Ein må undra seg over enkelte kristne – serleg mange av deim som vert rekna som framståande kristne – og som tykkjer at noko av det verste som hev råka dei kristne verdi over; var reformasjonen.
Det kann ikkì vera anna enn rein blindskap.
Havde det ikkì vore for reformasjonen – vilde det idag truleg knapt vore kristne i verdi.
Ta til dømes Shane Claiborne som bur i det fatigaste distriktet i Philadelphia. Han lever på 750 kroner i månaden og meiner at den største tragedien ved reformasjonen var skiljet millom tru og gjerningar.
Tenk so blind det er råd å verta.
Reformasjonen var jo nett ei uppgjerd med tanken um at ein kann gjera seg fortent til himmelen med eigne gjerningar – millom anna det at ein ved avlat kunde kaupa seg rom i himmelen. Den protestantiske forståingi derimot er at gjerningane er ei frukt av frelsa – og ikkì motsett. Det var ei lausriving frå det loviske – frå Babylon som fekk eiga rom.
For all del – i mange samanhengar er evangeliet blitt gjort so "lett" at det faktisk ikkì er eit evangelium meir – utan at nokon ropar og seier frå um det.
Samstundes er det jo lett å skyna at Claiborne meiner det han gjer. Han hev jo fått upplæring frå mor Teresa – som til det siste tilba Maria – himmeldronninga – Babylons gudinne.
Ein kann undrast – er det slike tilstandar Claiborne vil attende til?
Tanken hans um at Jesus var "heimlaus" held helr ikkì mål. Jesus var "omreisande" – han var ikkì "heimlaus" – og det er ingenting som tyder på at Jesus var direkte "fattig" helr, sjølv um det ikkì er sagt nokon stad at han var "rik", i vår skyning av ordet.
Han hev nok rett i mykje av sin kritikk når det gjeld "kristent arbeid" som helr er "kristeleg" enn "kristent" – men derifrå til å femna den babylonske religionen med tilbeding av sola – det vitnar lite um å vera gjenfødd – som han snakkar so varmt um.

3 kommentarer:
hvis Jesus lever ville det vært kristne i dag, reformasjon eller ikke.
Jeg er ikke så sikker på om Claiborne er så blind som du påstår at han er. Og jeg tror også du mistolker hans utsagn. Jeg har lest en god del av det han skriver, og jeg har tilstede på hans forelesning på Menighetsfakultetet. Claiborne er en mann som tar Jesus på alvor, og lever et meget radikalt liv i etterfølgelse og forsakelse. Prokla Media kommer med en av hans bøker på norsk denne måneden. Jeg foreslår at du tar deg tid til å lese den, så kan du eventuelt skrive om ham etterpå!
Her lyt eg segja frå at i dette spursmålet er eg ikkì samd med min elles gode ven, Bjørn Olav. Det røynelege problemet var korsom ikkì svo ustrekt som det Bjørn Olav vilde hava det til. Eg hev ikkì sagt eit skeivt ord um angelsaksiske kristne. Det er den katolske kyrka som ikkì er kristen. Atter ein gong - eg snakka um den angelsaksiske - ikkì anglikanske kyrka. Den angelsaksiske kyrka gìng på tvers av alle registrerte og uregistrerte kyrkesamfund.
Legg inn en kommentar