fyrehenget. Dette fyrehenget var tjukt som ei handsbreidd og hang framanfor inngangen til det heilage, ikkì inngangen til det høgheilage, slik dei fleste bibelkommentatorar tykkjest tru. Det var, korso, tvo forheng i Templet. Det fyrste hang utanfyre inngongen til det heilage, og bak dette var det tvo store tunge tredyrrar. Med andre ord kunde ein ikkì ha sett fyrehenget rivna, um det havde vore fyrehenget inne i Templet.

I følgje Josefus, hang det nett eit stort forheng framfor inngangen til Templet, for å hindra folk å sjå inn i Det Heilage.[1] Dette enorme fyrehenget var fagert tilsydd i blått, kvitt, skarlak og purpur.[2] Dette fyrehenget var 25 meter høgt, og 7,3 meter breidt. Storleiken (182 kvadratmeter!) åleine gjorde at dette fyrehenget var lett synleg frå Oljeberget.

Historiske prov veit å fortelja um eit jordskjelv som knakk bærebjelken for dette fyrehenget i tvo slik at fyrehenget rivna. I boki Word Pictures in the New Testament les me:

Josefus (Den jødiske krig VI, 299) fortel um eit jordskjelv i Templet fyrr øydeleggingi og Talmud fortel um eit jordskjelv førti år fyrr templet vart øydelagd (cirka 70 EK). Allen meiner at «ei sprekk i steinleggingi av Templet, som spjæra det ytre fyrehenget og etterlet Det Heilage til fritt innsyn, er det same som evangelia, Josefus og Talmud fortel um. [3]

Enn meire:

…tidlege jødiske skrifter fortel at dørane til Det Heilage (som fyrehenget hang framfor) på mystisk vis opna seg av seg sjølv i år 30.[4]

Men jordskjelvet gjorde meir enn dette. Det øydela ogso Kammaret av Hogd Stein, rådskammaret der Synedriet møttest og millom anna dømde Jeshua, under sud-austre sida av Templet. Frå denne tid av måtte Synedriet møtast annan stad på Tempelfjellet.[5]

At jordskjelv ger stor skade er ingìn løyndom. Det kann endåtil sjå ut som um prestebrui yver Kidron-dalen fall saman under dette jordskjelvet, sidan Josefus skriv at då romarane kom for å innta Jerusalem 40 år seinare, var det ingen beinveges adkomst til byen yver Kidron-dalen. [6] Dette tykkjest visa til at brui i det minste ikkì lengre var brukbar.

Når det gjeld inngangen til det Høgheilage, var denne dess utan spikra att[7], sidan paktsarken ikkì lengre var i Templet. Rett nok skriv Edersheim at det var fyrehenget til det høgheilage som rivna, men det fell i grus, sett i lys av det som er vist ovanfor, samt andre skriftord, millom anna rabbi Shaul (Paulus) sine ord um «skiljet» som fall. Dette var ikkì skiljemuren millom Gud og menneske, men millom prestar og ålmennborgarar. Skulde det vore snakk um det fyrste, måtte eit vilkår ha vore til stades, som ikkì var det. Nemleg paktsarken, og den havde alt longo vore kvorve då. Rabbinarane fortel noko som er endå viktigare, nemleg at skyi med Guds herlegdom i, som tidlegare kvilte yver Templet var vekke.

Rabbinske vitne fortel ogso at dei drygt 40 åri fyrr Templet vart øydelagd (omlag frå Jeshuas daud) slutta den tidlegare nemnde ulltråden å skifta farge når ofringi vart gjenomførd.[8]

Havde det vore snakk um parokhet-fyrehenget millom det heilage og det høgheilage, som havde rivna, havde ingen sett dette henda, av di det var løynd inne i templet. Det kunde endåtil påreknast at sume innan presteskapet vilde ha freista å løyna at det havde hend hende. Men sidan fyrehenget på utsidi rivna, er det meir enn plausibelt at hovudsmannen som stod under krossen såg det rivna.

Når det gjeld gravleggingi av Jeshua, veit me dessutan at det på denne tidi ikkì var løyvande å leggja graver korkje der gravkyrkja ligg – eller der Gordons Golgata låg. Gravstadene var på dette tidspunktet hovudsakleg lokaliserte på Oljeberget, og der låg ogso hagen der Jeshua vart gravlagd.

Serskilt galdt dette gravene til dei rike og høgareståande. Det same finn stad idag, av di det er eit spursmål um æra å verta gravlagd millom dei ’heilage.’ Og sidan me veit at Jeshua vart gravlagd i gravi til ein rikmann, faktisk ogso ein av dei skriftlærde, som var medlem av Synedriet, det høge rådet, vert dette endå meir vederheftig.

På Jeshuas tid var det heller ikkì løyvande å laga hagar innanfor bymurane, i motsetnad til på Oljeberget der det var mange av deim. Oljepressehagen (Gat Shemane)-hagen var berre ein av mange slike hagar.

Det viktigaste punktet er jamvel Parokhet-fyrehenget, som berre kunde sjåast frå ein av dei tre stadene, nemleg ’utanfyre lægret’ der syndofferaltaret, Mifkad, låg, nøyaktig 2000 alen frå det høgheilage.

Her er det dessutan viktug å understryka vikta av prestebrui som på Jeshuas tid gjekk frå den gyldne porten yver Kidron til like nedanfor Mifkad, der vegen skilde seg og førde til både Beit-Ani (Betania), Beit Paga (Betfage) og Jericho (Jeriko).


[1] Merrill C. Tenney, Editor, The Zondervan Pictorial Encyclopedia of the Bible, Band 5, side 646.

[2] Complete Works of Josephus, Whiston, side 555 (Den Jødiske Krig V,5,5). Og the Jewish Encyclopedia, band 12, side 85.

[3] Word Pictures in the New Testament, Archibald Thomas Robertson, band 1, side 235

[4] Yoma 39b og Ernest L. Martin, Secrets of Golgotha, side 17

[5] Martin, side 231

[6] Complete Works of Josephus, Whiston, side 557, (Den Jødiske Krig, V, 6, 2)

[7] The Temple, Edersheim

[8] Ibid. The Goat shown to the people

24 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XXI: Lokaliseringi Sin Teologiske Relevans

Hev lokaliseringi av ’Golgata’ svo nokon teologisk relevans? Ordskiftet um dette hev ikkì hev stilna på mange år, og vil sikkert halda fram enno lenge. Det finst dei som vil segja at det ikkì er teologisk relevant å veta kvar Golgata låg, og det finst dei som meiner det motsette. Sjølv um sume skriftlærde (teologar) meiner noko anna, svo er det tydeleg at staden som idag ligg inne i ’Den Heilage Gravs Kyrkje’ ikkì kann vera rett stad. Rett nok låg staden utanfyre muren på Jeshuas tid, men det var korkje nokon topp eller noko anna der enn eit steinbrot. Dessutan låg denne staden i feil retning frå det høgheilage. Um ikkì det var avgjerande i seg sjølv er avstanden feil, grunna Bibelen sitt ord um lengdi frå Det Høgheilage til Syndofferaltaret. Det same gjeld ’Gordons Golgata’, som rett nok ogso låg utanfyre muren, men som òg låg i feil retning frå det høgheilage. Men lat oss lesa kva Matteus segjer um avrettinga av Jeshua:

Og Jeshua ropa endå ein gong med høg røyst og gav ut åndi. Då rivna fyrehenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned, og jordi skalv, og bergi brast, og gravene opna seg, og mange avlidne heilagmenne stod livs lìvande upp, og dei gjekk fram or gravene eftir Jeshua havde stade upp att, og kom inn i den heilage staden og synte seg for mange. Då hovudsmannen og dei som var med han og heldt vakt yver Jeshua, såg jordskjelven og alt det som hende, vart dei fulle av otte og sagde Dette var sanneleg Guds Son! [1]

Me hev alt tidlegare vist at Jeshua korkje vart fødd i ein stall eller lagd i ei krubbe. No skal me ta i tu med ei anna misskyning. Det gjeld krossen. For same kor mykì me ynskjer det, vart ikkì Jeshua krossfest på eit sedvanleg kors, slik dei fleste av oss trur. Eg må imidlertid her understryka at det heller ikkì var snakk um ein martyrpæle, som Jehovas Vitner hevdar. Sanningi er at Jeshua var krossfest på eit vanleg tre.

Dette ser me ikkì minst av historiske skrifter, der det millom anna stend skrive korleides krossfestingane vart gjenomført. Han fortel klårt og tydeleg at det ikkì var snakk um å laga serskilte krossar, men at ein spikra upp dei dømde på trestammar. Nokre gonger utan tverrbjelke, men berre av di tverrbjelkar var i mank. Millom anna vert det fortald at det «fanst ikkì eitt tre i heile Judea, der det ikkì hang ein krossfest.»

Når ein svo veit kor trerikt Judea/Israel var på Jeshuas tid, er dette særskilt utmalande.

Historieskrivaren Josefus skriv fleire stader i «Den Jødiske Krig» um korleides hundradtals av jødar kvar dag, sume dager tusundtals, vart krossfeste av den romerske hærtugen (hærføraren) Titus, blir det lett å skyna at det ikkì kann ha vore snakk um «krossar» slik me ser dei i følgje sedvanen.

I tillegg er det viktug å få med seg at dersom krossane havde stått uppstilt slik sedvanen fortel oss, med fem eller meire meter millom kvar kross, svo vilde ikkì samtalen millom Jeshua og røvarane vore fysisk gjenomførbar.

Dersom dei alle tre hang på same treet, er spursmålet eit heilt anna. Då vilde han ikkì berre vore gjenomførbar, men ogso rimeleg.


[1] Matt 27:50-54

23 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XX:Syndofferaltaret Og Syndebukken

Som set i førre bloggen må me, dersom me skal finna ut kvar Jeshua vart krossfest, må me altså finna kvar syndofferaltaret låg. Me lyt altså finna fram til staden der den raude kviga vart slakta, ofra og brend, medan gudstenestene i Templet vart haldne ved like. Det kann her dess meire høva å nemna at det var frå denne staden at syndebukken vart send ut i øydemarki, saman med den som skulde føra honom.

Ei forklaring er naudsynt her. Eit bibelvers ’alle kristne’ kenner til er verset frå Jesaja 1, der det stend umtalt ’skarlaksraud ull’. Problemet er at dei færraste kenner bakgrunden for dette verset:

Kom og lat oss føra sak med einannan, segjer Herren; um syndene dykkar er som purpur, svo skal dei verta kvite som snø; um dei er raude som skarlak, svo skal dei verta som den kvite ull. [1]

Kvart år, ein gong um året vart det førd fram tvo utvalde sauebukkar[2] som det skulde kastast lut um. Den bukken som loddet fall på skulde slaktast, medan den andre skulde sendast ut i øydemarki. Det som ikkì stend spesifisert, men som er fortald i dei munnlege overleveringane, som no er skriftfest i Talmud og Mishna, er at det millom horni på båe bukkane skulde bindast ein skarlaksraud ulltråd.

Når dette var gjord vart den eine ført til Mifkad-altaret, eller syndofferaltaret og derifrå vidare ut i øydemarki med ein levittisk hyrding. Denne utvalde levitten stod ved altaret og venta på at den fyrste bukken var blitt slakta, fyrr han dreiv den andre ut i øydemarki og utfyre ein avgrund. Fyrr han dreiv bukken utfor måtte han, korso, løysa ulltråden frå horni på han og binda denne til ei tregrein.

Når bukken vart send utfor avgrunnen døydde den vanlegvis med det same han traff foten av fjellet. I same stund vart tråden på mirakuløst vis kvit, både den som hang på greini – og den som var bunden millom horni på den slakta bukken ved Templet. Dette var signalet på at syndi var sona for dette året.

Men grunna den ’kristeligiøse’ forakten for den munnlege sedvanen, slik han er nedskriven i Talmud-Skriftorne, Mishna, med fleire hev slike sanningsdetaljar gått tapt for oss.


[1] Jesaja 1:18

[2] 3Mos 16s

21 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XIX:Avrettingi Av Jeshua

Som tidlegare nemnd rår det ingen tvik um at Jeshua er ein historisk person. Heller ikkì um at han døydde. Tviken kem inn på banen når det gjeld dei meir teologiske aspekta, og dei skal me ikkì dryfta her og no. Me skal, korso, sjå nærare på ei rekke av umstenda rundt avrettinga av Jeshuas, og det fyrste me skal sjå nærare på er lokaliseringi av Golgata.

Det finst tvo stader i Jerusalem som offisielt vert forfekta som Golgata, staden der Jeshua vart avretta, side um side med tvo mordarar. Sume held seg til det eine, sume til det hitt, og det tykkjest vera like stor usemje um kva som er rett stad. Når alt kem til alt, er korkje det eine eller det hine det rette, og det skal eg freista å visa i det fylgjande.

For å finna fram til rett stad er det ei rekke spursmål som må avklarast.

  1. Kva tyder ordet ’Golgata’? -
  2. Hev lokaliseringi nokon teologisk relevans?
  3. Hev lokaliseringi nokon historisk relevans?

Ein av dei grunnleggjande mistydingane av ordet ’Golgata’ er basera på tolkingi av at ordet tyder ’hovudskryte’.

Me gìng rett på fyrste spursmålet. Kva tyder ordet Golgata? For å finna svaret på det, må det slåast fast at sjølve ordet ikkì er hebraisk, men aramaisk. Det hebraiske ordet er HaRosh, og den mest presise umsetjingi av det ordet er ’isse’. Det er altso ikkì snakk um heile hovudskryta, men øvste toppen av hovudskryta, eller den delen av hovudet som er dekka av ei huve, til dømes den sedvanlege kalotten, som jødarne kallar ’kipa’ på hebraisk eller ’jarmulke’ på yiddisk.

Sant å segja hev alle fjell og haugar i Israel sitt eige Golgata, nett som i Noreg.

Den sedvanlege tolkingi, som ligg til grund for båe dei tvo plassane som vert hevda å vera ’Golgata’ er at dei båe ser ut som ei hovudskryte. Dei argaste tilhengjarane av ’Gordons Golgata’ som dei fleste protestantar held seg til, meiner at fjellet ser ut som ei hovudskryte og peikar ut både augeholer og formar. Eg hev sjølv vore der fleire gonger, og skynar kva dei meiner, og med stor godvilje kann det kann hende tolkast slik. Problemet er at det baserer seg på ei tolking av ordet ’Golgata’ som er feil, og då fær ein feil geografisk plassering, anten ein likar det eller ikkì.

Same argumentasjon gjeld forsåvidt ’Gravkyrkja’ ogso, men problemet er at her hev me berre romerkyrkja sitt ord på at fjellet ’ser ut som ein hovudskalle, og kven veit um ikkì fjellet inni den digre trekassa som er bygt rundt ho hev fått hjàlp til å sjå ut som ein hovudskalle? Fjellet er, som nemnd bygt inn i ei diger kasse inne i sjølve ’Gravkyrkja’, og ingen kann sjå fjellet og døma ut frå det. Dessutan, hvis det var snakk um eit fjell som såg ut som ei hovudskalle – kvifor vart ikkì då dette fjellet spesifikt nemnd i det gamle testamente? Me snakkar ikkì um Fantomet si hovudskrytegrotte som er duld djupt inne i jungelen, bak ein foss, men eit fjell som låg like ved Jerusalem.

Eit høveleg spursmål å stilla her, er: Kva anna enn namnet kann me vita um Golgata ut frå Bibelen?

Svaret er eit som teologar flest vil sky som pesten, av di det slår hôl på ei av dei mytene dei longe hev arbeidd eftir. Det rår nemleg lite tvik millom bibeltruande forskarar på umrådet at ’Golgata’ er synonymt med den staden som i Mosebøkene vert kalla ’utanfyre lægret’, noko som ogso stemmer med sjølve profetiane. For det stend skrive i det gamle testamente at syndofferet skulde brennast upp ’utanfyre lægret’. [1]

Det som ikkì kem godt nok fram i dei norske umsetjingane av Bibelen er at ’utanfyre lægret’ ikkì berre tyder ’utanfyre muren’, men er ein konkret stad som låg eit tilmålt stykke frå det høgheilage. Dette var ogso staden der folk vart avretta, til dømes ved steining. [2]

Men fyrr me gìng vidare, skal me sjå litt på tvo Bibelvers. Båe gjeld kjøp av landeigedomar, og den fyrste eigedomen som vart kjøpt stend det um i 1Krøn 21:18-26

Då sagde Herrens engel til Gad at han skulde beda David fara upp til treskjevollen åt Ornan, jebusiten, og reisa eit altar der åt Herren. Svo for David dit, soleides som Gad havde sagt han til i Herrens namn. (…) Svo gav David seks hundrad shekel gull eftir vìkt for tufti. David bygde der eit altar for Herren og ofra brennoffer og takk og ropa til Herren. Og Herren svara han med eld som kom frå himlane og for ned på brennofferaltaret.

Det andre landkjøpet hev blitt mistolka som å vera det same, men det gìng tydeleg nok fram av teksti at det ikkì kan stemma. Dette landkjøpet stend umtala i Andre Samuelsbok 24:18-24

Same dagen kom Gad til David og sagde til han Far upp til treskjevollen åt Aravna, jebusiten, og reis eit altar der åt Herren! Då for David dit upp, soleides som Herren havde havt Gad til å segja. (…) Men kongen svara Nei, eg vil kjøpa det av deg for pengar. Eg vil ikkì bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg hev fenge for inkje. Svo kjøpte David treskjevollen og uksane for femti sylvsekel.

Rett nok skal det sannast at umstenda kring kjøpa av desse tvo stadene er påfallande like, men er jamvel ikkì identiske. I det eine høvet heitte eigaren Ornan og i det andre høvet heitte eigaren Aravna. I høvet Ornan kosta treskevollen 600 shekel gull, som tilsvarar ≈ 243 unsar gull. Eftir vår tids gullverdi vilde eigedomen ha kosta kring 750.000 kronor. Der denne fyrste låg, ligg idag Tempelplassen i Jerusalem.

Den andre treskjevollen derimot, som vart kjøpt av Aravna, skifta eigar til ein pris av 50 shekel sølv, som tilsvarar ≈ 20 unsar sølv. Dette vilde ha utgjort ein pris eftir dagens sølvverdi på millom tre og seks tusund kronor. Det kann altso ikkì råda nokon tvik um at det ikkì er same stad det er snakk um. På denne staden, som låg på Oljeberget, bygde David syndofferaltaret kalla Mifkad.

Eit lite innskot her: Portane i Jerusalem havde namn eftir kva dei vart nytta som. Jaffa-porten av di han førde vegen mot Jaffa, Møk-porten av di han vende mot Hinnom-dalen der ein brende alle former for avfall, og Mifkad-porten (som me idag kallar den gyldne porten) av di han gjekk mot «den utvalde staden» (Mifkad tyder utvald) [3]

Enn meire var mifkad den staden der den raude kviga skulde slaktast, og brennast på syndofferaltaret. [4] Oska som var att vart blanda med vatn, slik at ein fekk lutvatn, og dette lutvatnet måtte alle som skulde gera presteteneste i Templet lauga seg i, svo dei vart reine. Ut frå dette hev me fått det noko arkaiske ordet ’lutra’ i det norske talemålet.


[1] 2Mos 29:14; 3Mos 4:11f; med fleire.

[2] 4Mos 15:36

[3] The Washing of the Water of the Word og What’s all this fuss about a little red Cow?, av rev. Randy Felton, Potter’s Clay Ministries, 417 NW 42nd St, OKC, OK 73118, USA.

[4] 4Mos 19:2-10

20 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XVIII: Proselyttar - Ikkì Astrologar

Det fins mange erveminne knytt til Jeshuas fødsel. Me skal sjå litt nærare på eitt av dei, nemleg dei tre vise menn.

I ein av jólesongane våre syng me:

Av Saba kom de konger tre, De konger tre, Gull, Røkels, Myrra ofret de, Haleluja, Haleluja. [1]

Rett nok er det eit erveminne dette med Saba, eller Sheva som er det hebraiske namnet. Men det finst jamvel andre ting som peikar på at det er meir enn snakk um berre sedvane, og at det kann vera rett jamvel.

Sheva tilsvarar det moderne Jemen. Alt lenge fyrr Jeshuas tid var det her eit stort jødisk samfunn (då mange følgde dronningi av Sheva/Saba og slo seg ned der. Det er all grunn til å tru at sume av lokalfolket vart proselyttar til jødedomen.

Ein annan ting er det som sedvanen fortel oss var namna på dei tre vismennene. Rett nok segjer ikkì Bibelen noko um talet på vismennene, men nemner tre gåver.

Desse tre namna er: Malkior, Gaspar og Balthazar. Malkior er ein samandraging av det hebraiske Malki Or, som betyr «Lyskonge» eller «Lysande Konge

Balthazar er truleg ei samandraging av ordi Ba’al og Thazar, som tyder «Herren til Thazar,» det kunde til dømes vore eit småkongedøme i nærleiken.

Gaspar eller Kasper, hev eg funne fleire tydingar av, både på latin, persisk og hebraisk. Sidan det finst ei hebraisk tyding til det, held eg meg til denne, som er «Mystikar.» Adre tolkingar av namnet er ”Skattkammarvaktar” – det kan forklara ”mystikar”, sidan det mystiske ofte vart set på som eit skattkammar. Skriftgransking millom jødar hev alltid vore sterkt knytt til det mystiske trenden innan jødedommen, kalla kabalah:

I likskap med alle andre jødiske religiøse uttrykksformer er kabalismen basera på den gamal-testamentlege openberringi. Den openberra teksti vart tolka ved hjelp av ymse hermenevtiske teknikkar. Av dei mange metodane som var vanlege, nytta kabalistane tre typar: gematri, notariqon og temurah.[2]

Det kann vera forvitneleg nok å lesa eit lite sitat av reformatoren Martin Luther her. Han sagde, når det galdt dei svokalla pseudepigrafiske Skriftorne og dei apokryfe Skriftorne, som er teken med i den katolske Bibelen, men ikkì i dei protestantiske:

Desse Skriftorne (apokryfane) er rett nok ikkì inspirerte som resten av Bibelen er det, men er jamvel gode og nyttige å lesa. [3]

Havde berre den godaste Luther tenkt svo langt at han sagde det same um Talmud, Mishna og dei andre utanombibelske jødiske Skriftorne. For det er like sant um dei.


[1] Sangboken #629

[2] Groliers … 1996-edition, Kabbalah

[3] De apokryfiske skrifter, Det norske Bibelselskap, i umslaget.

19 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XVII: Hyrdingane På Marki

Idag fær du minst ein dobbel dose av stoff - men det er avdi det er vandt å dela stoffet upp i mindre porsjonar.

Hjå profeten Mika, kann me lesa fylgjande:

Og du hyrdingtårn, du Zions dotters haug! Til deg skal det nå, ja, det skal koma det forne veldet, kongeveldet yver Jerusalems dotter.[1]

Idiomet «Hyrdingetårn» er ifølgje Strong’s Concordance ikkì berre eit «vakttårn», men namnet på ein serskilt stad utanfyre Beit Lechem (Betlehem), ein stad kalla Migdal Eder. På denne serskilte staden vakta levittiske hyrdingar yver lamb som serskilt vart uppala til å verta offerdyr, altso ikkì berre vanlege slaktelamb – men offerlamb. Uppalingi måtte i pakt med Torahen finna stad innan ein viss umkrins av Jerusalem, og stadene der uppalinga fann stad vart kalla «Bat Zion» («Zions dotter»)– eller «Bat Jerushalajem» («Jerusalems dotter»).

Dermed kann me med godt samvit slutta oss til at «hyrdingane» som vert umtala i jóle-evangeliet ikkì var, som ein ofte fær inntrykk av når ein høyrer ei jólepreike, nemleg uvitande «bondeknølar,» men truleg (høgt utdana?) levittar som sat i sine Migdalim (tårn) og vakta offerlambi.

Sidan folk under Lauvhyttehelgi ikkì budde i sine respektive hus, er det heller ikkì urimeleg å rekna at ogso Josef havde bygt ei slik hytte for seg. No var han heller ikkì heime der han upphaveleg budde, og som kend var det heller ikkì fanst rom i herbyrget.

Men her er det på sin plass å skyta inn at «herbyrge» korkje var eit vertshus eller ein leigebustad, men gjesteromet i husa til folk flest. (På islendsk tyder «rom i herberget» – «seng i gjesteromet.»

Ei vankundig overføring frå norrønt mål kann difor tenkjast vera skuld i ei mistyding her). Når einkvan kom til ein by der dei havde skuldfolk søkte dei alltid til skuldfolka sine, svo ogso med Josef og Maryam. Men der var det fullt, og dei måtte difor finna seg ei anna løysing. Det næraste og lettaste då vilde vera ei lauvhytta, og slik vart symbolikken frå profetiane lìvandegjort.

Ifølgje profetiane skulde Messias symbolsk sett vera det eine lytelause lambet som skulde gera ende på ofringane ein gong for alle. Kva var då meir naturleg enn at englane kom og fortalde hyrdingane som vakta yver offerlamma at sjølve lambet var blitt fødd? Gìng me til ei jødisk kìlda, den jødiske bønneboki Machzor, som vert nytta under Lauvhyttehelgi, Sukkot, les me:

«Dei stend på vakt, i morgongryet og um kvelden. Dei syng sin lovsong, med glade røyster som røysti av shofar[2] som stendig vert sterkare, medan dyri spring til og frå slik som lynet gìng fra aust til vest, ropar Meister Kaftziel ut dei gode nyhenda um at boga** ikke skal brjotast, at ei ny tid med lovprising for Herren skal runga fram. [3]

Lat oss ta dette stykke for stykke:

«Dei stend på vakt, i morgengryet og um kvelden»

Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti. [4]

Og deretter:

«…medan dyri spring til og frå slik som lynet gìng fra aust til vest, ropar Meister Kaftziel ut dei gode nyhenda.»

Best det var, stod ein engel frå Herren innmed dei, og Herrens herlegdom lyste kringum dei. Då vart dei fælande redde; men engelen sagde til dei Ver ikkì redde! Eg kem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folk. [5]

og vidare:

boga** ikke skal brytast.. at ei ny tid med lovprising for Herren skal runga fram

Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad: Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneske! [6]

I den same bøneboki stend det at det hebraiske idiomet Keshet Lo Jechsar (boga skal ikkì brytast), er ein profeti på at Messias skal koma i Juda-ætta. Ser me det i ljos av Hosea 1 og 2, der det faktisk er tale um ei tid der det motsette skal henda – og dinæst at profeten segjer at Gud dinæst skal ta folket til seg igjen – fær det heile ny vìkt.

Eit anna sitat frå same bøneboki, lyder slik:

Stig inn, høgtæra gjestor, kom inn de heilage patriarkar og set dykk i skuggen av den upphøgde, trufaste i skuggen av den heilage, Han som er høgsigna. Kom inn, Avraham, den elska, Moshe, den trufaste hyrdingen, Aron den heilage presten, Josef den rettskafne, David den heilage konge. I lauvhytter skal de bu, sitja, høgtæra gjestor, set dykk, set dykk, de trufaste gjestor, set dykk[7].

Dette avsnittet vert kalla Ushpizin, som tyder gjestorne. I fylgje urgamal sedvane skal jødarne invitera gjestor under lauvhyttehelgi. Desse gjestorne kallest alle «hyrdingarne» og heiter Avraham (Abraham), Yitzhak (Isak), Ja’akov (Jakob), Moshe (Moses), Aharon (Aron), Josef og David – alle hyrdingar av yrke - og i nemnde rekkefylgje.

Ser med jóle-evangeliet i Lukas 2 i ljòs av dette, der Guds englar kom til hyrdingane og baud dei finna lauvhytta der Messias låg nyfødd, fær det heile eit nytt perspektiv.

Eg vil dessutan nemna ein kommentar frå den messianske (messiastruande) jøden Uri Marcus:

Kor mange hyrdingar viste engelen seg for? Sjølv trur eg det var sju, sjølv um teksti ikkì segjer noko um det. Det som under alle umstende er sikkert er at Jeshua vart fødd på fyrste dagen av Lauvhyttehelgi, og ikkì seint i desember, meir enn trì månader seinare. [8]

Det er, korso, på sin plass her å nemna at millom jødarne var ein ikkì uppteken av fødedatoen i serleg grad. Då lagde ein heller større vìkt på dødsdagen, ein sedvane som heldt seg lenge utover i urkyrkja, og som framleides er vanleg millom jødarne. Det trur eg kann henda me hev noko å læra av.


[1] Mika 4:8

[2] Bukkehorn

[3] Artscroll Machzor for Succot, Shacharit service, Shabbot Chol HaMoed: The Shema and its Blessings, side. 501

[4] Lukas 2:8

[5] Lukas 2:9-10

[6] Lukas 2:13-14

[7]Artscroll Machzor for Succot, Ushpizin, first two nights, side 86-87...

[8] Tale på møte i baptistkyrkja i Haugesund.

17 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XVI: Davids Falne Hytta

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XVI: Davids Falne Hytta

Ser me emnet frå gårsdagens blogg og tanken um atterreisingi av Davids falne hytta i ljòs av den hebraiske bakgrunden finn med at det hebraiske parallellordet til det græske fatneh er marbek som millom anna er nytta i Amos 6:4 og Malaki 4:2 der det i Septuaginta er umsett «fjøs.» Men ordet er ogso nytta i Fyrste Mosebok der det stend at Ja’akov (Jakob) laga lauvhytter til fjøs for dyri sine. Dermed ser me korleides ei vanleg lauvhytte kann verta misteken for å vera ein stall.

Det er nemleg, dateringi teken til umsyn, i høgste grad truleg at Jeshua vart fødd i ei lauvhytte, eller i det minste lagt i ei lauvhytte eftir at han vart sveipt. Ja, faktisk er det meir sannsynleg enn usannsynleg.

Dersom me ogso ser det heile i ljòs av kva evangelisten Johannes skreiv:

Og Ordet vart køt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans - ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin - full av nåde og sanning. [1]

I den gamle danske umsetjingi av Bibelen stend det:

Og Ordet blev kjød og tabernaklede iblandt os…

Det engelske ordet for Lauvhyttehelgi er nett Feast of Tabernacles.

I Apostelgjerningane stend det dessutan at når Messias kem skal han:

byggja upp att Davids falne hytta.[2]

Dermed kann me lett avsanna sedvanen um at Jeshua vart fødd i ei grotte. Det er eit uhaldbart erveminne som det ikkì finst andre haldepunkt for, enn erveminnet sjølv.

Det kann dessutan vera greitt å ta med eit historisk faktum her, um då Helena, mor til den siste romerske keisaren, Konstantin den Store, på 300-talet skulde reisa til Jerusalem, sende ho bod i fyrevegen um at ho vilde vitja alle dei «heilage stadene.»

Alle desse «heilagstadene» måtte difor finnast. Ikkì minst er dette viktig avdi historia veit å fortelja oss at Helena ikkì berre sende eit brev med bøn um bistand til å finna dei heilage stadene – men at ho ogso sende eit ultimatum um at dersom stadene ikkì kunde finnast, kom hovud til å rulla – bokstavleg tala.

Med bakgrunn i dette er det ikkì vandt å skyna at stadene vart «funne.» For folk flest hev ein tendens til å vera redd for hovuda sine. Korvidt «dei heilage stadene» var i pakt med Bibelen – sjå det havde mindre å tyda.

Bokstyd

[1] Johannes 1:14s

[2] Apg 15:16

16 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XV: Var Vogga Ei Krubba?

For nokre år sidan vart ein gamal engelsk jólesong[1] umsett til norsk. Dette er, tykkjer eg, ein sers fager jólesong, som byrjar sosso:

En krybbe var vuggen som ventet ham her,
Det lille barn Jesus
, vår Frelser, så kjær
Mens stjernene lyste helt inn der han lå,
Det lille barn Jesus
, på leiet av strå. [2]

Jamvel undrar det meg at ingen set spyrjeteikn her og segjer: Var vogga eigenleg ei krubba? – og då meiner eg det som me meiner når me snakkar um ei krubba – altså eit fòrkar for dyr i ein stall? Det står då ingen ting i nytestamentet um at Jeshua var fødd i ein stall.

Sanningi er at ”stall” er ei slutning som me i vår vestleggjorde kristendom hev slutta oss til ut frå at ein eller annan yveronnug bibeltolkar hev slutta seg til at Jeshua var lagd i ei krubba.

Lat oss fylgja sporet med ”krubba” litt vidare og sjå um ”krubba” kunde ha vore noko heilt anna? Kann det tenkjast at me er svo indoktrinerte med erveminne at me trur på det sentimentale bilætet av ein stall med kyr og sauer kring det nyfødde barnet?

Sanningi er at dette knappast vilde vore eit alternativ, svo stor vìkt som jødarne lagde på hygiene. I ein stall med møk og andre uhumskskapar på golvet, vilde ein utsett både mor og born for helsefåre.

I det græske nytestamentet er det ordet fatneh[3] som er nytta. Eftir vår skikk hev dette vorte umsett med «krubba» og me hev difor slutta oss til eit erveminne utan rot i verkelegdomen at Jeshua vart fødd i ein stall:

Jesus ble født i en stall uten ære og prakt

Men han er konge idag, er den som har all makt. [4]

Men kva tyder eigenleg ordet ”fatneh”? Det skal me sjå nærare på i morgon.


[1] Away in a Manger

[2] Norsk Salmebok, #64, Verbum Forlag

[3] Strong’s, Græsk: 5336

[4] Sangboken Syng For Herren, #88, Lunde Forlag

15 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XIV: Gledesfesten Framfor Alle

Som nemnd i forgårs vert Lauvhyttehelgi ogso kalla «Gledesfesten» og «Nasjonane si høgtid.» Dette gìng klårare fram når me les vidare hjå Lukas.

men engelen sagde til dei Ver ikkì redde! Eg kem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folk[1]

Ei stor gleda vert meldt på gledehøgtida, og denne gleda skal vera for alt folk, altso alle nasjonane på jorda. Diverre hev sume bibelumsetjingar her umsett det med ”alt folket” i staden for ”alt folk” – og det vert misvisande. For her vitnar engelen um at Messias var til for alle verdsens folk, ikkje berre jødefolket.

Når me svo ser eit par vers fram, der det stend at Maryam sveipte Jeshua, svo kem det ikkì i det norske fram kva ho sveipte han i. I den engelske umsetjingi, KJV, derimot nyttast ordet «swaddlingcloth.» umsett til norsk tyder dette ty som er riven upp i breide strimer. Dersom du kem i hug hugsepunktet frå tidlegare, svo var «lange tystrimer» symbolsk sett òg knytta til Lauvhyttehelgi.[2]

Dei utslitne liturgiske kleda til prestane og levittane vart rivne i lange strimer som vart fletta til veiker. Med desse tende ein dei seksten store oljelampene i Kvinnornes Fyregard i templet. Denne heitte svo, ikkì av di det berre var tillete for kvinner å vera her, men av di kvinnene ikkì fekk gå lengre inn i templet, med mindre dei skulde ofra. [3]


[1] Lukas 12:10

[2] Strong’s Concordance, Græsk: 4683

[3] The Temple, Its Ministry and Services, av Alfred Edersheim

13 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XIII:...Pluss Ni Månader

Dersom ein reknar ni månader fram kem me til månaden Tishrei, og fyrste dagen i Lauvhyttehelgi. Denne månaden eftir den jødiske kalendaren hamnar mest alltid i september/oktober ein stad, og er ein fest som er av serskilt stor vìkt i Bibelen – avdi han er den einaste av dei sju jødiske høgtidene som ikkì er ein reint jødisk høgtid, men ein høgtid for alle verdsens folk. Meir um det seinare.

Lauvhyttehelgi er eit umgrep som kan vera misvisande. For det er ikkì ein fest som strekk seg over ei helg – men ei heil vìke. Og dessutan kem det tvo heilagdagar til rakt i fylgje.

Den åttande dagen eftir lauvhyttehelgi, feirar jødane festen Sh’mini Atzeret – åttandedagen. Altså bokstaveleg tala, åttandedagen. Dersom det altso er rett som eg hev hevda ovanfyre at Jeshua vart fødd på den fyrste dagen i lauvhyttehelgi, svo må naudsynleg ogso Jeshua ha vorte umskore – i pakt med Torahen[1] for at làgi skulde uppfyllast, ikkì berre på den åttande livsdagen sin, men ogso på åttandedagen[2].

Dagen deretter feirar jødarne Simchat Torah, ein fest som er nemnd som ”Torahens gledeshøgtid”.

Og sidan Torahen er Ordet – som ogso Jeshua er det – kva gleda kann vel då vera større?

I upphavet var Torahen, og Torahen var hjå Gud, og Torahen var Gud. Han var i upphavet hjå Gud. All ting vart til ved honom, og utan honom vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til. I honom var liv, og livet var ljoset åt menneski. Og ljoset skin i myrkret, og myrkret fekk ikkje magt med det. Det stod fram ein mann, send ifrå Gud; Johannes er namnet hans. Den mannen kom til vitnemål, at han skulde vitna um ljoset, so alle kunde tru ved honom. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulde vitna um ljoset. Det sanne ljoset, som lyser upp kvart menneskje, var den gongen på veg til verdi. Han var i verdi, og verdi hev vorte til ved honom, og verdi kjende honom ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot honom. Men alle som tok imot honom, deim gav han rett til å verta Guds born, deim som trur på namnet hans (JHVH), som ikkje er fødde av blod, og ikkje av kjøts vilje, og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Torahen vart kjøt og slog upp sitt tjeld hjå oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin, full av nåde og sanning. Johannes vitnar um honom og ropar ut: «Han var det eg sagde soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.» Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde.[3]

Fylg med vidare i morgon.


[1] Lukas 2:22-23; 1Mos 12:1-3

[2] 3Mos 23:26

[3] Joh 1:1-16

12 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XII: Elisheva Vert Svanger

Då prestetenesta vart ferdig reiste Zekharja heim att, og når me tek umsyn til det eftir Torah’en tvo veker lange skiljet millom mann og kone kvar månad (menstruasjonsveka og sju dagar eftir, til ho havde vore genom eit rensingsbad i Mikveh[1]) fyrr Zekharja og Elisheva havde lov til å vera saman seksuelt, og dinæst reknar ni månader fram, må naudsynleg Johanans fødetime falla i påskevìka. For skuld Orden, lat oss segja påskeafta.

Under det jødiske påskemåltidet, som vert kalla Seder (og som tyder Orden), vert folket instruert til å opna dyrri for å kika eftir um profeten Elia skulla heve kome attende. Ved bordet er det dessutan dekt ein serskilt plass nett for Elia, med fullt vinbeger – i høve han visseleg skulde ha kome.

Prøv no å fyrestella deg at dette nettopp hende, og at Johanan vart fødd denne kvelden. Rett skal det nemnast at dette er ein teori, men like vel er det sannelikt. Her er det viktug å få med seg eit anna skriftord, men denne gongen frå Matteus:

Då spurde læresveinane: Kvi segjer då dei skriftlærde at fyrst lyt Elia koma? Han svara Elia kem nok og skal setja alt i rett lag att; men eg segjer dykk Elia er alt komen, og dei kjendest ikkì ved han, men for åt med han som dei vilde; like eins kem dei til å fara med Menneskesonen. Då skyna dei at det var Johannes døyparen han tala til dei um. [2]

Jeshua slo altso fast i kraft av Halakha, at Johanan døyparen var den Elia som skulde koma att.[3]

Vidare ser me at Lukas skriv at då Elisheva havde vore gravid i seks månader, openberra engelen Gavriel seg ogso for den unge kvinna Maryam/Maria. Eftir all sunn fornuft å døma skulde dette eftir den jødiske kalendaren vera mot slutningi på månaden Kislev, nærare sagt kring Hanukah-festen, eller Ljòsfesten, som er ei høveleg norsk umsetjing.

Under Hanukah vert alle bønene og all liturgien (i jødedomen) som vart bedne under Lauvhyttehelgi herma. Delar av Mirjam sin dialog med engelen, slik me les han hjå Lukas, utgjer vitale delar av den jødiske liturgien for Lauvhyttehelgi. I det fylgjande ser me nærare på denne dialogen:

Engelen:

Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt den Høgste skal skyggja yver deg

Maryam:

Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!

For skuld orden skal eg sitere denne delen av den jødiske bøna, frå ei autorisert utgåve av dagleg bønebok av Josef Hirtz. [4]

…kringsett av det reine og heilage ljòset frå din herlegdom, som skyggjer yver hovudet mitt som ørna yver reiret sitt, fyrr han byd livsstraumen[5] flyta yver sin tenar (si tenestekvinne)

Når me då ogso veit at Hanukah vert kalla det andre Sukkot, fell endå meire på plass. I morgon skal me fylgja denne tråden vidare.


[1] «Dåpskar»

[2] Matteus 17:10-13

[3] Ibid, fylgjande vers.

[4] Side 813

[5] Livsstraumen = poetisk umskriving for Heilaganden.

10 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar XI: Lær Meg å Telja Dagar

Ein viktug lekk i upptrappinga mot Jeshuas fødsel var ei hending drygt 15 månader i fyrevegen, då Zekharja[1] var i presteteneste i Templet.

I den tidi då Herod var konge i Jødeland, var det ein prest der som heitte Zekharja; han høyrde til det prestelaget som hev namn eftir Abja. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisheva.[2]

Kva kann me slå fast av dette verset? Fyrst, sjølvsagt at Zekharja var prest i Abja-skiftet. For å skira ljòs yver dette må me forklara litt um prestetenesta i Templet. Kvar prest tenestegjorde til fastsette tider. Det var 24 skift som gjekk på umgang, og til strengt fastsette tider. I Fyrste Krønikeboki vert det forklåra at det fyrste presteskiftet skulde gera teneste fyrste vìka, det andre den andre vìka og svo vidare. Samstundes skulde alle presteskifta gera teneste under dei store høgtidene.

Abjaskiftet var det åttande i rekka. [3] Dei tenestegjorde, korso ikkì i den åttande vìka, av di det i mellomtida havde vore tvo høgtider, nemleg Pesach (påske) og Shavuot (pinse). Dei tenestegjorde i den tiande vìka, altso vìka eftir pinse.

Lukas skriv vidare:

Svo var det ein dag Zekharja gjorde prestetenesta for Gud; for turen var komen til hans lag, og då dei kasta lut, som viset er millom prestane, fall det på han å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet, medan heile folkemengdi stod utanfyre og bad i røykoffertimen. [4]

Me ser altso Zekharja brenna røykoffer. Denne seremonien fann stad i den delen av Templet som vart kalla «Det Heilage», altso utanfyre inngongen til «Det Høgheilage» som like fullt var stengd av, spikra att, eftir at paktsarken vart fjerna kring 160 år tidlegare. Medan røykofferet vart bore fram, vart det totalt framført 18 bøneregler. Ei av desse bønene er bøna um at profeten Elia skulde koma attende, og ved sitt kome varsla Messias kome[5], slik dei ortodokse jødarne framleides ventar på.

Vidare skriv Lukas:

Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret. Då Zekharja såg engelen, stokk han, og det kom ei otte yver han. Men engelen sagde til han Ver ikkì redd, Zekharja! Gud hev høyrt bøni di. Du og Elisheva, kona di, skal få ein son, og du skal nemna honom Johanan[6].

Zekharja fekk veta at han skulde få ein son, og fekk uppgìve eit namn som han skulde nemna guten. Alt dette som hende i templet den dagen er av stor vikt, og me skal koma nærare attende til det seinare.


[1] Sakarias/Sakarja

[2] Lukas 1:5

[3] 1Krøn 24:10

[4] Lukas 1:8-10

[5] Malaki 4:5

[6] Lukas 1:11-13

08 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar X: Heilag ulja og heilage veiker

Kyrkja hev «alltid» vorte skulda for å ha for høg tråskål, serskilt den «etablerte» kyrkja. Serskilt hev me sett dette dei siste tretti åri, og det er difor godt at stendig fleire kristne i desse dagar riv seg laus frå det «etablerte» og upprettar fri huskyrkor. Men det fell utanfyre det me skal sjå nærare på i det fylgjande. Det me skal sjå nærare på er um Bibelen segjer noko når det gjeld fødedagarne åt Jeshua og Johanan, og umstendi kring desse dagane. Eg påstår at dersom kyrkja havde vore litt meire medviten det å vera «fartsfyld» – altso lese meire i og studert det gamle testamente nærare, samstundes som dei sette seg inn i jødiske tenkemåtar og skyning, millom anna studiar av talmud, mishna og gemara, vilde mange fruktlause erveminne og sedvanar falle til jorda og kvorve.Segjer svo Bibelen noko um dette? Eg trur han ger det, og vil leggja fram mine synspunkt. Men fyrr me kem svo langt, må me understryka eit vitalt punkt som hev stor vìkt for konklusjonen. Millom dei sju jødiske høgtidene finst det ein fest som vert kalla Lauvhyttehelgi. Dette til minne um at Israelsfolket under øydemarksvandringi frå Egypt, på hausten bygde lauvhyttor å bu i. Her er, korso, fleire endetrådar å nøsta på, svo me byrjar ganske enkelt i eine enden. «Svo ingen krok var myrk» Du kenner visseleg jólasongen «Da tenner moder alle lys, så ingen krok er mørk.» Kann henda dette fær ei ny meining fyrr deg, etter å ha lese det fylgjande. Det havde seg nemleg slik med Tempelplassen:Tempelplassen i Jerusalem var delt i ulike seksjonar. Ein av desse vart kalla Kvinnornes Fyregard. Svo langt og ikkì lenger kunde kvende gå på dette umrådet, med mindre dei skulde bera fram eit serskilt kvende-relatert offer. Her vart, under lauvhyttehelgi, reist fire høge ljòsestakar som skulde skira ljòs yver heile templet under denne festen. Desse ljòsestakane var 25 meter høge og kvar havde fire armar med fire skålor på. Kvar av skålorne var fylde med rein, heilag, olivenulje.[1] Når desse lampene skulde tendrast vart det reist fire stigar til kvar stake, der fire ungdommar av levittisk herkomst fylde totalt 38 liter rein olivenulje uppi kvar av skålorne.[2] Men ljòset skein ikkì berre svo sterkt at det heile tempelet vart upplyst –heile Jerusalem vart bada i ljòs – svo ingen krok var myrk.[3] «Heilage veiker» Dersom ei uljelampe skal brenna trengst det ei veike. Dette var ogso fallet her. Men desse veikene kunde ikkì vera kva slag veikor som helst. Dei skulde vera laga på serskilt vis, fletta av lange strimer av ty, og eit serskilt ty i svo måte, nemleg utslitne liturgiske klede som levittane bruka.Og skulde du ikkì tru meg på det, så burde du i det minste tru Alfred Edersheim, som skriv i boki The Temple, Its Ministry and Services, under mellomoverskrifta The Ceremonies in the Court of the Women: Det gamle, utslitne undertyet og kapparne til prestane vart brukte til veiker for desse lampene. Det fanst ikkì ein krok av Jerusalem som ikkì var upplyst av ljòset frå Beit HaShoEivah[4]. ______ Bokstyd [1] When Was Y’shua born, artikkel av Uri Marcus, motteke via epost frå forfattaren. [2] Babylonstalmuden (Talmud Baveli), Sukkah 5:2 [3] Ibid, Sukkah 5:3 og The Temple, Its Ministry and Services, av Alfred Edersheim; The Ceremonies in the Court of the Women, (mi umsetjing) [4] Ibid

07 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar IX: Sedvanefestarne

Det kann verka forstyrrande når vekebladi[1] byrjar å marknadsføre høgtider som ikkì hev nokon sedvane i Noreg. Medan dei fleste av oss hev vore med å gìnge jólabukk, anten i romjóli, på nyårsaftan eller på heilage tre kongars dag (6. januar), hev ein dei siste åri greidd popularisera feiringi av Hallowe’en, den 31. oktober – og fær store velvilje frå leiketysprodusentane. Ei onnor høgtid som hev vorte innførd er St.Lucia-dagen. Eg undrast: Kvifor er det så få som spyrr um det er rett?

Jonsok er heller ikkì meir enn ovannemnde ein kristen fest, men er i det mindste ikkì ein like dårleg sedvane. Då eg var litan samlast me alle på denne midtsommarsdagen, brann bål, grilla pylsor, åt snop og drakk brus. Dessutan leika me, heile bygdi saman, alltid songleikar, vaksne som ungar slo på ringen eller sprang siste par ut. Og svo fekk me ungane alltid lov å vera uppe svo lenge me vilde.

Dette er ein sed eg ynskjer å vidareføra til mine etterkomarar.

Derifrå og til kor vidt dette er dagen då døyparen Johanan (Johannes) vart fødd, hev «alltid» vore eit verkesår i kyrkja. Og med det meiner eg den verkelege «kyrkja», ikkì den institusjonelle.

Det som er uproblematisk, er å fastslå at sidan den romersk-katolske kyrkja plasserte Jeshuas fødedag på den heidne jólefesten, Mithra-messa, var det naturleg å slå fast at Johanan var fødd den 23/24. juni. Grunngìvingi er å finna i evangelia, der det stend at Elisheva (Elisabet) som fødde Johanan, var seks månadar gravid då Maryam (Maria) vart gravid. [2]

Påfallande nok fell desse dagane saman med det som eftir romersk sed var soli sin fødedag (24. desember) og midtsommardagen, slik dei vart markert i den upphavelege romerske religionen, og ei lang rekke andre religionar. Når ein svo veit at jólefeiringi ikkì vart kalendarfest fyrr i året 324 EK, vert spursmålet endå meir maktpåliggande. Rett nok vart Jeshuas fødedag sume stader lagt til denne dagen noko tidlegare, men me veit ogso at dei fyrste kristne feira Hanukah, den jødiske høgtidi til minne um Makkabearopprøret på denne årstida. Men det er viktig å slå fast at Hanukah ikkì er ei gudgìven høgtid, sossom påske, osb.

Ved Kyrkjerådet i Nicœa i året 325 fann det stad eit mest ukjend skisma innan kyrkja. Frå no av byrja det å proklamerast forbod mot at kristne skulde ha noko med jødarne å gera. No skulde ikkì dei kristne lenger feira dei jødiske høgtidene, eller halda seg til jødisk sed. Blant bannerførarane for denne tanken i åri eftir finn me dei såkalle kyrkjefedrane Johannes Chrysostomos (346-407), som var patriark i Konstantinopel og Augustin (354-430), som var biskop i Hippo-Regius. Båe havde utdanning som retorikarar, men Chrysostomos (Gullmunn) var serskilt dugande til å bruka ord for å uppira dei kristne til hat mot jødarne.

I staden vart det meir og meir fasttømra at påsken skulde fylgja den heidne vårfesten, pinsen skulde vera 50 dagar seinare, og sabbaten skulde byttast ut med sundagen. Sjølv um sundagsmarkeringi sume stader havde vore sed og skikk i ei årrekke, vart dette nedfelt i skriven form – og sidan hev det meir eller mindre vore slik. Luther havde ikkì opne nok auge til å sjå at ogso her var det vranglære ute og gìkk.

Det burde han sjølvsagt hava greidd. Men til det var han for bundìn til romarkyrkja – mykì meir bundì enn han sjølv ana.


[1] Hjemmet og Norsk Ukeblad, Donald Duck & Co, osb.

[2] Lukas kapitel 1 og 2.

06 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar VIII: Erveminne Og Sedvane

Då reformasjonen fann stad i fyrste halvdel av sekstande hundreåret, var eitt av dei klagemåla reformatorane havde mot den romersk-katolske kyrkja at dei lærde at Skrifti (her: GT og NT) og erveminnet (sedvanen) havde same tyngde når det galdt mynd. Då reformasjonen var godt i gang, eller vel yver, alt eftir korleides ein ser på saki, byrja kampen med å få folk flest til å skyna at Skrifti skulde reknast langt høgare mynd. Slagordet, som ein vilde ha sagt i vår mediamedvitne tid, var ikkì lenger:

Skrifti – og sedvanen,

Men

Skrifti åleine.

Dette er og, millom protestantiske kristne idag, det som vert framsett som det rådande slagordet, problemet er berre at det er lettare å segja det enn å gera det. Sanningi ligg diverre mykì nærare det epigrammet som idag rår på mange teologiske institusjonar:

Skrifti åleine … og sedvanen.

Kva verknad hev svo dette for bibelomsetjingane? Det skal me sjå nærare på i det neste.

I motsetnad til kva folk flest trur, er ikkì det vandt å skapa eit erveminne. No er dette nynorske ordet åleine lite dekkjande, difor brukar me ogso ordet sedvane, i sume høve. Dermed kann ein segja at erveminne brukar me um ting som hev lang historie, sedvane um ting med stuttare historie. Ein kann segja at rådande uppfatning er at når ei hending finn stad på eit gìve tidspunkt for fjorde gong, er det (i det minste i ferd med å verta) ein sedvane.

Dermed er det ikkì sagt at um ein huslyd byrjar å eta komler til middag kvar torsdag at dette er ein sedvane eftir ein månad. Når det er tale um sedvane på matfronten må ein avgrensa det til årvisse hendingar. Jólemat til dømes. Det er mange huslydar der sedvanen tilseier at ein til dømes:

  1. Skal ha pinnekjøt til middag på jólaftan.
  2. Pinnekjøtet skal vera røykt. (Eller, der eg kem frå: Pinnekjøtet skal vera vindturka, ikkì røykt)
  3. Smalahove skal ikkì etast eftir «skoltasundagen» (siste sundag fyrr jól).

Dei fleste erveminne er menneskeskapt, og er difor bunde til menneska sitt syn på serskilte umstende. Idag hev me dessutan stor påverknad frå media og av reklamen. I Noreg hev me til dømes for sedvane å feira dei vanlege kristne høgtidene, sjølv um me kann henda, dersom me var heilt ærlege, burde stild spursmål ved sume av desse – um me til dømes ger oss skuld i synkretisme[1], slik den romersk-katolske skjøkjekyrkja hev gjort det.


[1] Religionsblanding

05 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar VII: Noahs Ark

Den neste støytesteinen me skal sjå litt nærare på er verdis mest namngjetne båt, inkludert både Titanic og The World of Residensea. Det konkrete punktet me skal sjå nærare på her er kva treslag Arken vart bygd av. I fyrste Moseboki stend det:

Ger deg ei ark av gofertre. Med kovar og kot skal du innreida arki og bræda henne med bìk både innan og utan[1]

Både teologar, filologar og andre vitskapsmenn hev freista å finna ut kva treslag dette «gofertreet» er for noko. Dei fleste hev gìve upp, for korkje i språk eller nærliggande kulturar hev dei funne dette treslaget nemnd nokon stad. Dermed hev dei måtta gissa. Fylgjene ser me i kyrkjebibelen:

Bygg deg ei ark av sypresstre[2]

Dette heng saman med at dei hev set vekk frå Skrifti sin hebraiske bakgrunn, og freista skyna henne på hellenistisk basis. Sypress er eit nåletre, ikkì svo reint ulikt norsk brake, före og gran, og det veks rikeleg av det i Levanten. Det er altso tilsynelatande logisk å velgja dette treslaget. Men berre tilsynelatande.

Det finst nemleg ei langt meir realistisk løysing på problemet, som er både langt enklare og meir spennande, og ligg i det hebraiske språket. Det tykkjest korso ikkì aktuelt for dei ovannemnde i deira isolasjonisme å bruka ordtilfangsforsking (etymologi) for å finna eit svar på vandskane.

Den som jamvel bryr seg um å leita eftir vil finna at ordet gofér idag er å finna i ein høgst tidsmessig parallell, nemleg fyrstikkor, gafrorim. Ordet gofér tyder rett fram «tre som er forma med hender» eller endå enklare: «plankar.» Dersom umsetjarane havde teke umsyn til dette havde dei hatt eit problem mindre å bry seg med, og verset kunde anten ha lydd:

Ger deg ei ark av handforma tre. Med kovar og kot skal du innreida arki og bræda henne med bìk både innan og utan.

eller

Ger deg ei ark av treplankar. Med kovar og kot skal du innreida arki og bræda henne med bìk både innan og utan.

At dette held mål visest ikkì minst av at den spansk/franske industrialisten og eventyraren Fernand Navarra, saman med son sin, på 1950-talet fann arken på toppen av Ararat-fjellet i Armenia. Han makta med slit og strev å skera av eit stykke tre og drog det med seg attende til Frankrike der treet vart underlagt metodisk gransking. Det vart då slått fast at treslaget var eik av eit slag som berre finst i Midtausten, at det var kring 4500 år gamalt, mest forsteina og at det var impregnert med asfaltliknande bìk.

Rett nok hev det versert rykte um at Navarra seinare vart nøydd til å dementera dette som juks, og det vilde helst liberalteologiske og isolasjonistiske ”vitskapsmenner” ynskja, men sanningi er at Navarra heldt fast på sitt syn til han døydde, og vitna frimotig um dette både i skriv og på film. Her fylgjer avskrift av rapportane frå laboratoria som granska trestykket:

«Ytre Utseende

Den blokken vi mottok viste seg å være i begynnende forsteining, og dessuten på overflaten morken og sprukken, en fysisk tilstand som minner um den vi finner i peler og kanoer uthulet av trestammer som er brakt for dagen i pelebygningene i sveitsiske innsjøer, og som er bevarte i museene i dette land, særlig muséet i Zürich. Eftir krumningen av årringene å dømme skriver dette stykket seg fra et tre hvis marg havde en diameter på minst 50 centimeter.» [3]

Treverket vart ogso undersøkt i eit Zeiss Stereomikroskop:

«Tverrsnitt.

Inntrykket av begynnende forsteining bekreftes. Tykkelsen av årringene er ganske variable og ligger mellom 2 og 5 millimeter.

De primære margceller er forlenget i radialplanet, de sekundære ikke så sterkt forlenget. Begge slags celler later til å være rike på garvesyre.» [4]

Når det gjeld sjølve treslaget skriv forskarane:

«Visse spesielle karakteristika synes å vise at det er av en annen art enn de eikeslag som hyppigst kann studeres i Frankrike.

Fraværet av en regelmessig avtagen av de store kar i vårveden mot formasjonene i høstveden fjernet det fra Quercus pendunculate Ehrh og likeså fra den røde steneik: Quercus sessilis Ehrh.

Til gjengjeld synes det å nærme seg Quercus cerris L., i betraktning av de radiale, ensartede rekker som karrene i høstveden danner.

Dette vakre tre fra områdene rundt Middelhavet viser dessuten en tung og tett ved av en middels tetthet på 925. På den tid da skipene var av tre, ble de brukt i Orienten til skipsbygging.

Det må imidlertid være tillatt å nære usikkerhet um det er dette treslag eller Quercus castaneifolia Mey fra de sydlige og østlige Middelhavsområder. Dette tre frembyr en særdeles nærliggende anatomisk struktur med en middels tetthet på 938.» [5]

Trestykket Navarra havde med seg frå Ararat var firkanta. Det bare tydeleg preg av å vera hogd til av menneskehender – noko som ogso underbyggjer umsetjingi av gofér til «handforma treverk.»


[1] 1Mos 6:14ff, Ibid.

[2] 1Mos 6:14ff, Det Norske Bibelselskaps umsetjing av 1978/1985

[3] Fernand Navarra: Jeg Fant Noahs Ark, A/S Lunde & CO’s Forlag. 1958, side 182

[4] Ibid, side 182

[5] Ibid, side 185

03 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar VI: Edens Hage

Dette stoffet hev eg vore burtum tidlegare i same bloggen – men hermer det like fullt, sidan det høyrer med i argumentasjonsrekka.

Sedvanleg forståing er at Adam (A’dam) og Eva (Chawa), åt eit eple – frå treet som gìv vit på godt og vondt[1]. Men Bibelen segjer oss inkjevetta um at det var eit eple dei åt.

Kvar hev svo forståingi av at den frukti dei åt, kome frå? Den amerikanske bibellæraren og språkgranskaren Peter A. Michas, som sjølv er av græsk ætt, peikar i ei av bøkene sine på at denne seden faktisk er av græsk upphav, av di eplet i hellenistisk sedvane var reknad for å vera kunnskaps-frukti. [2]

Kva frukt var det svo Adam og Eva åt?

Sjølv stilde eg ein gong dette spursmålet til ein teolog og fekk ei lang utlegging til svar, utan at eg vart visare av den grund eller sat att med meire svar på kva frukt det var dei åt. Det han sagde, var at dei «klædde seg i fikeblad av di dei visste at desse var store og dekte nakenskapen sin med dei, av di dei skyna at desse dekte godt – og at det difor var minst truleg at nokon (Gud?) kunde sjå at dei var nakne.»

Lat oss prøva den utleggingi på logikken.

Tenk deg at du sjølv, for skuld saki, var på epleslang. Dersom du vart overraska av den som eigde hagen – kva gjorde du då? Sprang du til det treet som havde tettast lauvverk og gøymde deg bak det, sjølv um det stod hundrad meter lenger borte? Eller lagde du deg flat på marki, eller dukka deg ned bak næraste busk?

All logikk tilseier det siste. Svo ogso her. Adam og Eva stod under fiketreet, åt fikor og vart vár at dei var nakne i same stundi dei åt. Då treiv dei til seg det fyrste og beste dei kunde finna – for å dekka seg til med – nemleg fikeblad.

Stutt tid eftir at eg kom til denne konklusjonen vitja eg Israel og spurde ein ortodoks jøde eg møtte - um kva han meinte um dette. Svaret var eintydig, basera på tolkingsmåten P’shat.

–Ja, sjølvsagt var det fikor dei åt. Det hev me jødar visst i 4000 år.

Jamvel held vestleg forståing fast ved at det var eple; ikkì fikor, dei åt.

Lat oss stutt sjå på eit anna døme, som understryk same sanningi, denne gongen Remez.

Nokre få dagar fyrr Jeshua vart avretta, kem han til Jerusalem. På vegen gìng han forbi eit fiketre, og sjølv um fiketreet ikkì ber frukt på denne tidi av året, gìng han burtum for å leita eftir fikor. Då han ikkì fann fikor, auste han ut ei forbanning yver treet (aldri meire skal nokon eta frukt av deg…) som vitra med det same og døydde. [3]

Sedvanleg forståing av dette verset hev vore basera på at fiketreet er eit åndeleg symbol på Israel, folk og land, og at Jeshua difor med ordi sine dømer og segjer at Israel frå den dag av er forkasta av Gud. Men det høver dårleg både med det faktum at disiplane var jødar – at han sjølv tidlegare havde sagt at frelsa kem frå jødarne[4] - og ogso med Paulus sine ord som eintydig segjer: ”Hev då Gud forkasta sitt folk? Langt derifrå!...osb”[5]

Dette er ei rein eksegetisk utlegging basera på andeleg tolking. Men ser me dette verset i ljòs av det ovanståande um at Adam og Eva åt fikor, fær me ei heilt ny forståing av verset, nemleg at Jeshua som no (i fylgje kristen forståing) skulde døy og sona syndi som var komen inn i verdi (ved at Adam og Eva åt frukti av treet som gìv vit på godt og vondt). Då vert det Jeshua segjer altso eit domsord yver «treet som gìv vit på godt og vondt» um at det aldri meir skal få så sine syndefrø i menneskesôli.

Dermed hev me nytta både P’shat, D’rash og Remez, og sett ein del av Bibelen frå tre ulike ståstader, og fått eit meire heilskapleg bilæte å forholda oss til.


[1] 1Mos 2:17, Ibid.

[2] Peter A. Michas: The Rod of an Almond Tree in God’s Master Plan, WinePress Publishing, Mukilteo, WA, 98275, USA

[3] Matteus 21:19; Markus 11:14, Fyrebilsbibelen

[4] Johannes 4:22

[5] Romarane 11:1

02 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar V:Utdanning

Når det gjeld utdanningi fyrr og på Jeshuas tid lyt me understryka fylgjande sitat frå den svokalla kyrkjefaderen Hieronym:

Det finst ikkì eitt einaste jødisk barn som ikkì kenner soga frå Adam til Zerubbabel utanboks (altso frå byrjingi av gamle-testamentet til slutten av same[1]

For å visa kor viktug ein meinte utdanningi var, kann me sjå på fylgjande:

Ved fìm års alder er dei reide til å studera den skrivne torah’en. Når ein er ti år gamal er ein gamal nok til å studera den munnlege yverleveringi. Når ein er trettan, er ein reide til å verta bar-mitzvot (konfirmerad), når ein er femten, kann ein studera halakhot. Når ein er attan er ein gamal nok til å giftast, når ein er tjue kann ein byrja fylgja eit kall, og når ein er tretti kann ein gå inn i fulltids-teneste/arbeid.[2]

Dersom Jeshuas foreldre tenkte slik, noko som er ikkje er usannsynleg, teken til umsyn at Jeshua alt som tolv-åring fjetrad dei skriftlærde i Templet[3] (han havde då enno ikkì genomgått bar-mitzvah-seremonien), og det at han byrja tenesta si då han var kring 30 år.[4]

Men eg vil gjerne understryka kor stor plass undervisningi havde i det jødiske samfunnet ogso, og hermer frå Josefus sitt forsvarsbrev mot Apion:

Framfor alt legg me stor vìkt på utdanningi av våre born, og ser som ei av dei viktigaste uppgåvene i livet, å læra dei làgene og det å lìva eftir dei som fromme øvingar, som me hev ervd frå fedrane våre[5].

Talmud går jamvel til det steget å tilrå klassestorleik:

Maksimumstalet på elevar som er underlagt ein lærar, er 25. Er det femti, trengs det ein ekstra lærar, og um det er førti, trengs det ein hjelpelærar, til dømes ein eldre student.[6]

Jeshua klaga, som tidlegare nemnd, tz’dukane for ikkì å kenna Skriftorne. Det han meinte var at dei difor var blinde for djupnene i Bibelen. Dei var til dømes anten svo upptekne av den eksegetiske utleggingi av tekstane, slik mange teologar er idag, at dei gløymde eller avviste den bokstavlege skyningi. Dei såg vekk frå Remez-metoden, dei lo av Sod, og gløymde Kal V’Khomer.

Um den hi gruppa kann ein gjerne segja at dei var svo upptekne av den bokstavlege skyningi at dei havde ein tendens til å gløyma dei andre vinklingane.

Båe greinone låste dermed lesaren fast og førde til at dei fekk med seg kanskje ti prosent av heilskapen i Skriftorne. Kritikken råkar soleides både dei konservative og dei liberale i samtidi, som tilsvarande idag, og med det meiner ikkì berre innan teologien...


[1] Sitert av professor ved Hebrew University, Shmuel Safrai, under ei førelesing 5. juni , 1985.

[2] Mishna Avot 5:21

[3] Luk 2:41-47

[4] Luk 3:23

[5] Josefus, Against Apion, 1:60 (Loeb-edition), umsett her.

[6] Bava Batra 21a

01 februar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar IV: Tolking og Skyning

Sidan eg i det vidare kem til å nytta ymse jødisk-ortodokse umgrep, må eg naudsynleg nok forklåra desse. Alt på Jeshuas tid havde nemleg den hellenistiske tanken gripe sterkt um seg i verdi, serskilt kring Levanten[1], og ikkì minst i den jødiske røyndomssfæra. Millom dei høgare lag av jødefolket var det like ålment å snakka græsk som aramaisk, medan folk på grasrotplan – som læresveinarne og Jeshua sjølv nok kunde aramaisk, men snakka hebraisk til dagleg.[2] Fylgjene vart eit «paradigmeskifte» når det galdt tru, tanke og forståing av millom anna Bibelen.

Hebraisk er eit innhaldsrikt språk, mykì rikare enn både norsk og engelsk. Talet på synonym, homonym og antonym bugnar, slik at det som for éin stakar bibelomsetjar nok kann verka som ei umsvøpslaus umsetjing, kann tyda noko heilt anna for ein annan. Serskilt gjeld dette um umsetjarane kem frå ulike konfesjonar, og umsetjingar som er viktuge for deira grein av konfesjonen – sjølv um det ikkì hev noko med frelsesspursmål å gera.

Riven ut or sin samanheng og umsett for dette høvet, vil eg her nytta eit sitat frå boki «The Paradise War» av Stephen Lawhead. Det er hovudpersonen, Lewis Gillies, som talar:

... Eg trur dette havde med sjølve språket å gera. Det fanst ingen daude ord. Ingen ord som havde vorte utsette for rovdrift av eit halvt analfabetisk media, eller som havde fått mergen tært burtum genom grov misbruk. Ingen ord vart gjort meiningslause ved ovbruk, eller billeggjort ved byråkratisk tvetungetale. Fylgjene var at språket … var verdfull valuta, eit språk som ånda av meining: poetisk, bilætmessig, drønnande av rytme og ljod. Når ordi vart talt ut inneheldt dei nok kraft til å røyva ved hjarta svo vel som hovudet. Dei tala til sôli. Frå lippene til ein bard vart ei soge ei fjetrande openberring. Eit kvad vart eit vidunder av mest lamande venleik.[3]

Lat meg nemna eit døme: Der kor ein katolikk ser barnedåpen skina fram like klårt som soli, ser baptisten konsekvent vaksendåp. Det heile avheng i stor grad av den enkelte umsetjaren sitt grunnsyn. Og sjølv um både katolikken og baptisten som er nemnd i det ovanståande meiner seg å ha rett og eksklusivt grep um sanningi, er det rett å segja som den israelske forfattaren Ramon Bennett er kjend for å segja:

«Berre heile sanningi er sanningi. Ein del av sanningi vert lett ei usanning.»

Dersom ein held fast på dette, må ein ogso ta umsyn til at ei setning som for umsetjaren kann synast som enkel og likefram, på hebraisk både kann hava dobbel botn, og meiningar duld i talemåtar, idiom, aforismar og liknande.

I motsetning til kva mange trur, var Jeshua rabbin. Ein uvanleg rabbin rett nok, men av grunnspråket er det, når ein studerar det, lett å sjå at Jeshua underviste eftir sedvanlege jødiske metodar. Desse pedagogiske metodane, som framleides er rådande millom ortodokse jødar idag, er kalla:

P’shat – som tyder ei bokstavleg utlegging av skriftordet.

Remez – som tyder at eit skriftord vert forklårad av eit anna skriftord

D’rash – som er eksegetisk utlegging på åndeleg forståingsgrunnlag

Sod – som er ei djupare, mystisismeforståing, gjerne kabalisme

Kal V’Khomer – som tyder «tungt og lett» i.e. «dersom dette er sant um A, kor mykì meir er det då ikkì sant um B?»

Me ser vidare på dette frå i morgon av…


[1] Umrådet kring Middelhavet

[3] Stephen Lawhead: The Song of Albion; The Paradise War, Zondervan Publishing House, Grand Rapids, Michigan, side 180