07 august, 2007

EIn avmytologisert Heilag-Olav?

Biskop Emeritus, Gunnar Stålsett, er ovnøgd med årets utgåve av Olavsspelet på Stiklestad, og meiner at det er bra at personen Olav Haraldsson (oks. Olav Digre) vert avmytologisert. Det er eg hjartans samd med Gunnar Stålsett i. Problemet er at dersom Stålsett og hans likesinna fær det som dei vil, vil helst Olav Haraldsson verta meir mytologisk enn sunt er. For dei trur jo visseleg at Olav Haraldsson var katolsk kristen - noko som ikkì berre er i strid med Snorri Sturlussons kongssogor - men ogso sanningi. Det var nemleg ikkì den katolske kyrka som kristna Norìg, men den keltiske kyrka. Det same geld soga um tvangskristningi. Det er mykì som lyt ryddast upp i her. Det tyder ikkì at Olav ikkì var eit barn av si tid, men at sanningi vert forvridd, og at alt er léd i ein plan. Men Stålsett hev rett i at ein vågar å stilla spursmål. Det er einaste måten å få sanningi fram på, serleg den delen av sanningi som i århundrar hev vore undertrykt av Vatikanets kadrar. Samstundes segjer kyrke- og kulturminister Trond Giske at "Vi trenger kunstnere som provoserer og går nye veier". Men spursmålet Giske ogso burde ta til seg, er dette? Kvifor geld det berre kunstnarar og meiningsytrarar på venstresida - og som har eit antikristeleg syn? Kvifor er det ikkì akseptabelt at kristne kan provosera, som til dømes Børre Knudsen, Ludvig Nessa, Per Kørner, Finn Jarle Sæle, Jan Hanvold, Norvald Yri, etc. etc.?

2 kommentarer:

Roy-Olav sa...

Våre kristne røter kjem frå dei britiske øyer og Irland, men i den tidlege mellomalderen (800-1130) er det seinkeltisk og anglosaksisk kristendom som pregar den nordvestlege delen av Europa. Der er det ein klar ulikskap med den keltiske tradisjonen ein finn nokre hundre år tidlegare. Begge dei førstnemnde retningane er i hovudsak latinsk kristendom.

Nå kan ein sjølvsagt hevde at den romersk-katolske kyrkja ikkje hadde like god kontroll over områda i vest, og at det får utslag i bibelomsetjingar på nasjonalspråka og messer på morsmålet (som ein finn både på dei britiske øyer(?), Irland(?) og i Noreg), men det er nok heller eit resultat av nasjonsbygging. Eit spørsmål er også kor tidleg kristendommen fekkfotfeste i Noreg, men det er neppe lenge før 800.

Når ein kjem mot slutten av høgmellomalderen 1130-1350) og i seinmiddelalderen(1350-1537), er Noreg eit romersk-katolsk land med sterk kyrkjekontroll direkte frå paven i Rom. Så katolikkane har nok meir dei skulle seie enn vi likar… ;-)

Storstrand sa...

Gode Roy-Olav.
Mykje av det du nemner her er myter.
Kristentrui kom til Noreg, longe fyre den katolske synoden i Whitby, då keltarkyrka vart valdteke av Rom. Og Keltarkyrka gìkk då under jordi, men dreiv aktiv misjon til andre land i fleire hundre år enno.
Katolismen fekk ikkì makt yver Noreg fyrr kring 1300, og svartedauden var ein reell årsak av dette...