30 mars, 2007

Blessa du huset, Gud

I går skreiv eg um det jordnære i den keltiske tanken. Det vil eg på sett og vis halda fram med i dag. Men no skal eg avgrensa meg til huset. Me hev ein tendens til å lata Gud vera Gud eine og åleine i kyrkja – og det tykkest som um mange kristne hev gløymd at Gud ikkì berre er allmektig – men at han ogso er allstadsnærverande. Ikkì minst er Gud i heimen vår. På same måten som ortodokse jødar brukar mezuzot på dørane sine (sjå burt frå at sume brukar det som eit magisk remedie), bør me tenkja som det stend i tekstrullen som ligg i mezuzaen. At Gud er alle stader, til alle tider, alltid – som ogso ligg i namet hans. Difor lyt me ogso bed Gud um å senkja sitt nærvære yver heimen vår:
Gud, blessa[1] du huset, frå golv til takstol, frå bjelke til vegg, frå ende til ende, frå mynsås til kellar, frå himling til tak, frå grundstein til tak, grundstein og tak.

PS! Dette vert truleg siste bloggen fyrr påske. Velkomen att um halvanna vìke.

_______________

[1] Du er kann henda uvand med ordet «blessa» i staden for å signa. Men det finst ein teori um at ordet blessa kem frå «blæsa» - altso luft i rørsle – at det altso ligg i ordet «anda på meg, Gud», underforstått, «lat di heilage ånd vera med meg». Det høver godt med både det græske ordet «pneuma» og det hebraiske ordet «ruach» som tyder «vind» og «ande».

0 kommentarer: