10 juli, 2007

Er det tyske folk eit glupt folk?

Underskrivne tykkjer at det er eit spursmål me godt kann svara ja på. I ei spyrjeundersøkjing nyss hev nemleg det tyske folk svara at dei trur meir på den tyske programverten Günther Jauch (millom anna programvert for ”Vil du bli millionær?” i Tyskland) enn dei trur på Josef Ratzinger.

Det tykkjest meg vera ei sunn avgjerd.

For kvifor skal me tru på ein svokalla kyrkeleidar som hevdar seg å vera overhovud yver heile den kristne kyrka, og ufeilbar i lærespursmål – når han forkynner i strid med Guds Ord?

Jesus hev sagt eintydig at me ikkì skal kalla noko menneske for ”far” (papa, pave). Difor, ikkì minst bør styra langt undan klørne åt leidaren for denne styggedomen som den romersk–katolske kyrka er.

Men meir enn det. Både førre pontifexen (”paven” kallar seg sjôlv for ”Pontifex Maximus” som upphaveleg var titelen for Jupiterdyrkarane i det gamle Rom) og denne manar til tru og tilbeding av Maria møy (som romarkyrka hev forvrengt til å verta himmeldronningi, guddomen frå Babylon).

Som ikkì det voro nok var Ratzinger medversmann i Hitlerjugend under krigen – og det å sanna at det er sant – er ikkì det same som å be um orsaking for det synet ein då stod for. Serleg ikkì når ein freistar orsaka det burt med at han var ung og vankunnig.

Difor bør me slå fast at det tyske folket – i denne saki – er all ære verd. Dei hev gått fyre oss med eit godt fyredøme – og vist verdi kven dei ikkì hev lit til.

Me burde fylga i deira fotefar.

2 kommentarer:

mueja sa...

-.-

hlewagastiR sa...

Hev du lese "The two Babylons" av rev. Alexander Hislop?