26 april, 2007

Når helvetes portar er i ferd med å få makt yver kyrka…

Då Jesus snakka til og blessade Peter, eller Kefa, som han eigenleg heitte, sagde han at “dødsrikets portar” aldri skulde få makt yver henne. Men kva um helvetesportane vert opnad – og kristne strøymer inn der – utan å sjå seg attende?

Eg meiner sjølvsagt eit ekumenisk samarbeid med den romersk-katolske kyrka. Ope og ærleg – slær eg det fast svo det dundrar: Dette er ikkì ei kristen kyrka – men eit system som representerar satan (jfr 2Kor 11:14).

I det seinaste hev det vore sagt mykì um kor vìktug det er å “drikka or den udelte kyrka sine kjeldor”.

Men kva er den udelte kyrka? Hev “kyrkja” som åndeleg eining nokon gong vore udelt?

Javisst skynar eg kva dei siktar til. Dei siktar til skilet millom austkyrka og vestkyrka i 1054 – men same korleides me snur og vender på det – var det eit skil som vann fram der dei (framleides då) lìvande kristne braut ut or samverskapet med den fråfalne romarkyrka.

Me kann ikkì ta oss råd til å venda attende til samarbeid med denne falske einingi, ev me skal vinna fram til himmelen.

Kyrka sin einskap ligg berre i ein ting: Jesus. Og Paulus snakkar um dette i 1Kor 12:

“For likamen er ikkje heller ein lem, men mange. Um foten vilde segja: «Då eg ikkje er hand, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer han då like fullt med til likamen. Og um øyra vilde segja: «Då eg ikkje er auga, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer det då like fullt med til likamen. Dersom heile likamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti? Men no hev Gud sett lemerne, kvar ein av dei på likamen, so som han vilde. Men dersom dei alle var ein lem, kvar vart det då av likamen? Men no er det mange lemer, men ein likam.”

Det er naturleg at det er mange lemer. Handi hev ei uppgåve, føterne ei anna. Augo hev ei uppgåve, øyro ikkì det same. Blindtarmen hev sin funksjon, og levra si. Milten hev ein funksjon og kynsorgana sine funksjonar. Men kann – og skal ikkì vera like – det er det som ger kristendomen svo rik som han var. Me er samde i og med det at me høyrer til same lìkam.

Ingen del av lìkamen skal stjorna yver ein annan. Heller ikkì skal noko kyrkjesamfunn råda yver eit anna. Paulus åtvarar mot dette i det fylgjande verset:

“Auga kann ikkje segja til handi: «Eg treng ikkje til deg,» eller hovudet til føterne: «Eg treng ikkje til dykk.» Men tvert imot: dei lemerne på likamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege. Og dei lemerne på likamen som syntest oss mindre æra verde, deim klæder me med større æra; og dei lemerne våre som me blygjest ved, deim klæder me med større blygd. Men dei lemerne våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett likamen soleis saman, at han gav det ringaste størst æra, so det ikkje skal vera tvidrag i likamen, men at lemerne skal hava same umsut for kvarandre. Og um ein lem lid, so lid alle lemerne med, eller um ein lem vert heidra, so gled alle lemerne seg med.

I staden burde lìkamen – den relle lìkamen (kyrka) venda seg til hovudet (Kristus; Messias) i tru – og segja; “Far, fjern denne protesen frå meg – han skader alle dei adre – ger som du gjorde i forn tid – gìv meg ei ny lem, i staden for den som er visnad”.

Du skynar kven eg meiner når eg snakkar um “protese” og “visnad lem”. Det er romarkyrkja. Ho er roti til alt vondt i denne verdi – og serleg i kyrka.

Det er på tide at kristne vaknar og skynar dette no. Ev det er sant at alle vegar leider til Rom, svo er det på tide å anten bygga nye vegar – eller halda seg til tog, fly og båt.

Den som samarbeider med romarkyrkja – vert som den som slåst med feiaren.

0 kommentarer: