04 september, 2007

Mennesker spår… Gud rår

…heiter det seg i eit gamallt munnhell. Difor er det forvitneleg å lesa i avisa Dagen at familie- og likestillingsminister Karita Bekkemellem ”regner med fortsatt mye debatt om homoekteskap, men spår at den Den norske kirke til slutt «vil ende der hun er allerede».” Jaha, så Karita er begynt å spå… Det segjer meg tvo ting. For det første at ho er eit menneske. For det andre at Gud framleides rår – sossom Han segjer det i Matteus 28:18-20 -: «Eg hev fenge all magt i himmelen og på jordi. Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande, og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!» Kva tyder så det for oss? Jau, at det hev lite og inkì å segja: 1. Kva Karita Bekkemellem meiner. 2. Kva Den norske kyrkja si politiske meining tyder For di: 1. Karita Bekkemellem er og blir eit menneske. Hennar makt er avgrensad – og utan serleg vìkt. 2. Den norske kyrkja er ikkì ”den norske kyrka” per se, for ”kyrka ho er eit gamallt hus, stend um spiri mûn falla”. Me fær segja som ein vis mann sagde, ikkì longo: Ikkì gå i kyrka – vér kyrka!

0 kommentarer: