Eg hev skrive det fyrr, og eg skriv det atter. Det er på tide at lygnarorganisasjonen framfyre nokon – vert delt upp i enkelte delar og lagt ned. Ein gong for alle. Ja, eg meiner FN.
Seinaste utspelet er å finna i ein rapport um issmelting: ”Global Outlook Report on Snow and Ice”, som vart presentert i Tromsø i dag. Eitt av dei meir ”sjokkerande” funni som vart presentert er at alt som ligg lægre enn 64 meter yver havet kann verta slukt av bylgjorne…
Det undrar meg kvifor ingen stiller spursmål ved lygni. For lygn er det. Men leidaren for FN sitt miljøprogram, Achim Steiner, hevdar like fullt at det er sant.
Det er komplisert å gå inn på dette utan å forklara detaljar, men det let seg vandt gera. Rapporten frå FN fortel at 150 Km3 is smeltar kvart år, og ev dette held fram kem havnivået i heile verdi til å stiga med 63,9 meter (respektive 56,6 meter ev Antarktis smeltar og 7,3 meter til ev isen på Grønland smeltar).
Dette kem då, eftir FN sitt syn å råka serskilt lægtliggande land som Bangladesh, Holland, ulike atollstatar i det indiske hav – og Stillehavet. Norìg kem ogso til å verta hardt råka, - alle hamnebyarne i Norìg kem til å gå flyten…
Når det er sagt, må me trekkja fram at det er noko dei visseleg gløymer. Det er at t.d. innlandsisen på Grønland – var mykì, mykì, mykì mindre i Vikingtidi enn han er i dag. Det hev me historiske kìldor på, som fortel at Grønland var ovleg fruktbart og at det vart dyrka i langt større umfang enn det er mogleg her og no.
Me veit ogso at det fyre den ”vetle istidi” cirka 1500-1750, var ein langt varmare periode – kann henda sidan longe fyre vikingtidi. Me hev leivingar i form av kart som viser eit isfritt Antarktis – utan at dei resterande kontinenta dermed for skuld store delar låg under vatn…
Eit eller hint er med andre ord feil her.
Det hjàlper ikkì um snødekket er 7-10 prosent mindre under dei siste 30-40 åri. Det hjàlper ikkì um snøggleiken i reduksjonen av isen på Grønland er dublad under dei siste tvo-trì åri.
Totalt finst det 1 358 827 280 (1,35882728 × 109) Km3 vatn på jordi. Du kan tenka deg at 12927 Km3 til eikvar tid finst i form av damp i atmosfæren. Dersom alt fall som regn på ein gong, vilde det ha falle 25 mm nedbør.
USA (undanteke Alaska og Hawai’i) får totalt kring 16,68 Km3 nedbør per døgr.
For kvar dag som går fordampar i underkant av 1200 Km3 til atmosfæren.
Godt og vel 250 000 Km3 av vatnet finst i form av ferskvatn i innsjøar, vatn og elvar, men kring 29 200 000 Km3 er å finna i isbrear, Antarktis hovudsakleg ved polarne og på Grønland. Det tyder at kring 2 % av alt vatn som finst er i isform, noko som tilsegjer at det er eit fantastisk tal FN hev kome upp med, når dei hevdar at vatnet kann koma til å stiga med 64 meter… faktisk svo fantastisk at det er uråd.
Ein annan ting FN ikkì hev teke med – er sjølvsagt det Bibelen segjer um dette, men det er kann henda ikkì svo løgje, sidan dei ikkì trur på han – og avdi han stend diametralt mot deim – og det dei trur på, er å finna i Upphavsboki 8:21-22:
Og JHVH kjende den gode gimen, og JHVH sagde i sitt hjarta: «Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt, alt ifrå ungdomen. Og eg vil aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde. Heretter skal sånad og skurd, og kulde og hite, og sumar og vinter, og dag og natt aldri taka ende, so lenge som jordi stend.»
Ære være Gud, som var, er, og vera skal frå æva til æva.

2 kommentarer:
Ser fram til at det kommer mere.
Leser også innleggene dine på nettutgaven til NI ,som er svært bra.
Takk for det.
Legg inn en kommentar