11 oktober, 2007

Dela Jerusalem – ja, gèr svo vel!

Det stend eit vers i Forkynnaren – Salomoboki i det gamle testamente, som lyder sosso:

«Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.»

Lat meg umskriva dette verset lite grann:

«Gled deg, du menneske, og legg fram planar um å dela Jerusalem, og gå på dei vegar du sjôlv tykkìr verkar rette – og fylg eftir dei propagandistiske tankarne du sjôlv tykkìr verkar viselege. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.»

Og, ja, eg kann segja dette med tryggleik og vissa, for Gud segjer sjôlv i sitt ord at:

«For sjå, i dei dagarne og det bilet, då eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, då vil eg samla alle folki og føra deim ned i Josafatsdalen og der halda dom yver deim for mitt folk og min eignalut Israel skuld, som dei spreidde millom folki, og mitt land hev dei bytt. Um mitt folk drog dei strå, gav ein gut for ei skjøkja, og ei gjenta selde dei for vin, og so drakk dei. Og kva vil det meg, Tyrus og Sidon og Filistar-bygder alle? Er det attergjeld mot meg det vil, eller vil de gjera meg eitkvart? Ovleg brått dykkar verk eg vender imot dykk sjølve… [hald gèrna fram med lesingi…]» (Joel 3:6-9 [osb])

Dette hev ikkì hend enno, og difor må det naudsynleg nok henda i framtidi. Og eg må medgì at eg trur ikkì det vert svo lenge til…

1. I dei dagarne og det bìlet, då eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem. [Det er i desse siste dagar, frå 1948 og fremetter]

2. Midt i Josafatsdalen ligg FN sitt hovudkvarter i Israel, og her skal nasjonane samlast – ikkì for å fordøma Israel, men for å verta dømde av Herren Gud.

3. Der skal dei dømast av di dei ”delte Guds land”, og avdi ”dei spreidde Guds folk millom all verdis folk”.

4. Serskilt nemner Gud Tyrus og Sidon (Libanon) og Filistarbygdene (Gaza). Andre stader i Ordet stend det skrive tydeleg identifisert andre statar (PA på Vestbarden; Jordan, Syria, Irak, Egypt, Iran…)

Og svo ser me stendig fleire dumme – ja det finst ikkì onnor ord å bruka for den som vil tala sanning – politikarar, som vil dela Jerusalem? Denne byen som ikkì eingong er nemnd i koranen – men meir enn 800 gonger i Bibelen?

Nei, vakta dykk, folk, svo ikkì Guds dom skal koma yver dykk. Og domen kem, eva ikkì på det. Anten ein no heiter George Bush, Kjell Magne Bondevik, Ola Dunk eller Ehud Olmert – den som røyver ved Guds augnestein – skal falla i den lìvande Guds hender!

Ære være Gud, Han som var, er og vera skal – i all æva!

4 kommentarer:

Mathias sa...

Israelske politikere er alle jøder eller ateister. Ingen av de er kristne. Knesset vedtok nylig et års fengsel for misjonæring, et godt vedtak spør du meg. Så hvorfor er Israel så fantastisk, sett i lys av din krisnte tro? De tolerer like lite kristne som muslimer.

Storstrand sa...

Israel er Guds utvalde land. Det er Gud som eig landet. Jødane forpaktar det. Jødane vart ikkì utvalde fordi dei er betre enn andre - dei er velsigna i serskilt monn fordi dei er utvalde.

Roy-Olav sa...

Dårleg med oppdateringar. Har du slutta med blogging eller berre på Målmannen.-forumet?

hlewagastiR sa...

Er denne bloggen lagd ned temporært?