13 september, 2007

Mot kollaps for dollaren?

Det segjer i alle fall sjeføkonom Jan Andreassen i Terra Securities overfor VGNett. Han meiner at den norske krona vil styrka seg ytterlegare mot dollaren, som for augneblinken hev ein kurs på 5,64 – og meiner at det er realistisk at dollaren vil sjå 5,25 før utgangen av året – og 5,10 i løpet av neste år. Han om det. Han har nemleg greida på storfinans. Det har ikkì eg. Eg kan ikkì gì noko tidsråme, men seg ser ikkì vekk frå at det kan verta snakk um at dollaren kem til å falla endå lægre ned. Eg hev nemleg eit meir konspiratorisk syn på det som hender – og sjølv um NHO fryktar for at ogso Euroen skal falla – trur eg dei tek grovt feil der. Euroen kem truleg til å styrka seg ytterlegare, og dollaren kem til å falla ytterlegare. Alt er ein del av den store planen. For før EU kan reisa seg som den verkelege verdsmakti dei drøymer um å verta – må USA ligga med brôten rygg. Du veit, berre fordi um eg er paranoid, så tyder ikkì det at dei ikkì er etter meg.

2 kommentarer:

hlewagastiR sa...

På sikt lyt ein kanskje ganga attende til gullstandarden. Det er iallfall ikkje usannsynleg at dei internasjonale selskapi lagar ein eigen valuta knytt opp mot honom, slik slepp dei å forhalda seg til det som kan visa seg å bli verdlause "fiat-money".

Storstrand sa...

Gullstandard er bra saker.
Og flat skatt, sjølvsagt.