31 mai, 2007

Staten – eit fordyrande millomlìd

Ev du skulde vera lysten på å setja litt pengar til sides, kenner du visseleg til ordi ”fordyrande millomlìd”. Eit enkelt søk på dette på nettet (google.com) gìv 28 200 treff. Me er vane um å snakka um fjerning av fordyrande millomlìd, for um vågnadleg å gera det me skal kaupa billegare. Ein engrosforhandlar er eit sovore millomlìd, og jamvel kasseraren i banken (i det minste um me skal tru banken sjôlv, som helst vil ha oss alle yver på elektroniske pengar, og det svo snøgt som råd er).

Jamvel sit me som fuglar på ei straumsnor og stirer oss blinde på at staten er og vert eit fordyrande millomlìd i stendig aukande grad. Og skulde nokon protestera – svo er det sjeldsynt at nokon lyfter på bryni og gid bry seg.

Kvifor er det sovore blitt?

Kvifor denne laissez-faire haldningi til eitt av dei viktugaste spursmåli – i vår tid? Er det nokon som er viljuge til å diskutera dette?

Kvifor ikkì?

Denne skribenten meiner det er på høg tid å ta i tu med vandskane – og byrja å ta andsvar. Det handlar ikkì um egoisme – dette – det handlar um nestekærleik – ein nestekærleik, som i pakt med Herrens ord botnar i sjølvisleik.

Høh? Sjølviskleik? Er ikkì dét det same som egoisme då?

Nei, ikkì heilt.

Hugs at når Herren Jesus segjer: ”Du skal elska Herren din Gud, av heile ditt hjarta, all di sôl, og all di makt – og din neste som deg sjølv”.

Det tingar at ein, for å elska sin neste, må elska seg sjôlv fyrst. Den som ikkì elskar seg sjôlv, kann nemleg heller ikkì elska sin neste – avdi han, ev han ikkì elskar seg sjôlv, hatar seg sjôlv, eller fornækjer seg sjôlv – og difor naudsynleg anten hatar eller fornækjer sin neste.

Den som fornækjer sin neste, neittar at ogso nesten hev rettar til sumt og turv eit og anna. Det er like ille som å neitta Gud, segjer Jesus.

Og skulde du tru at dette er i strid med Paulus, tek du såre feil. Han snakkar ikkì um å hata seg sjôlv, men å hata den vonde lysta i oss.

Kva hev svo dette med staten sine yvergrìp å gera? Rett enkelt at kvart menneske, kvar enkeltperson, hev sine rettar; slìk det til dømes er ført i pennen i den amerikanske sjølvstendeerklæringi:

”Me held desse sanningar som sjôlvinnlysande, at alle menneske er skapt likeverdige, og at dei frå skaparen si side er gìve visse urokkelege rettar, og at i millom disse er retten til liv, fridom og retten til å søka si eiga lukke. For å tryggja desse rettane er det sett fram stjorn millom menneska, som heimtar makti si frå deim dei stjornar, og at når ei stjornform blir øydande i samband med desse rettane, stend det i folket sin rett å brigda eller taka fråstand frå henner, og innsetja nye stjornarar, som legg grundvolden sin på sovorne prinsipp og organiserar makti si på eit sovore vis, som for deim skal synast mest sakssvarande for å tryggja deim og deira lukka.”

Når staten vert eit fordyrande millomlìd, er staten kome svo langt at han alt er stend i brôt med desse prinsippa.

Difor kann me spyrja, og vita at Gud er med oss: Er det på tide med ein revolusjon?

7 kommentarer:

Helge Samuelsen sa...

Godt gjennomtenkt og friskt utspill. Dessuten forfriskende å se noen skrive et så levende språk!

Storstrand sa...

Takk for det. Fylg gerne med vidare.

oddelv sa...

Kan staten bli noe annet,siden "verden ligger i det onde" ?

Storstrand sa...

Tja, jo... eg skynar kva du meiner, men stjorni (myndighetene) er innsette av Gud --- så det er vel neppe heilt dekkande å vurdera det sosso.

oddelv sa...

Når staten mister sin rolle, skjer dette:
Mika 4:
Merk spesielt v.4:

I de siste dager skal det skje
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfestet høyt over alle fjell
og løfte seg opp over høydene.
Dit skal folkeslag strømme.
2 Mange folk drar av sted og sier:
«Kom, la oss gå opp til Herrens fjell,
til Jakobs Guds hus,
så han kan lære oss sine veier,
og vi kan ferdes på hans stier.
For Herrens lov skal gå ut fra Sion,
Herrens ord fra Jerusalem.»
3 Han skal skifte rett mellom mange folk,
felle dom for mektige folkeslag langt borte.
De skal smi sine sverd om til plogskjær
og spydene til vingårdskniver.
Folk skal ikke lenger løfte sverd mot folk
og ikke lenger lære å føre krig.
4 Men alle skal sitte trygt,
hver under sitt vintre og fikentre,
og ingen skal skremme dem.
For Herren, Allhærs Gud, har talt.
5 Alle folkene vandrer,
hvert i sin guds navn;
men vi skal for evig og alltid vandre
i Herren vår Guds navn.

Herren skal samle og lede sitt folk
6 Den dagen, lyder ordet fra Herren,
vil jeg samle inn de haltende,
kalle sammen de fordrevne
og dem jeg har fart ille med.
7 De haltende gjør jeg til en rest,
de bortdrevne til et mektig folk,
og Herren skal være konge over dem
på Sion fra nå og til evig tid.

Israels frelse fra fangenskapet
8 Du Sions gjetertårn og vakthaug,
til deg skal det en gang komme,
det herrevelde du hadde før,
kongemakten i Jerusalem.
9 Men nå, hvorfor skriker du så sårt?
Er det ingen konge hos deg?
Er han som rår over deg, blitt borte
siden du vrir deg som i fødselsveer?
10 Skrik og vri deg, Sions datter,
som en fødende kvinne,
for nå må du dra bort fra byen
og bo i ville marken.
Du skal komme til Babel, men der blir du berget.
Der vil Herren løse deg ut
fra dine fienders hånd.
11 Nå har mange folkeslag samlet seg mot deg.
De sier: «Sion er vanæret,
vi ser på henne med skadefryd.»
12 Men de kjenner ikke Herrens tanker
og forstår ikke hans plan:
å samle dem som korn på treskevollen.
13 Stå opp og tresk, du Sions datter,
for jeg vil gi deg horn av jern,
og du skal få klover av kobber.
Du skal knuse mange folk
og vie deres bytte til Herren,
deres gods til hele jordens herre.
14 Nå risp deg opp, du kringsatte datter!
De har kastet opp en voll imot oss.
Med en stav slår de Israels hersker på kinnet.

Storstrand sa...

Trekk du det ikkje litt langt no? Det er ikkje når staten misser si makt dette hender - men når Jesus inntek stillingi si som Messias og konge på Zion...

oddelv sa...

Ja, nettopp !