31 oktober, 2006

Litt sanning

Jesus segjer um seg sjølv at Han er «sanningi, livet og vegen», slìk det er naturleg å uttrykkja det på hebraisk, avdi det utger eit svokalla fyrebokstavsord, tydande «Ein». Sagt med adre ord segjer Jesus, når me hermer ordskiftet med Toma(s) ein annan stad: «Eg og Faderen er Ein»[1] (ikkì eitt som det stend i norske umsetjingar». Dette fordi «Ein» (Echad; אחד) er eitt av Guds mange namn.

Men det var ikkì dette eg skulde snakka um, det var Sanningi, som òg er eitt av Guds namn; - og det i ljos av Arthur Schopenhauer (1788-1860):

«All sanning gjenomgår tre stadiar:

Fyrst vert ho latterleggjort; Dinæst vert ho møtt med valdeleg motstånd; og Til sist vert ho akseptert som sjølvsagt.»

Det er ikkì svo verst sagt av ein mann som lìvde mitt i upplysningstidi.

Enn meir: Det er sant.


[1] Joh 10:30

28 oktober, 2006

Kva er det som hûtar Guds skaparverk?

Svaret er inkjevetta!

Det er prest og kommunepolitikar frå Meland som meiner at byggjing av eit gasskraftverk på Mongstad hûtar Guds skaparverk. Han tek feil i det. Inkjevetta hûtar Guds skaparverk, fordi det i svo måte måtte hûta Gud sjølv. Teologisk set. Men det er ikkì løgje at han trur det, for det er i pakt med ålmenn vìnstreradikalt visvas frå KrF - som truleg er den organisasjonen som har gjort størst skade på kristenfolket i Noreg i si sak, nokonsinne. Serskilt etter at dei bibeltru byrja bli sjalta ut på byrjingi av 70-talet. Det som er eit hût mot menneska - er synd. Det burde då visseleg ein prest vita. Det er synda som hutar framtida til våre born. Det er synd som har medført klimaendringane og lidingane i verda - og Gud let oss halda fram, fordi det er einaste måten Han kann få oss til å læra på. Visst bryr Jesus seg om menneske som lider, men han orsakar ikkje syndi, og skuldar på andre ting. Kyoto-forhandlingane handlar ikkje om reint miljø, det handlar om hækn og pengemakt til ein liten elite - som ikkje trur på Gud. I Matteus 28:18-20 segjer Jesus: "Eg hev fenge all makt i himmelen og på jordi." Trur ein på det - så orsakar ein seg ikkje lengre med vìnstreradikalt visvas, men legg livet, verdi, og folk flest i Guds hender. Hemni høyrer Herren til, og Han åleina. Og Han skal ta seg av dei som øyder jordi.

26 oktober, 2006

Kor vert det av deim?

Norske ekspertar trur det berre er eit spursmål um tid fyrr store fjellmassar rasar i fjorden frå Åknes i Stranda på Sunnmøre. Som um ikkì det var nok er det lista upp 186 adre stader i Noreg der liknande kann henda.

Det er no 72 år sidan noko liknande hende; den gongen i Tafjord; og statistisk set kann ein rekna med 2-4 slike skreder innan eit århundrad. Det tyder då statistisk sett at mykì kann henda – og det vil det heilt sikkert.

Visste du forøvrig at det hev vore profetert at det skal skje. I Noreg. For ikkì lenge sidan? Eg skal ikkì her gå inn på detaljane – men kvifor er det svo mange som syt? Kor er tilliten til Gud?

Han hev jo sagt at han er den same i dag som han var i går og skal vera i all æva. Det må jo naudsynleg tyda at når ein land tillet synd svo må det ogso rekna med å verta råka av Guds straffedom.

Det er ikkì få som kjenner seg minna av Gud um å tala um ting Gud hev vist dei skal råka landet vårt – um ikkì Noreg umvender seg... men kor vert det av dei abrahamittane som tiggar og ber Gud um å drøya litt til?

25 oktober, 2006

Kvar vert profetane av?

"Utan profetsyn vert folket vilt, men sæl er den som held lovi." stend det skrive i Salomos Ordtøkje 29:18... Det er meiningi at det er dét denne bloggen skal handla um. Blir du med?