20 desember, 2007

Skal me møtast i himmelen, Hans Fredrik?

Når TV2 slår på stortromma med sine elles forvitnelege program der dei samtalar med ulike kjendisar, meiningsytrarar, forfattarar og andre personar - hender det ofte at det vert tid til å setja seg ned. Men no i kveld snakkar dei ofseleg mykì um Hans Fredrik Dahl, marxisten og kyrke-kritikaren som i sin middelalderdom hev "umvend" seg - og no ber nærast tynt um å få den ultimative salvingi, eller "den siste olje" som det (sakramentet) ogso er kènd som.

Det står sjôlvsagt Hans Fredrik Dahl fritt til - for korkì Gud, staten, meg eller deg - kan i utgangspunktet hindra nokon å lata seg forføra.

For det er dét det handlar um her.

Hans Fredrik Dahl er komen i eve um si ævelege sæla, og no trur han at det å få tildelt den ultimative salvingi vil gèra at han møter ei open dyrr inn til himmelen når han eingong skal døy.

Det er trist, og det beintfram syrgeleg at eit elles uppegåande menneske - all den tid marxisme neppe handlar um å vera gènomtenkt og velfrisert i dei små grå - trur at ein formeleg kan kaupa seg inn i himmelen på dette viset.

Dei tek såre i miss.

Det finst berre ein einaste veg til himmelen. Det er gènom og i Jeshua Messias. Korkì dåp, sakrament eller signingar frå noko menneske kan opna den dyrri. Inkjevetta anna enn enkel, barnleg tru på Jeshua Messias (Jesus Kristus).

Eg fær segja det sovori: Eg vonar Hans Fredrik Dahl fær augo upp for dette og umvender seg til Gud snarast råd - og i alle høve før siste timen er runnen. For sjôlv um eg er usamd med Hans Fredrik Dahl i nær sagt alt han står for og meiner - skulde eg gèrna hava feira æva saman med honom - heime i himmelen.
 

0 kommentarer: