11 september, 2007

Har du tid til å venta på Gud?

I VG i dag, 11. september 2007, går Olav Gunnar Ballo (SV), partiet sin visepresident i Stortinget ut og meiner at partiet bør kvitta seg med miljøvernminister Helen Bjørnøy og Øystein Djupedal. Eg må då stilla spursmålet: Kvifor det då? Bjørnøy og Djupedal er dei mest uttalte medlemmene innan SV – og dei som ytst sett står for det SV står for – sterkare enn nokon andre. Men kann henda det er det er dét Ballo er redd for? At dei skal tala svo klart at folk vaknar for røyndomen um kva for ei samling av useriøse raddisar det i det heile teke er snakk um? Kvifor er det ingen som spyrr: Kva er Guds vilje i dette? Me hev ein eigen evne til å halda fram våre eigne tidsplanar og tidsråmer. Men tenk litt no, dersom det er sant (og det har me all grund til å tru!) at for Gud er ein dag tusund år – og tusund år som ein dag, så tyder det at for Gud er eit minutt – åtte og ein halv månad av vår tid – og eitt sekund vel fire dagar og fem timar. Kva um me tok oss litt betre tid og venta på Herren? Me har eit fullstappa mål med ord frå Herren som segjer dette: 2Mos 14:14, 2Krøn 20:17, Salme 37:7, Salme 62:6, og Klag 3:26. For som Herren segjer det: «Alt hev si stund, og kvart tiltak under himmelen hev si tid: Å Fødast hev si tid, og å døy hev si tid; å planta hev si tid, og å riva upp det som er planta hev si tid; å drepa hev si tid, og å lækja hev si tid; å riva ned hev si tid, og å byggja upp hev si tid; å gråta hev si tid, og å læ hev si tid; å syrgja hev si tid, og å dansa hev si tid; å kasta stein hev si tid, og å sanka stein hev si tid; fangtak hev si tid, og å halda seg frå fangtak hev si tid; å leita hev si tid, og missa hev si tid; å gøyma hev si tid, og å kasta burt hev si tid; å riva sund hev si tid, og å sauma i hop hev si tid; å tegja hev si tid, og å tala hev si tid; å elska hev si tid, og å hata hev si tid; ufred hev si tid, og fred hev si tid.» Misstyd meg ikkì, eg vil helst ikkì hava SV i regjeringsposisjon i det heile. Dei er for brune til det (raudt og grønt blanda vert brunt, ja!) – men er viljug til å venta til Guds time er inne. Men eg undrast om Ballo er det? Og du? Er du?

0 kommentarer: