Under ein tale i Stefansdomen i Wien sundag 9. september, skal pave Josef Ratzinger ha sagt at han ynskjer sundagen attende – sitatet som BBC News hermer er ”gi sôli sin sundag, og sundagen si sôl”. Dermed styrker paven nok ein gong den katolske vranglæra um at kyrka hev løyve til å forandra på Guds forordningar.
Gud har nemleg aldri forandra på kva dag som er kviledag. Den var laurdag frå byrjingi, og kem til å vera laurdag – i alle høve så lenge verdi står, um ikkì til æveleg tid.
No er det eingong sovore at mennesket – som er eit åndeleg vesen – tarv ein kviledag av sju – sjølv kommunistiske eksperiment som freista med tidagars-vìke måtte gì seg på at det ikkì let seg gera å brigda på det umrådet.
No skal eg for all del ikkì neitta katolikkar å gå til messe – korkì på sundagar eller andre dagar – men dei fær halda det innen eigne rekkjor, meiner eg. Den som trur på Bibelen, må stydja seg på Herrens Ord – og der stend det at Herren ikkì hev endra seg – men at Han er den same i dag som han var det i går, og skal vera den same til æveleg tid.
At paven ynskjer å revitalisera – den katolske religiøse praksisen – er vel og bra – svo lenge han held seg til sine eigne. Me protestantar – og då meiner eg realprotestantar – klynger oss til Guds Ord.
Gud sette sjuandedagen til kviledag. Det var laurdag. Jesus stod upp att frå gravi på laurdags ettermiddagen, slìk det stend i Skriftene – fyrr Havdalah–feiringi, eftir å lege 72 timar i gravi – slìk Skriftene segjer det skulde henda.
Elles takk, Ratzinger. Jesus sagde ein gong: …svo at um mogeleg endå dei utvalde (Israel) skulde verta forførde… stendig fleire av oss som stend med Israel – hev uppdaga dette – at Gud ikkì hev endra seg på noko punkt, heller ikkì når det geld shabbaten.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar