10 august, 2007

"Dyrets" merke?

"Pus må vise ID" skriv avisa Vårt Land den 8. august. Styresmaktene meiner det for mange villkattar her til lands - og at dei må merkast...

Det er forvitneleg. Visseleg ser eg ikkì burt frå at det er for mange villdyr her til lands, serskilt for mange villkattar, og jamvel ville hundar (sjølv um Russland nok slær oss grundig ned i støvlane der!). Like fullt er det spursmål her som media burde stilt, og som dei ikkì stiller. Kvifor det? Og kva spursmål? Dyresaker sel godt. Hev du ein sak om dyr som lid'r fær du alltid seld saken til media - gode pengar det er ogso å heimta. For frilansjournalisten som finn saken fyrst. Og for all del. Det er ikkì rett å plaga dyr. Det må eitkvart tenkande menneske taka fråstand frå. Å skaffa seg kæledyr og svo kvitta seg med dei, når det ikkì høver lenger - det er andsvarsløyse. Det sømer seg ikkì. Men når 250 000 hundar og kattar i Noreg alt er merkte med ei mikrobrikke som ger at eigaren kan identifiserast um hunden skulde fara vilt - kva peikar det på anna enn realitetarne frå George Orwells eminente bok "1984"? Kor langt er overvakingi komen? I Noreg? Kva vert det neste? Er det konturane av dyrets merke me ser i denne dyremerkingi?

0 kommentarer: