31 januar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar III: Språkbrigde

Set frå eit lingvistisk punkt er det uråd å unngå at eit språk endrar seg og/eller vert tilført brigde på onnor vis. Når eit språk sluttar å verta brigda ved at sume gamle ord døyr ut og nye ord vert tilførd, vert språket statisk og døyr. Difor er det ogso naudsynt med uppdateringar av umsetjingir - serskilt på Bibelplanet. I Noreg hev Bibelen dei siste hundrad åri vorte publisert i fleire utgåvor:

1904… Det Norske Bibelselskap

1920… Aleksander Seippel med fleire gìv ut «fyrebilsbibelen» på landsmål.

1930… Språkleg revidering av 1904-umsetjingi utgjeve av Bibelselskapet.

1938… Indrebø-Bibelen. Biskop Indrebø reviderer Seippel-umsetjingi.

1978… Det Norske Bibelselskap gìv ut ny umsetjing bokmål/nynorsk.

1985… Det Norske Bibelselskap gìv ut revidering av 78-umsetjingi.

1988… Norsk Bibel, umsett av Gilbrandt, Wisløff og Berg.

1994… Norsk Bibel, revidert til nynorsk utgåve, konservativ i ordvalet.

1996… Bibelforlaget utgjev norsk umsetjing av New King James

1999… Bibelforlaget utgjev Norsk Studiebibel med tekst frå Norsk Bibel.

2005... Bibelselskapet byrjar publiseringi av ein ny norsk kyrkjebibel.

Noreg hev altso per idag eit relativt stort tilfang av Bibelumsetjingir. Millom konservative kristne hev for det meste 1930/1938-umsetjingi rådd grunden. Denne var ogso fram til 1975 den offisielle kyrkjebibelen. Frå 1975 av hev Bibelselskapet si nyumsetjing vore offisiell kyrkjebibel. Denne kom i revidert språkdrakt i 1985.

Men ogso dei konservative havde bruk for ei bibelumsetjing – og då tarv dei ei god, bibeltru umsetjing, noko Thoralf Gilbrandt, Carl Fr. Wisløff og Arthur Berg tok i tu med – og fullførde. Denne umsetjingi, Norsk Bibel hev slått god rot millom konservative kristne, men millom dei mest konservative er det framleides berre 1930/1938-umsetjingi som er «akseptert.»

Den seinast utgjevne umsetjingi, som er basera på den engelske New King James-umsetjingi hev særskilt slått rot i karismatiske miljø utanfyre den norske Kyrkja, men alt i alt hev framleides Bibelselskapet si umsetjing av 1975/1985 størstedelen av marknaden, utan at det fyreligg nokon akademisk dokumentasjon på dette.

Umsetjingsmåtar

Det finst fleire måtar å umsetja Bibelen på. Dei tvo som hev sterkaste røter i det teologiske miljøet er svokalla idiomatisk/meiningsumsetjing og svokalla ord-for-ord-umsetjing. Det avheng både av kva umsetjarfilosofi ein skriv seg til, og tidt kva teologisk grundsyn ein hev.

I Noreg er umsetjingi frå 1975/1985 representert med fyrstnemnde, medan dei andre hovudsakleg byggjer på hin metoden.

For einkvan som hev tolka eller umsett anten tekst eller tale, er det innlysande at det er uråd bokstaveleg å umsetja «ord-for-ord» og at dette beintfram er eit idiomatisk uttrykk som stend som ei motsetning til meiningsumsetjing, ved at ein freistar å vera svo trufast mot originalspråket som råd er – og unngå unaudsynte tolkingar.

Båe umsetjingsmetodar hev sine fyremuner og sine lyter. Sidan eg sjølv ikkì alltid hev vore av denne uppfatningi og tidlegare var svoren tilhengjar av 1930-umsetjingi, lyt eg segja at sjølv um eg helst held meg til Seippel-umsetjingi, og elles 1988-umsetjingi, er eg no ikkì lengre redd for å kika i andre umsetjingir – men einast for å finna varierande umsetjingir og sjå korleides andre hev løyst problematiske skriftord, alternativt kva filosofi dei hev bygt på.

Eg legg dessutan stor vìkt på lesing av det gamle testamente og hev vorte anklaga for å vera populistisk[1] når eg hev uttalt: Bli ein fartsfylt kristen – les GT.


[1] Svarbrev frå Den Norske Israelsmisjon, Bergen Krins, på fyrespurdnad um dei vilde vera med på ei offisiell Lauvhyttehelgfeiring i Bergen

30 januar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar II: Um Å Fara Vilt

I Markus-evangeliet stend det eit ord som er verdt å ta umsyn til. Dette gjeld serskilt Bibelen, bibeltolking, forståing av ord og vers som kann tykkjast som «vandskelege» og tilsvarande problemstillingar når det gjeld Bibelumsetjing.

«Jeshua svara: Er det ikkì difor de fér vilt, for di de ikkì kenner Skriftorne og ikkì Guds makt?»[1]

Um ein trur på Jeshua eller ikkì, er i denne samanhengen høgst irrelevant. Det kann ikkì rå nokon tvik um at Jeshua er ein historisk person, og at hans læresetningar, eftir jødisk séd, kalla Halakha,[2] er det sentrale her.

Konteksten Jeshua tala det ovannemnde i, var ein konfrontasjon med ei jødisk gruppe teologar som heitte tz’dukim, på norsk oftast kalla sadukearane. Namnet tyder «dei heilage» og desse var samtidas teologiske elite, i motsetnad til p’rushim farisearane (som tyder dei utskilde) var dei meir liberalteologiske, enn dei sistnemnde.

For å samanfatta kva Jeshua segjer til desse, kann me setja upp tvo punkt. Dei tok feil avdi dei:

1. Ikkì kende Skriftorne.

2. Ikkì kende Guds kraft.

I det fylgjande skal eg konsentrera meg um det fyrste punktet, og lyt då understryka at umgrìpet Skriftorne her er det som på hebraisk vert samanfatta i umgrìpet Tanakh. Dette er eit initialord som er samansett av forbokstavane T (Torah; Mosebøkene), N (Nevi’im; Profetskriftene) og Kh (Khetuvim; Skriftorne).

Mange kristne, og majoriteten av teologar idag er i det store og breide upptekne med det nye testamente åleine. Dei tykkjest sjå vekk frå at Bibelen er ein heilskap der både det gamle og det nye testamente er viktige delar. Sagt ned Jeshuas eigne ord: Dei kenner ikke Skriftorne, som på Hans tid var den einaste Bibelen som fanst.

Det nye testamentet, slik me kenner det idag, vart ikkì «kanonisert» fyrr på 300-talet og sjølv reformatoren Martin Luther vilde, svo seint som på 1500-talet jamvel byta ut Johannesopenberringi med eit skrift som bar namnet «Trìdje Korintarbrev.» Dette sistnemnde kan hava si årsak i den antijødiske haldningi som vaks fram hjå Luther – eftir at han uppdaga at jødarne ikkì vilde taka imot hans lære heller, men òg det faktum at Johannesopenberringi er eit serdeles jødisk skrift – fylt til randi av jødiske idiom og bilæte.

Som mange veit, men langt frå alle, spreidde nazistane genom sitt propagandaapparat ikkì berre Zions Eldstes Protokoller, men ogso Lutherskriftet «Jødarne og Løgnene deira» for med dette å fanga dei tyske lutheranarane i tanken – svo dei lettare skulde kunda verta stjorna i ynskt retning. Katolikkane havde dei alt kontrollen med, genom Vatikanet og dei konkordata dei hadde inngått med Pacelli, seinare pave Pius XII.

Ein sentral ting nazistane bruka frå Luther var millom anna umgrìpet «Arbeit Macht Frei,» som dei sette yver porten til Auschwitz, og fleire andre KZ-lægrar.


[1] Markus 12:24, som attgjeve i «Fyrebilsbibelen» umsett av Alexander Seippel, med fleire, cirka 1920. Kopirett: Studentmållaget i Oslo.

[2] Halakha, direkte umsett: «Måten å gå på,» altso ei retningsgjevande utlegging av eit bibelord. Sjå gårsdagens blogg.

29 januar, 2007

Frå Mitt Jødiske Skattkammar 1: Halakha

For å ha høve til å skyna Bibelen på djupet treng ein bakgrunnskunne. Det kann høyrast flåsut ut å segja sosso, men eg vonar i laupet av denne blogg-serien som du no hev byrja lesa å skulla spreida ljòs yver kva eg meiner. Totalt inneheld denne blogg-serien nok til å innehalda ei liti bok – svo du hev god tid fyre deg.

Det fyrste eg vil peika på, kann verka som sjølvsagt, men sanningi er at det ikkì er svo sjølvsagt som det kann høyrast ut. Kor mange samtidskristne veit til dømes kva halakha er? Og kvifor veit dei det ikkì, endå det var eit viktug umgrìp for meisteren sjølv, for Jeshua?

Altfor få kristne les nok i GT. Ja, det kann høyrast bastant ut, det er eg klår yver – men sant er at det er uråd å skyna det meste i NT – utan å ha god kunnskap um GT. Men det same gjeld ogso hin vegen – for NT er ogso lykjel for å skyna GT til fulla.

Halakha er hebraisk for noko slikt som det nynorske ordet «korleides». Med det meiner eg at ein elev (eller i dette høvet lesaren) spør: Kor gìng leida? Altso: Korleides? (Korleides skal me skyna dette?). Dette var eit spursmål som disiplane stilde fleire gonger, og som jamvel Jeshua stilde retorisk – for deretter å svara på det. Det svaret som då vert gìve er Halakha (fl. Halakhot). Forklårad på norsk: Retningsgjevande instruks um kvar ein skal gå, korleides ein skal gera sovore og sosso.

Fyrr me gìng vidare vil eg korso slå fast at alt du kem til å lesa stend for underskrivne si eigi rekning. Det er difor ditt andsvar, som lesar, å gå til Skrifti og sjølv kontrollera um det eg segjer og skriv kann ha noko for seg. Skulde du derimot kjosa og tru meg berre på bakgrund av det eg segjer – stend du sjølv andsvarleg – dersom det skulde visa seg at eg tek feil. Inkjevetta av det eg hev skrive her representerar noko(n) spesifikt kyrkjesamfund, trusretning eller teologisk fakultet, sjølv um sume gruppor kan hava samanfallande synspunkt på delar av det.

Jamvel er det rett å segja at eg ikkje utelukkande hev sôge konklusjonarne av eige brjost, men hev basera dei på studiar som eg hev gjort på privat nivå – og millom anna bøker eg hev lese. Bak dei fleste av desse bøkerne stend det tungvektige forfattarar, teologar og filologar. Eg er difor, eftir sjølv å ha granska det svo djupt eg kann, trygg på at de eg skriv hev eit solid fundament.

Eg vil difor freidig nok, i jødisk tradisjon – ha chutzpah nok til å bruka sume av dei same ordi som Jeshua gjorde og segja: «De hev høyrd det er sagt til dei gamle (…) Men eg segjer dykk …» Eg vil med andre ord i sume – rett mange faktisk – tilfelle peika ut for deg som lesar nye halakhiske forståingar av både det eine og det andre, basera både på teologi og filologi.

Denne blogg-serien er korso ikkì meint som eit personleg vitnemål, og heller ikkì som eit apologetisk dokument, men som nemnd ovanfyre rein chutzpah. Det tyder at eg vågar vera uvøren nok til å stilla spursmål ved sume fasttømra «sanningar,» frå teologisk hald, som eftir mitt syn hev vore altfor statiske altfor lenge. Det vil fulla vera uråd å unngå at delar av desse artiklane ber preg av apologetikk.

Mitt syn er at det upp genom kyrkjehistoria hev vorte gìve alt for stort rom til hellenistisk tankegang, og at sjølv konservative teologiske krinsar – serskilt dei som tek seg av umsetjing av Bibelen, ikkì hev havt mod nok til å gera noko med det.

Det tyder ikkje dermed at eg meiner at alle Bibelumsetjingar er dårlege – men at sume av dei, på sume stader, inneheld dårlege umsetjingar. Dette, trur eg, hev førd til at me ser aukande vilje til erstatningsteologi, og aukande vilje til tilnærming til den romersk-katolske læra – noko som eg meiner er til fåre for sann og rein messiansk (kriste) tru.

26 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven X – Um å draga i ulikt åk

Paulus åtvarar ikkì berre mot å hogga av røterne, men ogso på det sterkaste um å draga i ulikt åk med dei som er vantru. Spursmålet er berre: Kven er vantru – og kven hev rett til å avgera det?

I fyrste og viktigaste lekkjen her – må me slå det fast at det ikkì er gìven nokon truande (messiansk, kristen) rett til å døma på det personlege plan – samstundes segjer det seg sjølv at det å bera fram ein domsprofeti – på Herrens bod (og det er eg ikkì svo viss på at eig rom svo tidt som ein skulde tru), ikkì er heilt uvanleg.

På den adre sidi – hender det at menneske er utrusta med adre ting enn åndelege gåvor – millom anna fysiske og mentale kapasitetar som set deim i stand til å tenkja analytisk med bakgrund i Bibelen. Ramon Bennett er ein av desse få, og i boki «Saga – Israel and the Demise of the Nations» (Norsk: Israel og dommen over nasjonene) går han detaljert til verks.

Han styd seg på at Paulus segjer at Herren er den same i går og i dag og til æveleg tid, at Skrifta slær fast at det ikkì finst nokon skiftande skugge hjå Herren – yver hovudet – og svo ger han eit drivande godt analytisk trekk.

Fyrst går han genom ulike nasjonar som er nemnde i Bibelen – og kva for politiske, militære, religiøse og mellommenneskelege trekk dei havde – og korleides dei (millom anna) handsama Israel. Han set upp ein parallell som viser at når ammonittarne gjorde sosso og sovore vart dei straffa sovore og sosso, og at edomittarne vart straffa på same vis for same brotsverk.

Dernest tek han fyre seg nyhendemeldingar frå heile verdi og ser på nasjon eftir nasjon – jamvel organisasjonar – og Vatikanet og ser kva «ulukker» som råkar dei ulike einingane.

Det mest forvitnelege er at Sovjetunionen (t.d.) fekk unngjelda på same måte for dei same brotsverka som dei gamaltestamentlege nasjonane gjorde. Høgt på straffelista (drôpen hev enno ikkì runne som fekk begeret til å flyta yver) ligg USA – og Norìg ligg jamvel dårlegare til enn USA ger det. Difor burde kann henda Norìg vera litt mindre høg i hatten – og litt meir audmjuk.

Me burde millom anna vera litt lettare på labben når det geld å døma adre land for synder me sjølv ger oss skuld i – ikkì minst når me rakkar ned på USA. Det tyder ikkì at USA er noko dydsmynster – men at Norìg er verre ute å køyra.

Det handlar um å i staden for å venda seg mot Israel – ikkì friviljug dra i ulikt åk med vantru: Ikkì berre politisk, men ogso religiøst. Det handlar um å sanna for all verdi at JHVH og allah ikkì er ein og same Gud. Det handlar um at når paven proklamerar (i samband med Mehmet Ali Agca-saki) at «me (katolikkane og muslimarne) trur på same Gud» - svo medgìv paven dermed at han ikkì trur på Bibelens Gud – og ikkì representerar dei som ger det – same kva teologar og prestar og biskopar – og sume frikyrkjelege forkynnarar trur – og meiner.

Diverre hev dei ikkì gjort det – og difor slit me med mengdor av nazisympatiserande menneske i ei lang rad tungvektige stillingar yver heile den vestlege verdi – ogso i Norìg.

For kor lite eg og du enn ynskjer å tru det - er nazisme mykì meir enn gutungar i militærstøvlar, skinheads og bøller som havde havt godt av å få seg nokre klaps på ræva!

25 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven IX – HEP, HEP, Hurrah!

40 gonger hev Jerusalem vore lagd i røys. Få byar i verdis historie hev jord som hev sygd til seg svo mykì blod som nettopp denne byen. Jamvel tyder namnet – på hebraisk: Jerushalayim – Ir: by – shalayim: fredsumgrìp – i fleirtal – slìk at namnet tyder: «Fredenes By» eller ogso «i ru'u shalayim» svo kann umsetjast: «Me skal sjå fred(er)». Då Titus inntok byen i år 70 EK, eftir ålmenn tidsrekning – fortel erveminnet oss at herføraren (Titus) umsider ropa: Hierosolyma Est Perdita – Jerusalem hev falle - og dinæst avstyttingi HEP – HEP – HEP… korpå soldatarne skal ha svara Hurrah! Kva tyder svo dette ordet «Hurrah»? Eftir ymse skriftor av meir eller mindre tviksam lingvistisk-historisk karakter – heiter det seg at ordet kann sporast attende til slavisk upphav –mange av soldatarne havde slavisk bakgrunn – og skal visstnok tyda; «jubel og glede – me er sæle og lukkelege!» Og svo tillet me ungarne våre å ropa «hipp, hipp, hurra» når me skal feira og jubla? Er det nokon måte å feira på då? Å proklamera at Jerusalem er fallen? Israel, folk og land – hungrar eftir fred. Problemet er berre det at dei som bur kring um deim – på alle kantar – korkì kann eller vil fred – saman med Israel. Ifylgje deira læreskrifter er «fred» synonymt med «utslettingi» av Israel. Dette hev ikkì berre vore truslære for all verdis muslimar i lange, lange tider – det hev og vore og er dogme for den romersk-katolske kyrkja. Dette er årsakad i og av at kyrkja sine røter vart hogde av – trass i apostelen Paulus sine åtvaringar um å hogga av røterne. Ei av røterne som vart hogde av var shabbaten – dagen då Jeshua stod upp att frå dei daude – noko som òg vert understrôke av Bibelen. Den som kann telja merkar fort det. Jeshua reid inn i Jerusalem på ein laurdag, feira påskemåltidet på tysdagen, vart krossfest på onsdagen (den 14. nisan) – og låg – i pakt med Jona-profetien trì netter og dagar i gravi, til han, i pakt med skriftene stod upp att på førstegrødedagen (den 17.nisan) – slìk Paulus understryk i 1Kor 15. Havde det ikkì hend i pakt med skrifterne her, vilde heller ikkì soningsverket vore gildt – og me havde framleides vore i synderne våre.

24 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven VIII – Namn av å lìva – og jamvel daud

Dette idiomet hev vorte kjend genom eitt av dei sju sendebrevi som apostelen Johanan – den yngste og lengstlìvande av alle dei upphavelege 12 disiplane – som seinare vart apostlar. på Herrens bod skreiv under tidi han var på Patmosøyi i Egearhavet. Denne konkrete frasen er retta mot ein kyrkjelydsleidar som var fråfallen.

Og det er fråfall det handlar um når me snakkar um å utgìva seg for å vera jøde – utan å vera det. Mykì tyder på at dette kann vera «israelarar» av den stammen av dei tolv som Gud forkasta – Dan (les nøye 1Mos 49, og dinæst stammelista i Openberringsboki og samanlikna dìsse).

Førre paven var, som eg hev vist tidlegare ikkì millom deim som kann smykka seg med titelen «Mors beste barn» - med mindre ein då, når ein segjer mor – anten meir «Mor til skjøkjene og styggedomane på jordi» eller «himmeldronningi», som dei kallar «Jomfru Maria» og som Karol Wojtyła ope tilbad og aldri tok fråstand frå dyrkingi av.

Det hjàlper svo lite at paven (Wojtyła) stend fram og segjer «eg føler sorg yver det som hende jødefolket under adre verdskrigen», svo lenge han ikkì hev vedkjend seg den skuldi han sjølv ber i svo måte.[1]

Verre er det at Vatikanet – som snart sjølv hev ambassadørar frå alle verdis land – og som stend i ferd med å verta akseptert som frittståande nasjon av FN, helst nyttar namnet «Palestina» - filistarland – i staden for Israel, og tok imot Jassir Arafat – i audiens (men, svo var dei brør i åndi, i det minste kva seksuell «legning» geld. Arafats eskapadar med unge gutar og seksuelt perverse utskeiingar vart dokumentert på eit videopptak som vart gjort i Romania – tidleg på nitti-talet).

Det er ikkì lett for paven å svelgja at Israel er eit landområde som Gud hev sett til sides – og sett Israel, korkì paven eller FN eller PLO eller nokon adre til å forvalta. Den som ikkì trur Guds Ord på dette – vender i praksis ryggen til Gud – og må sjølv bera det andsvaret som fylgjer med dette.

Og Karol Wojtyla uttala seg heller aldri i nokon form eksplisitt negativt um nokon nazist eller naziorganisasjon. Svaret på kvifor – veit du allereide.[2] Og når ein tek til umsyn at W sjølv ordla seg slìk: «Gå ikkì til Gud for å få tilgìving. Kom til meg».[3]


[1] World Watchers International, The Brussell Tapes; The Crime and Punishment of I. G. Farben-J. Borkin; Information Network Against War and Fascism, Tape "Auschwitz Pope"; Deals-C. Moch & V. Virga, 1984, Crown Publishers; Battle Cry, Dec. 1983

[2] World Watchers International, The Brussell Tapes; The Crime and Punishment of I. G. Farben-J. Borkin; Information Network Against War and Fascism, Tape "Auschwitz Pope"

[3] Los Angeles Times, 12. Des., 1984

23 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven VII – Jødisk namn, men ikkì jødisk

Ein kem ikkì undan det. Bibelen er jødisk – og frelsa kem fråm jødarne. Frå fyrste blad av Upphavsboki til siste blad og ord i Johanansopenberringi er ho genomsyrd av det jødiske elementet. Det handlar um Abraham; og den identiteten han bar med seg.

Kvifor vart svo jødefolket utvalde? Bibelen gìv oss svar ogso på det: Ikkì avdi dei var store og glupe og viktuge i verdssamanhang – men av di dei var det minste og mest uviktuge i verdssamanhang. Slìk er nemleg Guds planar:

«Ikkì det som var høgt og ærbart, utvalde Gud seg, men det som var lite i verdis augo, det som inkjevetta var verd.» (1Kor 1:27)

Det er ogso det som peikar ut denne vesle byen Jerusalem på toppen av eit fjell. Ikkì er han stor, ikkì er han særleides strategisk plassert – samanlikna med adre viktuge byar i verdshistoria, og landet rundt er for det meste forørkna – men Israel er og forblir Guds førstefødde, som folk å rekna, og difor hev dei dubbel del av arvi – medan alle adre lyt nøya seg med kvar sin del som er mindre.

Her var det Jeshua vandra – og utgjorde majoriteten av si teneste. Som jøde, som rabbin. Her underviste han, her gjorde han sine under og mirakel – I Guds namn; og her proklamerte han at ein gong i framtidi skulde det koma ein annan mann – i sitt eige namn – og at ein del av Israelsfolket i det minste – for ei tid – skulde tru at han er Meshiach/Messias.

Kva tyder svo det? Ingen ting er godt å slå fast med utvetydig røyst i dette spursmålet. Men det tykkjest ikkì vera urealistisk å tru at han kann visa til at han (eller ho?) hev jødiske aner…

Lat oss spekulera eit grann, slìk som forfattarane av den bestselgjande serien «Left Behind» hev gjort. Dei hev millom anna presentert ein austeuropeisk antikrist ved namn Nicolae Carpatia som sjølv vil byggja templet i Jerusalem – men eg må berre undra meg yver dette: Kvor er det jødiske elementet i denne personen?

Eg segjer ikkì at antikrist er jøde. Ikkì eingong israelar – men det er ikkì uråd at han hev ei eller anna slektstavle i jakkeermet som «provar» at han «er» jøde eller «har» jødiske aner.

Når det er sagt finst det per idag ein sentral person i europeisk samanhang – som eftir sume kìldor skal hava ei slìk slektstavle – hevdande at han kann føre slektstavlene sine attende – til Jeshua på den eine sida – og Muhammed på den hi.

Det er ein forvitneleg tanke. For antikrist må naudsynleg skapa eit slag «fred» - ikkì minst millom jødar og muslimar… kva då med tanken um eit sams tempel i Jerusalem; ikkì berre for jødar og muslimar – men for alle verdis religionar. Tanken er kitlande og drivande.

Det finst mykì anna som ogso kallar seg med jødisk namn – men som ikkì hev jødisk identitet – eller sagt med eit anna jødisk idiom: hev namn av å lìva – men er daud!?

22 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven VI – Fiketreets løyndom

I motsetnad til kva sume teologar hev ymta frampå klædde ikkì Adam og Eva seg i fikelauv avdi lauvet er storvakse – men avdi dei brått vart vár at dei var nakne – og reiv til seg det første og beste dei kunde dekka seg til med – der dei stod under fiketreet dei havde ete av.

Når Jeshua no var på veg til Jerusalem for å døy – for menneska sine synder – tala han til ”fiketreet” (Kann henda det jamvel vaks på same staden. Kven veit?) og han sagde: ”Aldri i verdi skal nokon eta frukt av deg meir” – underskynt: eftir at eg hev sona all verdis synder… svo visna treet. Det er litt av ei lekse – dette.

Dimed vert det ogso klårare kvifor Jerusalem spelar ei svo stor rolla i den tidi me no er inne i – og kvifor kampen og usemja um Jerusalem er svo stor som ho er – både i politiske og religiøse leirar; ikkì minst paveveldet og Vatikanet. Det handlar um makt.

I beste jesuittarstil hev difor Vatikanet sine utsendingar måla seg sjølv fram i vensæleljos med Israel. Men dersom ein går eftir saki i saumane svo vil ein finna at det meste av det som er sagt er tome ord – og at det ikkì ligg reelle vedkjenningar av skuld i noko av det pavedømet hev bore fram overfor Israel.

(Den rådande paven – Josef Ratzinger – hev du kann henda merkt deg; hev medgìve at han var medversmann i Hitlerjugend under krigen[1] - men han hev ikkì bede um orsaking – i staden hev han freista orsaka det burt i røykteppet – ved å grunngìva at han var ung og dum.)

Til sjuande og sist kem dette til å verta avslørd, og målet for Vatikanet sitt hat – dei lìvande kristne og jødane – kem til å verta eintydig. Dersom du no ser dette – hev du all grunn til å verta vreid – ikkì redd, og du bør taka på deg brynja, svo vel som skjald og sverd.

Eg hev i tidlegare bloggar vist korleides den katolske kyrkja i sin iver hev gått til åtak på alle som står dei imot – men med ulike våpn.

Det er ikkì utan grund at rabbi Moshe Shonfeld segjer: ”Frå utlendingstidi byrja, då me vart drivne frå det heilage landet, hev den katolske kyrkja vore verre mot oss enn alle kongarne på jordi. Alle steg ho hev gått genom historia hev vore dryppande av jødiske blod […] katolikkane i alle dei tysk-okkuperte landi drap jødar utan tanke, oppmoda av prestarne sine. Dei var alle fanatiske katolikkar – med umetteleg appetitt eftir jødisk blod”[2]

Det er heller ikkì utan grund at forfattaren Herbert G. Wells spurde: “Kvifor bombar me ikkì Rom?”[3] Wells mana vidare til at både Rom og Vatikanet burde bombast – sunder og saman.


[1] Les meire um Hitlerjugend, av folk flest kalla Homojugend. i boki, The Pink Swastika: http://www.abidingtruth.com/pfrc/books/pinkswastika/html/the_pinkswastika_4th_edition_-_final.htm

[2] Shonfeld, Moshe: The Holocaust Victims Accuse, side 14 og 16.

[3] Wells, H.G.: Crux Ansata: An Indictment of the Roman Catholic Church

18 januar, 2007

Det kan ta eit par dagar eller svo fyrr nytt innlegg kem. Eg er sjuk heime.

17 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven V – Draumen um Jerusalem

Som nemnd tidlegare skulle eg venda attende til Karol Wojtyła sine planar frå det adre Vatikankonsilet um at Vatikanet offisielt skulle gå vekk frå læra um at jødarne var ”Kristusmordarar” og frå antisemittismen. Eg skriv offisielt – avdi dette aldri kunde verta anna enn eit ferniss – eit ytre lag med pyntelister.

Det heile kokar nemleg ned til det faktum at apostelen Peter si grav ligg i Jerusalem – at Peter aldri hev vore i Roma – og naturleg nok ikkì ligg gravlagd der. Men viktigare enn det – og dette er det få som vil medgì, byen Jerusalem ligg der kvor Bibelens Edenshage, Paradiset, låg.

Vårt græsk-avleidde ord ”Paradis” (frå græsk: Paradeis) er ei transkribering upphaveleg frå det gamalhebraiske ordet ”Ha-Parad” som tyder ”Hagen”, bunden form eintal.

Korleides kann me svo enkelt slå dette fast?

Svaret ligg å finna i Bibelen. Ifylgje Upphavsboki vart dei fyrste menneska skapte i Edenshagen (Eden som sovore er eit langt større landområde og ikkì eins det same som Edenshagen). I hagen vart dei freista av den vonde som kom i skapnad av ein slange. Vidare les me i Ezekiel 28:

”I Eden, Guds hage, var du, yverstrådd med dyre steinar av alle slag: Karneol, topas og demant, krysolit, onyks og jaspis, safir, karfunkel, smaragd og gull. Arbeid i drive metall og utskurd prydde deg. Det var laga den dagen du vart skapt. Du var ein veldug kerub som gav livd, og eg sette deg til å vera på Guds heilage fjell, millom logande steinar ferdast du.”

Her plasserar profeten Ezekiel ”Guds Heilage Fjell” i ”Edenshagen”, Guds hage – og i heile Bibelen er det einast eitt fjell som er kalla ”Guds Fjell” – det er Zionsfjellet (Moria berg) der templet låg, og tempelplassen med den muslimske heilagdomen Klippedomen ligg til denne dag.

Enn meir forvitneleg vert det når me går til det nye testamente; eftir at Jeshua hev ridd inn i Jerusalem på Palmelaurdagen – og dei havde vore ei nôtt i Beit Anya, gìkk Jeshua og læresveinarne til Jerusalem, då dei kom forbi eit fiketre:

”Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt, og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han ’kje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor.[1] Då tala han til treet og sagde: «Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir!» Og det høyrde læresveinarne på.

Mange hev undra seg yver desse ordi til Jeshua. Men ser me dette i ljos av den geografiske lokaliseringi av Edenshagen – og tek med oss at Adam og Eva – dei fyrste menneska klædde seg i fikelauv blir det eintydig. Det skal du få lesa meir um i morgon.


[1] Fiketre ber frukt på hausten.

16 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven IV – Jerusalem, Jerusalem!

Det finst mange slag motiv i denne verdi. Alt eftir kva det er me ynskjer å uppnå – hev me primærmotiv og/eller sekundærmotiv. Vatikanet hev eit primærmotiv – framfor alle. Det er få makt yver Jerusalem[1]. Forvitneleg nok er denne draumen um makt over Jerusalem ikkì framand for Bibelen, som umtalar han slik hjå profeten Zakarja[2]:

“Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folki rundt ikring, og jamvel yver Juda skal det koma når Jerusalem vert kringsett. På den dagen skal eg gjera Jerusalem til ein lyftestein for alle folki; alle dei som lyfter på honom, skal riva seg sund, og alle folki på jordi skal flokka seg imot det.”

I moderne bibelomsetjingar er ofte ordet ”tumleskål” bytt ut med ”skål med rusande vin”. Utan eg har sjekka kva som stend skrive i grunnteksti, er umgrepet ”tumleskål” meir talande. Me brukar ikkje dette umgrìpet svo mykì i dag, lenger. Det næraste ein kem er denslag koppar me gìv spedborn for at dei ikkì skal søla ut drikka si, ein plastkopp med eit lite blylodd i ein rund botn som hindrar koppen i å velta utan at ein snur honom medvite på hovudet.

På det viset kann me altso segja at dei nasjonane som ligg i kring Jerusalem er som ”born” å sjå… når dei krev kontroll yver byen og segjer ”eg vil ha…” Men dei gløymer at byen Jerusalem er utsedd for Gud sjølv – eit spursmål som eg skal koma nærare attende til i ein seinare blogg. Eg vil fulla understryka at Jerusalem er nemnd som ”Herrens stad” og ”Den Store Kongens by” og ”Guds stad” – genom heile Bibelen.

Det er fulla ikkì berre dei arabiske nabostatane som ynskjer seg kontroll yver Jerusalem. Vatikanet ligg heller ikkì på latsida. Kampen hev alt pågått lenge – og er langt frå yver. Men Bibelen er klokkeklår, alle som lyftar på Jerusalem skal forlyfta seg – og riva seg sjølv sund. Det geld ikkì minst Vatikanet – og den romersk-katolske kyrkja, men det skal eg ikkì gå nærare inn på her – og no.

Vatikanet sitt primærmotiv hev korso vore skyve i bakgrunden i fleire år – avdi tidi ikkì hev vore inne. Men då FN gjorde avrøysting i november 1947 um Israel og Jerusalems framtid kom saken på dagsorden. Den svenske diplomaten Bernadotte ynskte å gera byen til internasjonal sone – han lyfte for tungt og dåe stutt tid eftir (men dermed er det ikkì sagt at den som utførte mordet gjorde rett som sovore).

Atter adre som hev freista lyfta på Jerusalem hev forlyft seg – og fleire kem visseleg til å gera det.

I 1973, nærare sagt den 26. september, skriv ”The Houston Chronicle” at Henry Kissinger – maktsjuk då som no – og fråfallen jøde, då som no – havde lansera forslaget om at ”Jerusalem [bør] bli ein internasjonal by der dei heilage stadene og den religiøse administrasjonen vert gìve til paven.”

Dette var jamvel vidareførd av Shimon Peres. I 1993 sende han eit brev til paven – med sendebod, den franske intellektuelle Marek Halter, der han lova gera byen internasjonal, gìva FN politisk kontroll over gamlebyen – PLO sin eigen hovudstad i territoria – og at Aust-Jerusalem skulde bli ein frisone for verdsdiplomati. Dette vert stadfest av den italienske avisa La Stampa. [3]

Men det stogga ikkje der. I 1995 vart eit telegram frå den israelske ambassaden i Roma oppsnappa – og yverlevert den israelske radiostasjonen Arutz-Sheva (Kanal 7). Telegrammet vart tvo dagar seinare prenta på framsida til den vìnstreradikale avisa Ha’Aretz, og stadfeste at Shimon Peres (då, utanriksminister) hadde lova kontrollen over Jerusalem til Vatikanet. Skandalen var eit faktum.


[1] Etter vitnemål frå ei rekke tidlegare høgståande katolikkar, millom anna jesuitten Alberto Rivera.

[2] Sjå kapitel 12

[3] http://www.rense.com/general6/chamish.htm

15 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven III – Tvo Alner av Same Stykke

Folk flest tykkjest tru at kommunisme og nazisme er tvo ulike ideologiar. Oftast vert dei, av media, skeivt framstelde som tilhøyrde vìnstre og høgre, og for å forsvara dette liknar ein ofte nazismen med fascismen. Inkjevetta kunde vera meir feil. Båe tvo er heimehøyrande på vìnstresida av det politiske spektrum – men medan kommunismen tilhøyrer det ytre vìnstre, er nazismen venstre-sentrum i sin natur. Fascismen på den adre sida ligg midt imot nazismen (tenk deg det politiske spektrum som ein sirkel som ikkì er heilt fullførd nede. Nazismen ligg tett upp mot sentrum på øvre vìnstresida, fascismen ligg tett upp mot nedre sentrum på høgresida) som eit slag forkvakla spegelbilæte – men fremjar dei same tankane og hev same endemålet. I beste jesuittiske tradisjon, sjølvsagt, sidan målet helgar midlet.

CIA, med sine nazistiske tradisjonar nedervd frå Reinhard Gehlen, ynskte ein meir høgrevend kontroll med Vatikanet, millom anna for å freista å brjota ned det famøse ”jernteppet”. Den kalde krigen måtte vinnast – kosta kva det kosta vilde. Gjenom sine kanalar valde dei ut Karol Wojtyła som sin ynskjepave – og arbeidde bak scenen for å få han vald som pave i neste umgang – og då pave Giovanni Montini (Paul VI) dåe den 6. august 1978, såg dei høvet til å få innsett Wojtyła som ”sin” pave. Stort vart sjokket då kardinalkollegiet i staden kjoste Albino Luciani (Johannes Paulus I) til pave. Men Luciani fekk berre 33 dagar på Fiskarens trunstol, då han vart myrda – forgifta – på trìdje freistnaden.

16. oktober 1978 steig Karol Wojtyła upp på Fiskarens trunstol – og der vart han sitjande i nær 28 år – som ein av dei lengst sitjande pavane nokon gong.

Det er ikkì lenger nokon løyndom at det romersk-katolske presteskapet er gjenomsyra av ein heller slett seksualmoral. Dette hev ei naturleg årsak i det pålagde sølibatet – som ikkì under noko umstende tilsegjer at ein prest eller ei nonne ikkì hev lov til å utøva sin seksualitet. Det er sjølve giftarmålet dei er forhindrad frå.[1]

Utarbeidde statistikkar viser at i vår moderne tid hev minst 68 prosent av det romersk-katolske presteskapet vore innblanda anten i pedofili, pederasti, homofili, eller adre perversjonar. Den amerikanske journalisten Nino Lo Bello skreiv utfyllande um den katolske kyrkja sine haldningar til prestarne og deira mange yvergrìp.

Sentralt i dette stod ogso den tyske kardinalen Josef Ratzinger, som leidar for ”det heilage kontor” (inkvisisjonen). Genom mange år havde andsvaret for å feigja sovorne ”skandalar” under teppet, og for å røykleggja mest mogleg – svo at minst mogleg skade skulle verta Vatikanet til del. Liten grund til å undra seg yver kvifor Ratzinger idag sit på truna sjølv.


[1] Marta Steinsvik skriv veldokumentert og utfyllande um dette i boki ”Sankt Peters Himmelnøkler” frå 1930.

14 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven II – flyktning på «heilag» grund

Vår polske kamerat, som me byrja fortelja um i går, var òg redd for livet sitt – og god, rettruande katolikk som han var – visste han at ingen kunde røyva han dersom han var på ”heilag grund”. Han flydde inn i ei katolsk kyrkje, og deretter til eit kloster, der han tok upp att sine akademiske studiar – og seinhaustes 1946 vart han ordinert til prest.

(Grunna sin umfattande kenneskap til kemi, vart han ogso brukt til å, ved hjàlp av kemiske stoff, å laga falske papir for ei rekke sentrale SS-folk[3], som USA vilde ha fat i. Litauiske brotsmenn vende seg til pater Jatulevicius i Via Lucullo 6, medan padre Gallov i Via dei Parione 33 tok seg av ungararane og dei kroatiske ustashiane vart redda ut av Monsignor Dragonovic og Magjerec ved Istitutio di St. Jeronimus.[4]

Etterretningsgeneralen Reinhardt Gehlen[5], som amerikanarane trong desperat til – for å verta leidande på etterretningsfronten, vart og hjàlpt ut. Gehlen fylgde i SS sine fotefar og bygde ein organisasjon som meir eller mindre var ein tru kopi av SS og Jesuittarordenen (SS var bygt på same organisatoriske leist) – CIA; men Gehlen var slugare enn som svo og fylgde i fotefari åt jesuittarordenens grundleggjar – Ignatius de Loyola – og bygde samstundes upp sin parallelle etterretningsorganisasjon – Gehlen-organisasjonen, jfr. hans eigen sjølvbiografi; Spion.)

Den unge presten, som lik alle adre katolske prestar er underlagt tvangssølibat havde sine vandskar. I tillegg til å ha lært homoseksuelle tendensar genom sine kontaktar i dei smalare krinsane av det tyske nazipartiet[6] - havde han og trong til å misbruka små gutar. Dette var svo velkjend i det polske arbeidarmiljøet at kvar enn han kom kasta arbeidarane skitne klutar på han – og baud han pella seg vekk, elles skulde dei drepa honom.

Men karrieren stana ikkì av den grund. Eftir tolv år vart han ordinert til biskop, og vart Polen sin yngste sovore. Men sjølv um han havde rett til vyrdnad grunna stillingi si, vann han seg aldri den heilt store populariteten. Ikkì enno. Under det adre Vatikankonsilet (1962-65) framlagde han idear som vart ståande sentrale i Vatikanet sin propagandakamp framyver mot planane um verdsmakt; mellom anna måtte Vatikanet offisielt taka fråstand frå både antisemittisme – og læra um at jødarne var ”Kristusmordarar”. Året eftir vart den enno relativt unge biskopen upphøgd til erkebiskop.

Men her rår eit problem. Det finst nemleg eit dogme, Dictatus Papae, frå 1075, då paven vart gjord ufeilbar, som segjer at einast paven kann innsetja og sparka biskopar, men òg at paven kann avsetja keisarar (merk dette!), samstundes som paven aldri kann dømast av nokon. Den katolske kyrkja hev aldri havt feil – og kem helder aldri til å taka feil, medan paven er hinsides all tvik heilag – jamvel medan han lever. Paven hev alltid rett når han talar ”ex cathedra” – frå lærestolen. Dette dekretet er aldri upphevd, og sidan paven òg vart gjord ufeilbar ved avstemning i kardinalkollegiet i 1870 – med attendeverkande kraft – står diktatet frå paven fast den dag i dag. Den katolske kyrkja er, for å bruka deira eiga slagord, ”semper eadem” – alltid den same. Dette skal eg koma attende til seinare.

Knappe fire år seinare, i 1967 vart vår polske krigsforbrytarprest, Karol Wojtyła, upphøgda til kardinal i den romersk katolske kyrkja, og vegen mot makttindarne var mest fullført. === [3] I.G. Farben-R. Sasuly, Boni & Gaer; World Watchers International, The Brussell Tapes; Information Network Against War and Fascism, Tape "Auschwitz Pope" [4] Blowback, Christopher Simpson, side 179 [5] Reinhard Gehlen

[6] Sjå fyldig utgreiding av dette i boki, The Pink Swastika

13 januar, 2007

Frå Løyndomskvelven I – Ein polsk alkymist kem på banen

Sjå det fyre deg, um du kann. Året er 1939, tidspunktet er stutt eftir at Tyskland hev gìnge yver grensa til Polen – og valdteke nabolandet sin suverenitet i strid med både folkeretten og internasjonal làggìving – i den grad sosso fanst. Folk flest i Polen var forbitrad, vreide som folk flest vilde vore det, um dei voro utsett for det same.

Men ogso millom polakkane fanst det svikarar, menn og kvende med harde hjarto – som ikkì havde hjarte for eige folk, eige land, eigne tradisjonar – og fedrearv. Sume av desse ynskte tyskarane velkomne.

Ein av desse polakkane var ein ung mann på vel 20 år, lynande glup set frå ein reint akademisk ståstad, serskilt var han glup i realfag og viste interesse for fysikk, kemi og litteratur. Utyver dette var han dugeleg i idrôtt. Men denne unge mannen havde andre interesser òg, noko som på merkeleg vis skulle visa seg seinare i livet.

Ei ålmenn fylgje av krig er ofte mangel på arbeid – men ikkì for denne unge mannen. Han fekk seg jobb i det tyske kemifirmaet I.G. Farben, og saman med tvo andre var han delaktig i å utvikla ein gass som fekk namnet Zyklon-B, ein cyanid-basera gass som var tenkt brukt for å utrydja skadedyr, insekt, rottor, mus, osb.

Marknaden for eit slikt stoff var korso ikkì yvervettes stor, og personar innan i I.G. Farben-systemet sådde tvik um det var tilrådeleg å produsera store mengdor av han. Dei kunde brenna inne med han. Den unge polakken havde korso eit naturleg yvertalingstalent – og han greidde snakka seg til å få eit høve til å selga gassen – i store nok mengdor til at det skulde løna seg å produsera han i stor stil.

Det gìkk då heller ikkì lang tidi fyrr han havde sikra seg ein stor og god kunde – primærkunden[1] yver alle – den tyske staten. Stoffet skulde brukast til utrydding av det som eftir nazistisk ideologi var å rekna for skadedyr – jødar, åndssvake, sigøynarar, slavonarar, osb.

I 1944, eftir trì år i dette vyrket byrja dei meir ”intellektuelle” av nazistane – og deira stydarar å merka at det byrja verta varmt under føterne deira – og planlagde upprettingi av ein hjelpeorganisasjon. I 1946 tok SS-offiserar i løynd til å setta upp ODESSA[2] – Organisation Der Ehemaligen SS-Angehörigen – organisasjonen for fyre dette SS-medversmenn (og deira næraste), og hjálp tallause krigsbrotsmenn til å undfly rettferdi.

==

[1] Leidingi i I.G. Farben inngjekk ei avtale med Hermann Göring, Heinrich Himmler og Reinhard Heydrich – der I.G. Farben skulde syta fyre ei jamn levering av gass til bruk i ”den endelege løysingi” av ”jødeproblemet.

[2] http://en.wikipedia.org/wiki/ODESSA

04 januar, 2007

Individualisme vs. Kollektivisme V

Medan Howard Roarke omtalar USA som eitt av dei beste landi i verdi, og forsvarar seg sjølv og sitt livssyn med det faktum at enkeltmenneskets fridom inneber retten til å søka si eiga lukke. Det tyder naturlegvis ikkì at enkeltmennesket hev rett til å gå utover Guds – og landets làger.

Midt i det heile krevst det personleg andsvar.

Men personleg andsvar er eit tvìegga sverd, og her hev sume land kome til kort. Medan ein til dømes i Norìg vil verta handsama for nær sagt alle sjukdomar (i det minste svo lenge ein er innanfyre visse aldersavgrensingar) er det ikkì slìk i USA. Men me hev set i seinare tid korleides folk som medvìte utset seg sjølv for skader (BASE-hopparar, og adre utøvarar av risikosportar) sjølve må greida upp for kostnadarne ved redningsaksjonar etc.

På den adre sida hev byråkratiet i Norìg genom dei seinaste 60 åri lagt alle tenkelege sperresteinar i vegen for det private initiativ.

I dette siste hev Arbeidarpartiet stort andsvar å bera.

I Amerika hev fridomen til dette vore stor. I sume statar kann henda for stor – og dermed hev me fått både aksjekrakk – og adre krakk som hev ført til at småsparar hev vorte skadelidande. Det norske pensjonsfondet si (inntil for nokre år sidan) sløsing med pengar som gjorde at store pengesummar gìkk tapt – er eit godt døme på manglande personleg andsvar – nørt oppunder av ein kollektivistisk tanke. Fylgjene er uppveksande slektor stend i fare for å mista ein potensiell pensjon.

Men midt i alt dette kem naturlegvis ogso Arbeidarpartiet sin draum um eit samlad Europa inn. Det mange ikkì ser – eller kann henda jamvel ikkì ynskjer å sjå, er desse fakta.

Medan USA representerar det individualistiske – fridomen, representerar EU det kollektivistiske – der det ikkì finst nokon reell fridom, samstundes som sosialistisk kontrollsjuke sit i hovudsætet.

Eg hev tidlegare sagt – og det held eg fast ved at inkjevetta godt kem ut av EU. Likskapen til Hitlers tusenårsrikedraumar er overveldande. Einaste reelle ulikskapen er at det ikkì er eit sams språk i riket.

EU kem truleg innan stutt tid (sjå referanse i tidlegare artikkel til Sete #666 i Europaparlamentet) presentera sin einskapsherskar – og då kem ein ikkì berre til å hava «eitt folk, eit rike og ein førar» - men ein kem til å få ei einsretting av all politikk, all utdanning og all tanke.

Ayn Rand åtvarar mot denne tanken der ho legg fylgjande ord i munnen på Howard Roarke: «Sjå på historien, alt me hev, alle storverk hev røtt seg i uavhengig arbeid i uavhengige hjernar. All gru og øyding kem frå freistnadar på å gera menneska til ein flokk av hjernelause, sôllause robotar.»

Dette er mest ei profetisk umtale av det komande EU – omtrent som George Orwell sine bøker «1984» og «Animal Farm», er det.

Hermed er du åtvarad, og kann ikkì lenger orsaka deg undan...

Individualisme vs. Kollektivisme IV

Eg vil byrja dette stykket med å herma meir frå Ayn Rand og filmen «The Fountainhead» (noko av det herma eg òg i førre del av stykket).

«Sjå på historien, alt me hev, alle storverk hev røtt seg i uavhengig arbeid i uavhengige hjernar. All gru og øyding kem frå freistnadar på å gera menneska til ein flokk av hjernelause, sôllause robotar; utan eigne rettar, utan eigne ambisjonar, utan vilje, von eller ærekjendsle. Det er ein eldgamal strid som hev eit anna namn: Individet mot det kollektive.»

Det fanst ein gong ein mann som heitte Josef. Han var ein av tolv brøder, søner av Ja'akov – som fekk namnet Israel. Avdi han var individualist og ikkì let seg konformera og gjenomsyra av den verdslege tanken um at han kunde gera kva som helst utan konsekvensar – vart han kasta i fengsel (1Mos 40, heile kapitlet).

Det stend ikkì noko um kor lenge han var i fengsel, men lenge nok til at han vart upphøgd til ein slag tillitsmann i fengslet, og då hoffbakaren og hoffskjenkaren vart fengslad og hamna i same fengslet som Josef – tolka han draumar dei havde – i tillit til Gud – og fekk rett. Den eine av deim, skjenkaren, vart frisett og bakaren vart avretta.

Kor lett voro det ikkì for Josef og ha smiska seg inn på deim båe med å tenkja kollektivistisk? Men Josef visste at sanningi stod yver alt, og ikkì let seg rokka ved. Difor tala han som Gud sagde han. Avdi han var individualist – og ikkì kollektivist – vart han sett fri.

Josef let seg ikkì brjota ned av den kollektivistiske tanken, og då farao byrja drøyma draumar som det kollektive prestelauget ikkì skyna seg på – stod Josef åleine att – og sagde kongen rakt i andlitet kva dei tydde. Eftir å ha tydd Farao sin draum vart han upphøgd til posten nett under kongen, farao.

Amerikas Sameinte Statar (USA) hev av mange vorte kalla «det adlaste landet i verdshistorien». Ayn Rand legg desse ordi i munnen på Howard Roarke. Det tyder ikkì at ikkì galne ting fær eiga rom i USA, for det ger det – men det vitnar um dette viktige at landet var bygt på ein konstitusjon der individualismen stod i høgsetet.

«[P]rinsippet um individualisme. Prinsippet um at eitkvart menneske hev urokkelege rettar. Eit land der menneska vart sett i stand til å søkja si eiga lukke, til å vinna fram og produsera, ikkì til å gìva upp og segja frå seg sine rettar. Retten til å ha framgang, ikkì til å svelta, retten til å uppnå noko, ikkì til å plyndra adre. Retten til å setja kendsla av eigne verdiar, eigne dygder og sjølvrespekt i høgsetet.»

Alt dette stend kollektivistane imot. Og det kem til å verta tydelegare eftir kvart som framtidi sig inn yver oss. Kollektivismen tenker nemleg onnorleides – og menneskerettane er underordna den tanken. Difor søkjer dei å brjota ned alt som minner um individualismen – og alle som neittar å bøygja seg under deira tanke og tru – skal knusast. Til sist kem jordi til å verta øydd ved denne politikken.

Kollektivismen kann ikkì tillata personleg fridom. Dei kann ikkì tillata at enkeltmenneske hev idear som ikkì samstemmer med det kollektive. Dette vert tydeleggjort av vìnstre-sentrum-politikken og sosialistisk politikk i alle avskygningar i dag.

Einskapsskulen er eit godt døme på dette.

Det same er tanken um at ein skal måtta følgja serskilte formlar – for å få rett på ein eksamen. I matematikk er formlane πr2 og πd2/4 likevyrde – og jamvel vert ein av dei avviste (korsom vart det slìk då eg gekk i ungdomsskulen…) Men svaret dei tvo formlane gìv er det same, og det er langt lettare å unngå samanblanding med formelen 2πr.

Det er vìktugare å vera langsynt – og langsiktig enn nærsynt og stuttsiktig, noko ogso Ayn Rand såg:

«Verdi går til grunne i ein orgie av sjølvuppofring». Einkvar mann hev rett til å lìva på sanningsgrundvolden – og hev retten til å eksistera for seg sjølv – ikkì eftir det alle adre meiner er rett. Det er fridom. Det er individualisme.

03 januar, 2007

Individualisme vs. Kollektivisme III

Den græsk-filosofiske tanken um kunst – er kollektivistisk. Tanken um at me som menneske kopierar alt me «skaper» basert på «arketyparne» i idéverdi vitnar um det. Men det opnar for eit vìktug spursmål. Kan det då eigenleg kallast å «skapa»? Kor vert det då av å vera skapt i Guds bilæte, og ha ein eigìn gneist av æva i seg (Forkynnaren 3:10) – ei sôl?

I den tidlegare nemnde einetalen åt Howard Roarke i filmen basera på Ayn Rand si bok «The Fountainhead», der Ayn Rand sjølv skreiv filmmanuset, let ho Roarke segja:

«Ein tenkjande mann må tenkja og handla på eigi hand. Den som resonnerar kann ikkì arbeida under tvang. Han kann ikkì lata seg underordnast under adre sine turvnadar, meiningar og ynskjor. Den frie tanken kann ikkì ofrast. Skaparen stend og fell med eigi domfelling.»

Den som trur på Gud, veit godt at han ikkì kann dansa eftir adre si pipe. Guds Ord stend fast, og den som kjoser å standa når Gud segjer gå, ger seg skuld i synd mot Gud. Den som trur på Gud veit ogso at kva menneska krev, meiner og ynskjer er underordna kva Gud vil. Det å lata sin tanke trælebinda av menneske er å lausriva seg frå Gud – og stå Gud imot. Den som let tanken sin trælebinda av Gud, vil merka kva fridom er for noko.

«[p]arasitten derimot, fylgjer adre sine meiningar. Skaparen tenker, parasitten hermar. Skaparan produserar, parasitten stel. Skaparen sin tanke er å underleggja seg skaparverket, parasitten sin tanke er å underleggja seg andre menneske. Skaparen tarv å vera uavhengig, og han korkì tener eller herskar. Han handsamar adre menneske som frie – og friviljuge livende. Parasitten søkjer makt. Alt han vil er å binda menneska saman i hopehavshandlingar og trælka deim alle som ein. Han hevdar at mennesket berre er ein reidskap, som adre kann bruka, at mennesket lyt tenkja som han tenker, handla som han handlar, og lìva eit sjølvlaust, gledelaust liv i teneste for alle adre – og ikkì taka umsyn til seg sjølv.»

Det er mykì rett i dette. Det å lìva individualistisk er ikkì det same som å lìva egosentrisk, og setja alle adre enn seg sjølv på sidelina. Det er ei lygn som vert propagert av kollektivistarne. Forvitneleg er det òg det som Ayn Rand segjer um at «skaparen tenker, parasitten hermar.» Serskilt når ein ser det i ljos av munnhellet «satan kann ikkì skapa, einast eftirapa».

Dersom det platonske synet um ei miming (mimesis, herming) av arketypar i ei ideverd er sann – svo må kunst i seg sjølv vera falsk. Når ein svo tek umsyn til spursmålet um kunst er sann eller ikkì – og slær fast at kunst ikkì er kunst utan å vera sann – fær ein fòr til mange filosofiske dryftingar.

Det sentrale ligg i vekslingi millom «sann» og «Sann». Den som ikkì trur på absoluttar av noko slag, kann naturleg nok ikkì tru på absolutte sanningar heller – og jamvel hev eg møtt fleire absolutistar millom desse enn millom deim som trur på absolutte sanningar.

«Sjå på historien, alt me hev, alle storverk hev røtt seg i uavhengig arbeid i uavhengige hjernar. All gru og øyding kem frå freistnadar på å gera menneska til ein flokk av hjernelause, sôllause robotar.»

Bibelens profetar, som til dømes Jermejah, Jeshajah og Jehezkel var både individualistar og absolutistar. I tenesta for Gud stod dei tidt åleine – som individualistar mot det kollektivistiske. Kongarne umgav seg med falske profetar som tala godord og øyrekløe til deim – og fortalde um alt det gode som låg i framtidi, og skulde det råka til at ein av Guds profetar kom og stilde seg fyre deim – som Moses fyre Farao – svo var dei absolutistar – som trudde fast på det Gud sagde til deim. Difor stod dei ogso fast.

Dermed er det ikkì sagt at ein skal tru blindt på det einkvan som kallar seg profet segjer. Ein lyt prøva det på Guds Ord, og be Gud um hjàlp til å skyna det, men stort sett er sanningi slìk at for den som trur på Gud – svo er det ikkì vandt å skyna når det er Gud som talar.

«Mine smalebeist høyrer mi røyst, eg kenner deim og dei fylgjer meg», segjer Jeshua. Difor er det skummelt å sjå kor vantrugne mange idag kallar seg kristne er. Serskilt millom deim som burde vita betre.

02 januar, 2007

Individualisme vs. Kollektivisme II

Sume tykkjest å tru at ein, for å vinna fram til hopehavets beste – må setja seg sjølv til sides – og bry seg mindre um korleides det går med ein sjølv –.

Men det er heller ikkì i pakt med Jeshua og Bibelen sine ord.

Det fyrste og det største bodordet er nemleg dette: «Du skal elska nesten din som deg sjølv».

Det stend ikkì skrive at du skal elska nesten din høgare enn deg sjølv.

Einkvan som hevdar at han ger det – eller at det er drivkrafti bak velgerningane hans/hennar – er ein lygnar.

Ser me på Guds skapargerning, er det tydeleg at Gud ikkì skapte for å gleda menneska. Menneska er jo ein del av skaparverket. Nei, Gud skapte for seg sjølv.

Atter vil eg herma litt frå Howard Roarke sin einetale i «The Fountainhead»:

«Ingen skapar er driven av ein trong til å gleda brørne sine. Brøderne hata den gåva han baud deim. Einaste motivet var sanningi. Sjølve arbeidet var målet. Arbeidet hans, ikkì dei som nytteger seg det, skaparverket hans, ikkì alt det gode adre vinn av det var målet. Skaparverket vart liggande i botnen for sanningi hans, og sanningi stod fyre seg sjølv og yver alt anna.»

No skal det rett nok presiserast at Ayn Rand her med Howard Roarkes røyst her ikkì snakkar um Gud – men hennar jødiske bakgrunn siver tydeleg genom her – og med den det grunnleggjande i jødisk filosofi: Gud.

Sidan mennesket som sosso er skapt av Gud – i Guds bilæte –vil ogso dette vera trekk i det skapande mennesket (Homo Sapiens Sapiens; det tenkjande og lærande mennesket; avdi eit menneske som både tenker og lærer ikkì kann lata vera å skapa.)

Dette er ei sanning som stend høgare enn adre menneske, og det er det som viser at me er skapt i Guds bilæte. Men det tyder ikkì at me er gudar. Menneske som er seg medvìte sin individualitet –av di det er skapt i Guds bilæt, er menneske som hev eit dygdsmerke – integritet i alt det ger og trur. Dei veit at reell fridom ligg å finna i det at ein let seg sjølv binda av eigi overtyding av at ein nettopp er skapt i Guds bilæt.

Der ligg manneætti si einaste von for heider og ære. Der – og einast der er det noko og vinna. Dei menneska som ger vrak på eigi sôl og integritet, sluttar å lìva – og vert berre «eksisterande» tome skal. Utan sôl kann ikkì mennesket lìva.

Utan sôl er mennesket uvæpnad, og med hjernen åleine som eige våpn – stend han eigenleg som væpnad med eit sløvt og nyttelaust våpen. Hjerne og sôl lyt gå hand i hand.

For å herma Ayn Rand (i Howard Roarkes person) vidare:

«Sôli er eit personleg attributt. Det finst ikkì noko sovore som ei kollektiv sôl. Eit tenkjande menneske må tenka og handla på eigi hand».

Abram var ein sovoren mann. Fødd inn i (eftir jødisk erveminne) ein familie som lìvde av å laga gudebilæte til bruk i private altar og ved heilagdomane i det gamle Ur i Kaldea, vart han kalla til å fara derifrå, av Gud. Men han let seg ikkì stjorna heilt av Gud – og for med heile ætti si – til Haran. Men Gud kalla han enno ein gong – denne gongen eksplisitt til å forlata huset åt far sin - avgudshuset – og gìva seg ut på eigi hand.

Der og då, i Haran, byrja individualisten Abraham å veksa fram or hopehavsmennesket Abram. Den einaste han tok med seg utanum kona si, Sarai, var brorson sin, Lot. Han greidde aldri heilt å lausriva seg frå hopehavstanken. Det kem tydeleg fram ogso seinare, når Lot søker til byarne på sletta – og dreg mot vìnstre – medan Abraham dreg til høgre og ut i øydemarki, der det ikkì var von um noko liv – um ikkì Gud voro med han.

Å vera individualist er ikkì det same som å vera åleine – men det er å vera fristild frå kravet um hopehav med dei som stend Gud imot.

Ut frå Abrahams lend spring ogso fram eit folk, og ein stat – Israel – som i sin natur er individualistisk. Ikkì avdi dei vil det sjølve – men avdi Gud hev sagt at slìk skal det vera. Difor vert ogso Israel hata av alle verdis nasjonar og stort set alle folk.

Men dei som hev lært seg å tenkja sjølv, lausrive frå det kollektive – og det tyder ikkì at ein ikkì kann tenkja saman med adre og arbeida saman med adre frå tid til tid – det tyder berre at ein ikkì let seg stjorna av adre, eller dansa eftir adre si pipe.

No må det i rettferds namn segjast at det finst vågnad for å verta ein utøylande individualist òg. Det er slike som i sin iver eftir å verta individuell misskynar kva individualisme er – og lausriv seg frå Gud, avdi dei ikkì likar tanken på at Gud både finst – og faktisk hev eitkvart å segja framleides i vår tid.

01 januar, 2007

Individualisme vs. Kollektivisme I

Eit av dei mest moterelaterte umgrepi i vår moderne tid er nettopp dette at me ikkì må tenka svo mykì på oss sjølve – men meir på hopehavets goder. Dette mantraet, som er typisk sosialistisk i sitt upphav, vitnar um ei grundleggande misskyning av kva som er til beste for hopehavet.

Medan Arbeidarpartiet forkynner frå sine preikestolar – og Kristeleg Folkeparti fylgjer med i dansen – er sanningi at hopehavet er bygt upp av enkeltpersonar, medan dei freistar å framstella hopehavstanken på ein måte som er i strid med seg sjølv. Ser ein det i ljos av Jeshua sine ord um at «eit hus som stend i strid med seg sjølv, kann ikkì verta standande», blir det sers forvitneleg.

Enn meir forvitneleg vert det um ein ser det i ljos av Jeshua sine ord til Kefa (Peter):

«Du er ein stein, og av sovorne steinar vil eg byggja mitt hus.» (Matt 13:18).

Kyrkja som sovore er det ultimate bilæte på korleides hopehavet skulde vera, men ogso her hev den bibelske hopehavstanken vorte bytt ut med sosialismen. Det som hev skjedd er med adre ord at sennepsbuska, som til vanleg er ei heller liti plante – hev vakse seg til eit tre som femner heile jordi – slìk at endåtil fuglarne byggjer reir i greinone på det.

Men det var ikkì slìk det var tenkt å vera. Eitkvart hopehav er som eit enkelt hus – det er bygt upp av enkelte steinar – der kvar enkelt stein hev like stor vyrd – og vyrd åleine. Difor er det meir bibelsk med individualisme enn kollektivisme.

Jamvel viser verdshistoria oss upp genom tidene at slike menneske hev vorte forfylgde. Det verste er at kyrkja (les: Vatikanet) hev forfylgd alle som neitta bøygja seg under den kollektive forståingi, under den parasittiske måten å skyna ting på.

I filmen «The Fountainhead» eftir Ayn Rand si bok av same titel, segjer hovudpersonen Howard Roarke – i ein berande monolog mot slutten av filmen:

«Genom århundri fanst det menn som tok fyrste steget på nye vegar utan å vera væpna med noko anna enn eigi framsyn. Dei store skaparane, tenkjarane, kunstnarane, vitskapsmennerne, uppfinnarane, stod eismall mot menneska i eigi samtid. Alle nye tankar vart møtt med motstånd, alle nye uppfinningar vart avviste. Men desse mennerne som korkì havde lånt eller innemurd visdom heldt fram. Dei slåst, dei leid og dei måtte bera byrder – men dei sigra!»

Slike trekk vil ein finna i alle som tenker individualistisk. I desse artiklane skal eg sjå litt nærare på ulike individualistar i verdshistoria. Lat oss byrja med Noah.

Det var ei tid då alle jordemassar på kloten var samla på ein stad, fortel Bibelen oss. Svo lenge denne tidi varte rìgna det aldri. Alle menneske var samla på ein stad – og alle tala same språk (men det var longo fyre Babel). Ut frå denne folkeskaren kaus Gud ein mann og baud han byggja eit skip av handforma tre (plankar og bjelkar) – eit arbeid han bruka kring hundrad år på å gera ferdig. Men svo var det ogso ingen som havde gjort noko liknande fyreåt.

Han havde ingen teikningar – utan det bilætet Herren havde gìve han inn i hovudet – ei kasse, ein ark, som var 300 alner lang, 50 alner breid og 30 alner høg.

Han vart det fyrste mobbeofferet. Folk lo av han og spita og spotta han då han snakka um at Herren havde sagt at det skulde byrja rìgna. Kann henda det ikkì var svo løge heller – um ein tek umsyn til at ingen havde høyrt um rìgn tidlegare.

Men same kva som hende – vart Noah verande individualist. Og sønerne hans, Shem, Ham og Jafet, trudde på han og fylgde han i arbeidet – saman med konorne sine. Best var at Herren sette pris på dette – på individualismen – og let Noah og hans hushald på totalt åtte menneske yverleva.

Ser du parallellen til idag?

Jeshua sagde jamvel at verdi i dei «siste tider» skulde vera mykì lik Noah si tid. Det er ei forvitneleg samanlikning. For idag ser me visseleg korleides individualismen atter vert ofra på hopehavets altar. Individualistarne vert singla ut, til spit og spott for adre. Og dei som ikkì let seg påverka av spiten og spotten – vert hundsa og forfylgd, avdi dei ikkì vil tilpassa seg – og dansa eftir adre si pipe.

Forvitneleg då å ta umsyn til kva gitarist og vokalist i Led Zeppelin, Jimmy Page, syng i den verdskjende rockelåta «Stairway to Heaven»:

«…and it's whispered that soon, if we all call the tune … then the piper will lead us to reason…»

Folk kann sjølvsagt dryfta seg imillom kven «fløytespelaren» er, men tradisjonen um rottefangaren – viser at det ikkì er Bibelens Gud.